Karrieredagen 2012

Karrieredagsstyret er spente før den store dagen. Foto: Pia Lehtinen

Torsdag 9. februar blir Karrieredagen 2012 arrangert på Campus Grimstad, og 80 bedrifter har meldt seg på. Det gjer tilstellinga til ei av dei største i sitt slag.

Karrieredagsstyret er spente før den store dagen. Foto: Pia Lehtinen

Ein dag med 80 bedrifter

Totalt sett er det 80 bedrifter som er med på karriedagen i Grimstad i år. Det er alt frå dei små, lokale til dei større, internasjonale verksemdene. Kvar bedrift høyrer til minst eit av områda teknologi, økonomi og media. Bedrifter med gullsponsoravtale presenterer seg frå klokka 11 til 13 den 9. februar. Dette gjeld Aker, National Oilwell Varco, Skanska og Veidekke/Br. Reme. Dei gjer også speedintervju med studentar etter avtale utover dagen. Klokka 13 følgjer fellesopning med velkomsttalar og framvising av ein kort film om universitetet og samarbeidspartnarane det har i dag. Karrieredagen er ferdig klokka 17, og to timar etter det startar karrierekveld på Bluebox. Der blir det underhaldning med ein standup-komikar og deretter ein festkveld med musikk. Bedriftene kan også delta.

Frå studie til jobb

– Det skal bli muligheit for å få informasjon om og kome i kontakt med aktuelle arbeidsgivarar for framtida. Det er noko som vi fokuserer veldig på i år. Vi skal engasjere studentane mykje meir og gjere dei bevisst om dagen: om korleis dei førebur seg i forkant, om kva dei kan gjere på dagen og kva dei kan gjere i etterkant for å oppretthalde kontakten. Dette er både med tanke på sommarjobb og framtidig arbeidstakar.
Ifølgje medlemer av karrieredagsstyret er det viktig å begynne tidleg med å bygge nettverk, gjerne allereie i første eller andre studieåret.
– Karrieredagen er ein unik muligheit for å bygge nettverk. Bedriftene er oppriktig interessert i å kome i kontakt med studentane.
Styremedlemene meiner at det viktig for studentar å bli motiverte til å ta steget inn i karrieren og informere seg om korleis ein kjem inn dit. Dei kjem til å stå på stand i universitetshallen fram mot sjølve karrieredagen for å informere studentar, og kjem då til å dele ut lister med kva studentar bør gjere før, under og etter denne dagen. Arrangementet er også for studentar frå universitetsavdelinga i Kristiansand, så det skal kome informasjonsstand også dit.

 

Tekst: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*