Det er lov å seie ein er flink

Då er eg tilbake igjen på norsk jord etter tre fantastiske månadar i San Francisco med masse jobbing, studering og moro på Gründerskolen. Tida gjekk så alt for fort, plutseleg er eg tilbake på UiA.

På toppen av Twin Peaks. Foto: Hanne Kristiansen

Du lurer kanskje på kven eg er? Mitt namn er Sunniva Berge Mo og eg studerer økonomi og administrasjon ved UiA. No har eg eitt år igjen på masteren min i internasjonal leiing og strategi før eg er utdanna siviløkonom. Denne sommaren har eg eg vore student ved studieprogrammet Gründerskolen i San Francisco, den californiske «byen med det rare i».

I løpet av studietida mi har eg lengta etter ei meir praktisk vinkling på undervisninga, då eg tykkjer det ofte blir i overkant teoretisk. Då eg fekk høyre om Gründerskolen og deira studieprogram av kjente vart eg veldig nysgjerrig og bestemte meg for at dette var noko eg ville søkje på. Gründerskolen er eit prisvinnande studieprogram for deg som ynskjer å lære meir om forretningsutvikling, og oppleve dette på nært hold i nokre av verdas beste
innovasjonsmiljø.

Du har mogelegheit til å reise til Boston, Houston, San Francisco eller Singapore for eit tre månadars utanlandsopphald. Der kombinerer ein arbeidspraksis i ei teknologibasert oppstartsbedrift med studiar ved eit lokalt universitet. I år var det 318 søkjarar til Gründerskolen, 146 fekk tilbod om studieplass. San Francisco var ein spesielt populær destinasjon i år, då heile 156 søkjarar hadde den amerikanske byen som fyrste prioritet. Eg var ein av dei 36 heldige som fekk reise dit og no vil eg gjerne fortelje deg litt om opphaldet mitt.

San Fransisco fra sjøen. Foto: Hanne Kristiansen

Grytidleg ein torsdagsmorgon i juni gjorde eg meg klar til å ta fatt på reisa mi over til «Uniten». På Bergen lufthamn tok eg farvel med Noreg for denne gong. Eg hadde masse sommarfuglar i magen for eg hadde ikkje akkurat ein klar idé om kva eg bedrog meg ut på. Uansett, så visste eg at det kom til å bli ein minnerik sommar og ei verdifull erfaring.

Dei to fyrste dagane deltok me på noko kalla «match making». Bedriftene som var med i programmet presenterte seg ein og ein. Etterpå snakka me med dei me tykte var interessante og prøvde å fanga interessa deira. Jobbfordelinga føregår nemlig i konkurranse med dei andre studentane, så det var viktig å vere litt frampå. Deretter tok ein vidare kontakt med dei verksemdene ein ville og prøvde å skaffe intervju.

Get Satisfaction var den fyrste bedrifta eg var på intervju hos og der enda eg opp. Bedrifta jobbar med å forbetre kommunikasjonen mellom bedrifter og kundane deira ved hjelp av ein online plattform. Leiaren for marknadsføringsteamet og eg kom veldig godt overeins på intervjuet og etter det så jobba me saman kvar dag. Internshipet mitt bestod blant anna av å hjelpe til med å produsere innhald til heimesida, undersøkje og innhente informasjon, og så fekk eg hovudansvaret for produksjonen av ein ny bedriftsvideo.

I sofakroken hjå Get Satisfaction. Foto: Hanne Kristiansen

Det sist nemnte var det kjekkaste prosjekt å jobbe med sidan eg aldri har produsert ein video før. Eg blei på ein måte berre kasta ut i det, sjølvsagt med assistanse frå andre. Då me var eit veldig lite team var det viktig at eg kunne jobbe sjølvstendig, noko som eg likar. Videoen var det største prosjektet eg jobba med og eg er sjølvsagt veldig stolt over resultatet. Folka eg jobba med har sjølvsagt mykje å seie for at eg likte meg så godt i verksemda. Dei var så veldig taksame for at eg var der og satt umåtelig stor pris på bidraget mitt. No saknar eg dei og håpar på å sjå dei att.

I tillegg til å arbeida i ei lokal bedrift, så hadde me førelesningar éin gong i veka på University of California, Berkeley, som er rangert som eit av verdas beste universitet. Førelesarane var sjølve gründerar og hadde masse erfaring frå arbeidslivet dei kunne dele med oss. Vidare jobba me i grupper på fire, kvar gruppe med ein forretningsidé. Me skreiv både ein forretningsplan og munnleg presenterte ideane våre som ein del av eksamen. Noko av det eg tykkjer er så bra med studieprogrammet er at dei samlar studentar frå mange ulike fagfelt. Dette fører til eit bra læringsutbyttet, då folk har ulike kunnskapar, måtar å gjere ting på og forskjellige synspunkt. Gründerskolen samla masse flotte, talentfulle, smarte og kjekke folk i San Francisco denne sommaren.

Sjølv om det var mykje jobbing, så fekk me jo oppleve mykje utanom skule og jobb medan me var der borte. Eg var blant anna på tur til Lake Tahoe, nasjonalparken Yosemite, Las Vegas og Grand Canyon, fekk besøkt fengselet Alcatraz, vinområda Napa og Senoma, var på segltur på San Francisco bukta og sjølvsagt så fekk eg utforska byen. Fekk også mogelegheit til å besøkje Google og Innovasjon Noreg sitt Innovation House i Silicon Valley.

Når eg ser tilbake på sommaren min så er kanskje det viktigaste eg har lært at det er lov å seie ein er flink. Det er lov å skilje seg ut og ha trua på seg sjølv. Har ein trua på seg sjølv, så får andre det også. Som student på Gründerskolen har eg fått opplevd mykje og sit igjen med ei erfaring som er veldig verdifull for meg. Interessa mi for innovasjon og entreprenørskap og draumen om å starta noko byrja eigentleg då eg starta på universitet og blei medlem av Start
UiA
. Eg vil oppmoda deg til å ta eit eller fleire av entreprenørskapsfaga som vert tilbydt ved UiA.

Uansett om du er ivrig på å bli gründer eller om du berre er nysgjerrig og vil lære meirom forretningsutvikling, så kom igjen og søk, fristen er 15.oktober! Møt også opp på informasjonsmøtet vårt måndag 8.oktober kl.16.15 i B2 001 ved Campus Kristiansand for meir informasjon. Ser fram til å sjå deg der!

  • www.grunderskolen.no
  • 22 84 09 21 / info@grunderskolen.no
  • www.facebook.com/grunderskolen

Tekst: Sunniva Mo Berge – red@unikumnett.no

Foto: Hanne Kristiansen

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*