Et varmt møte med Mikhael Paskalev

Me har med god margin sett foten innanfor oktober; temperaturene snirklar seg nærmare null for kvar dag som går, og haustmørket har for alvor senka seg.

Mikhael Paskalev på Østsia. Foto: Jesper Idand

Det mangla likevel verken varme tonar eller god stemning når Mikhael +band spelte opp på Østsia, førre torsdag.

Før Paskalev entra scena skulle me varmas opp av oppvarmingsbandet Ask. Eg må innrømme at eg ikkje blei gjennomvarm, men tiningsprosessen kom heilt klart i gong. Frosten byrja såvidt å sleppe taket. Dei spelte eit knippe rolege låter som gav assosisasjonar til mørke kvelder med levande lys og varme koppar med te. Little Bird heiter EP’en deira, og bør absolutt sjekkast ut om dette høyres freistande ut.

Etter ein liten pause med omrigging, hopper Paskalev opp på scena. Det er tydeleg at han er klar for konsert, og byrjer like greit med eit par låter som han framfører på eigahand. Utan band framstår Mikhael Paskalev, naturleg nok, meir naken enn med band. Det var fint å sjå at han kan stå åleine på ei scene, men det er først når bandet kjem på at varmen
og den gode stemninga verkeleg breier seg i lokalet.

Dei speler, energisk. Intensiteten aukar. Når Paskalev midtvegs i settet bøyer seg ned etter munnspelet, veit publikum kva som kjem; I Spy. Låta han vann URØRT 2012 med – låta alle kan. Me jublar, me smeltar. Herfrå og ut er det plankekøyring for bandet, dei har oss rundt litlefingeren. Dei påfølgjande låtene, som til dømes Jive Baby og den nye Cowboy Disco, bærer Paskalev + band i mål.

Det var absolutt ein intim og varm konsert som ein kun kan håpe på at det blir fleire av utover hausten og vinteren. Debutalbumet kjem dessverre ikkje før i januar ein gong, så me får berre håpe me klarer å halde varmen så lenge…

• Stad: Østsia, Kristiansand
• Når: 04. oktober 2012
• Kva: Mikhael Paskalev + Ask

[nggallery id=5]
Tekst og foto: Jesper Idland

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*