Grimstad-studenter ønskes!

Vi i Unikum vil gjerne ha med studentar frå Campus Grimstad i redaksjonen vår. Unikum er nemleg studentavisa for heile Agder! Det er også plan om å starte podkasten Unikast.

Helt fra starten av har Unikum hatt artikler om Grimstadstudenter. Faksimile: Tidligere utgaver. (April 2001 t.v og mai 2010 t.h)

Vi treng journalistar og fotografar til å dekke det som skjer i studentmiljøet i Grimstad. Det er også behov for designarar til å pynte på layouten til bladet. Vi er dessutan ute etter grafisk ansvarleg og foto-ansvarleg og fleire stillinger. Det hadde vore moro om i alle fall minst ein av desse sjefane var student i Grimstad!

Det er møte for alle medlemmer, nye og gamle, kvar torsdag klokka 18 i STA-bygget på UiA på Gimlemoen i Kristiansand. Adressa er Gimlemoen 24.

Vi er som alle andre studentforeiningar: det vi bidrar med, er frivillig. Til gjengjeld har vi det moro på møter. Etter kvart torsdagsmøte i Kristiansand, stiller vi med eige lag i quizen på Østsia. Til no har den beste plasseringa vår vore på andreplass. Kanskje blir vi mange nok til eit lag på Bluebox også ein gong? For studentar frå Campus Grimstad, vil transportkostnadar til og frå Kristiansand med buss bli refundert.

Viss det blir mange nok, kan vi etter kvart få til lokalt redaksjonsmøte i Grimstad så ofte ein har behov for det, der vi kjem med idéar til saker og bestemmer kven som skal skrive og fotografere til dei ulike sakene. Det vil vi kome tilbake til seinare, når vi veit kor mange unikummarar (også kalla «unike») det blir i Grimstad.

Det er naturlegvis også lov å sende inn lesarbrev med meiningane sine om kva som helst på universitetet utan å vere fast journalist.

For dei som ikkje er så glade i å skrive, har eg ein annan idé:
Eg planlegg å starte opp ein podkast for Unikum med det passande namnet Unikast. Den skal i første omgang vere ein lyd-podkast og skal kunne handle om alt muleg som skjer på UiA og som interesserer studentane der: Sport, teknologi, fest, arrangement, spøk, forsking, studier osv. Det skal ikkje bare vere referat av det som skjer. Humor og eigne frie meiningar er velkomne som underhaldning.

I ein podkast er ofte nemleg praten ganske fri. Korleis podkasten blir, er avhengig av kven som blir med. Om nødvendig blir podkasten delt opp i program for sport, dataspel, diskusjon osv. Innspeling vil skje i Grimstad med skype-kommunikasjon med dei som måtte vere med frå Kristiansand.

Viss du vil vere med på å skrive, kontakt redaksjon eller ansvarleg redaktør.
Unikast-interesserte bør kontakte e-postadressa for det.

Redaksjon:
red@unikumnett.no

Ansvarleg redaktør Pål Rake:
paal.rake@unikumnett.no

Podkast:
unikast@unikumnett.no

Vi håper på å sjå deg!

Tekst: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no

Foto: Faksimile av tidligere utgaver

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*