BetaLAN #6 er i gang!

I år som i fjor arrangeres BetaLAN i konsertsalen i Bluebox, Grimstad. Lurer du på hva et BetaLAN er kan du her lese vår sak om arrangementet i 2011.

POPULÆRT: Det var mange som tok turen til BetaLAN i Bluebox, Grimstad for et år siden. (Foto: Targeir Attestog)

Frå 11. til 13. november blei BetaLan arrangert for fjerde gong i Grimstad. konsertsalen i Bluebox, studentkulturhuset til UiA, var full av spelinteresserte som (hadde møtt)møtte opp for å hygge seg med PC-spel i eit lokalt nettverk.

Bakgrunn

Klokka 19 fredag kveld blei det fjerde BetaLan offisielt opna. Då var dei utplasserte borda i salen i Bluebox fylt med PC-ar av ulike fasongar. Det var også rigga fleire PC-bord på scenen og nokre få oppe på verandaen ein etasje opp inne i salen. Ut på kvelden og natta begynte konkurransar i nokre utvalte spel.

Beta er foreininga til datastudentane i Grimstad, og det tilhøyrande styret og LAN-gruppa er ansvarlege for dette arrangementet. BetaLan har funne stad kvart semester sidan våren 2010. Denne gongen har det fått støtte frå ni sponsorar. Blant dei er Sørbok Kulturfond og nettverksleverandøren Atea. Sistnemnte har bidrege med noko gratis nettverksutstyr og ein del utstyr til god pris.

«Grunnen til at vi arrangerer BetaLan er at folk liker å vere sosiale, dei liker å konkurrere og også det å spele generelt.» forteller Jon Vegard Jansen, leiar i Beta. «Beta har ikkje noko julebord. Det er ikkje fordi vi ikkje vil ha det, men fordi vi prioriterer LAN-et.»

Mange av deltakerne er datastudenter på første til tredje studieåret, men det var fleire studenter frå andre studiar, til dømes multimedia. Til og med nokre studentar frå Kristiansand tok seg turen til Bluebox. Totalt var det godt 67 personar som deltok.

Spel og strid

«Mest aktivitet er det når det er compoar (konkurransar), det vil seie frå rundt klokka 8-9 fredag kveld til 2-3 om natta. Neste aktive periode er frå klokka to laurdag ettermiddag til vi sluttar.» sier Jansen. I konkurransane gjer deltakarane mange forsøk på å køyre raskast i det gratis racerspelet «Trackmania Nations Forever» eller å klare seg lengst i
skytespelet «Counter-Strike». Det blei også konkurrert i strategispela «Starcraft»og «Red Alert 2». Det gamle, men gode
bilspelet «Mario Kart 64» førte til særs entusiastisk kappestrid.

«Compoane er veldig populære, og vi prøver å imøtekomme ønsker om nye. Tidsskjemaet er dessverre nå så fullt at viss vi skal ta med noko nytt no, må vi fjerne noko anna.» fortel leiaren for Beta. Deltakarane spelte også med og mot kvarandre, men og åleine i andre spel og uoffisielle konkurransar. Populære spel på LAN-et utanom compoane var splitter nye «Battlefield 3», «Call of Duty: Modern Warfare», «Elder Scrolls V: Skyrim» og «Leage ofLedge». Det lokale nettverket var kopla til ei linje på 100 megabit per sekund til Internett. Med stor pågang på linja blei det likevel låg nedlastingsfart. Ein deltakar nemnte at ein skulle gjerne ha hatt ei raskare linje mot Internettet. Kommunikasjon på det lokale nettverket gjekk derimot heilt problemfritt.

Finale

Laurdag kveld var det finalar i dei ulike spelkonkurransane. Nokre av dei blei vist fram
på storskjerm, med ivrige kommentatorar. Dei som tapte i innleiande rundar fekk nye sjansar i ein slags semifinale i nokre av konkurransane. Det var faktisk eit slikt «taparlag» som stakk av med sigeren i Counter-Strike. Rundt klokka halv tre natt til søndag blei gjeve premiar, som SSD-disk og Star Wars- figurar, delt ut til vinnarane av dei ulike konkurransane. Det vellykka arrangementet var tok slutt søndag formiddag.

Denne saken stod først på trykk i desembernummeret 2010.

Tekst og foto: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*