Where to party like it’s 1999 – ein utelivsguide for Kristiansand

Denne utelivsguiden er ingen eigentleg «utelivsguide», kanskje heller mitt bilete av utelivet i Kristiansand.

FULL FEST: Er du ny student i år, kan du kanskje få nokre tips frå denne utelivsguiden. Biletet er frå årets Studiestartfestival i Kristiansand (Foto: Thomas Hegna)

 

Etter tre fuktige år som student i byen meiner eg å ha opparbeidd ein viss kompetanse på området og vil her freiste å formidle noko av det eg har lært. Nokon fasit er det så absolutt ikkje, så ikkje bli sur om du finn det annleis. This is from me and my partycrew to you:

Det første du treng å vite er at så godt som alle utestadane i Kristiansand har 20 års aldergrense (eller høgare). Kult nok for oss over 20, men ikkje fullt så kult for dykk andre. Det einaste verkelege alternativet for dykk som ikkje enno har blitt skikkeleg vaksne er Pir6 – studenthuset i Kristiansand sentrum. Pir6 er eigentleg ikkje eit dårleg alternativ; det har ganske kule lokale, dei har sjølvsagt dei beste (student)prisane i byen og det blir arrangert ei rekkje konsertar og arrangement der. Den første månaden etter studiestart er det gjerne her fadrane tek med andeflokkane sine av ferske, uskuldige studentar. Det beintfram koker på Pir6, og det må leggjast til at det er utanfor denne utestaden eg har stått i den lengste køen for å kome inn! Så kjem oktober og folk vil heller gå andre stader når dei skal ut på byen. Men kom igjen då folkens, me er studentar og må vel klare å støtte betre opp om vårt eige kulturhus?!

Uansett, frå oktober av finn du hovudsakleg studentane i Kristiansand på to stader, Harveys og Tollboden, som begge ligg i Tollbodgata. Harveys er ein tre-etasjers sportsbar med masse boltreplass, shuffleboards, beerpong og liknande. Tollboden er derimot ein knøttliten bar med eit minst like lite dansegolv der kvadratmeteren per person kryp farleg nær null ein laurdags kveld. I helgene er begge desse stadene som regel stappa med frisk, norsk ungdom med #yolo og #swag innprenta i beinmargen.

Tidlegare i veka er det gjerne Charlies Bar ein går på, om du er så useriøs at du drikk utanom helgenes heilage privilegium. Særskilt på tysdagane tek folk turen til Charlies for å drikke vin frå flasker som om prisane var reduserte… Og når du først har konsumert slike mengder vin skal du ikkje sjå bort ifrå at du tek turen opp trappene til Rederiet i andre etasje, som etter mi meining har Kristiansands råaste dansegolv! Her kan du «shake it loose, like a goose», #bearainbow og generelt danse frå deg alle nerver du måtte ha akkurat på det viset du måtte ynskje, anten dei er etterdønningar frå førre helg eller frå den første eksamenen som plutseleg berre var ei veke unna.

Om det er ein litt rolegare kveld du er ute etter, har Kristiansand faktisk eit veldig sterkt utval av pubar som har spesialisert seg på øl, og desse er gjerne litt rolegare stader der det fint er mogleg å berre sitte og prate. Patrikcs til dømes er ein typisk irsk pub som har byens største utval i øl, med stadige utskiftingar. Om du er ute seint på ein kvardag, kan du vere sikker på at Både& uansett har ope (kom her ein sundag til dømes, du vil bli overraska!). Også her finn du eit rikt utval i ulike typar øl. Byens yngste utestad, som knapt har blitt eit år, heiter Christianssand Brygghus og er eit mikrobryggeri. Her har dei teke saka i eigne hender og brygger beintfram sitt eige øl!

Er det ein ting eg saknar i Kristiansands uteliv, må det vere tilgang til ordentlege kaféar som har ope på kveldstid, for det finst verkeleg berre éin av slaget i byen: Frøken Larsen. Det er ein slik type kafé som får deg til å føle at du er i ein mykje større by enn den du faktisk er i. På dagtid bestiller du deg kanskje ein dobbel cortado eller ein kald hylleblomdrikk, medan du på kvelden kan nyte ein drink frå Kristiansands kanskje beste cocktailbar samstundes som DJ-en spelar feite beats frå Oslo som mest er for feite for litle Kristiansand.

Takk for meg! Hugs at dette berre er min versjon. Bruk den for det den er verd, men viktigaste av alt er at du utforsker utelivet på eiga hand. Bli kjent med folk, prøv ut nye kneiper eller finn din faste stad. Og du: velkomen til Kristiansand skal du vere, og hjarteleg god studiestart! Lykke til! #alwaysparylikeits1999

Tekst: Jesper Idland – jesper.idland@unikumnett.no

Foto: Thomas Hegna – thomas.hegna@unikumnett.no

Denne artikkelen ble først publisert i papirutgaven august 2013.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*