Liten og stor jubel på valvaker på Alibiet og Ernst

Det er åttetida ein måndagskveld i august og folk begynner å strøyme inn på Alibiet på Gimlemoen. Linjeforeiningane Rhetorica, Politicus og Politicus Master arrangerer valvake for studentar med alle slags politiske meiningar.

Valvaka til Venstre med gjestar frå Piratpartiet.
Valgvaka på Alibiet

Rundt i lokalet ligg det politisk materiell frå omtrent alle norske parti. Trass i mange ulike meiningar, klarte ein stor gjeng på rundt 40 studentar å hygge seg saman med politikk og moro. Studentpartia var ikkje formelt til stades på Alibiet, og grunnen til det var nok at medlemene var på valvakene til moderpartia, blant anna på Ernst hotell i Kvadraturen. Stemninga i konferansesalane på hotellet var meir høgtideleg og formel. Folk gjekk i dress og kjole, og alle såg ut til å vere glad på eit eller anna vis etter at valdagsmålinga kom. Høgre og Arbeidarpartiet heldt til i salar ved sidan av kvarandre i underetasjen. Arbeidarpartiet jubla over at dei hadde fått eit uventa godt resultat, mens Høgre var glade for borgarleg fleirtal. Begge skrytte av valkampinnsatsen til seg sjølv og ungdomspartia sine.

Arbeidarpartiet til venstre og Høgre til høgre. Partia heldt til i naborom i kjellaren til Ernst.

Det var nok også jubel i lokala til Framstegspartiet Venstre og Kristeleg Folkeparti, men Unikum kunne ikkje vere på fleire plassar på same tid. Jubelen til Venstre fekk vi med oss seinare på kvelden. I salen deira sat endå eit parti og jubla over kvar stemme dei fekk: Piratpartiet. Unge Venstre hadde invitert dei til å vere med, sidan dei ifølgje begge partia, har ein del felles punkt på programmet. Den store skilnaden var at Venstre jubla over å kome over sperregrensa, mens Piratpartiet jubla over å kome over ei privat sperregrense på 5000 stemmer, slik at dei slepp å samle nye underskrifter. Stemninga i det lokalet hadde eit litt mindre formelt preg, med absolutt ikkje utan stil. Det same var tilfelle hos Framstegspartiet. Unikum fekk vite at det partiet hadde for bare ei veke sidan fått eit eige studentlag på UiA, så no finst det heile seks studentpartilag på Agder.

Venting på valresultat med Framstegspartiet.
Elisabeth Mathisen, leiar for Politicus Master

Samtidig på Alibiet var det avslappa og uformell stemning med politisk quiz. Ifølge Elisabeth Mathisen, leiar for Politicus Master, er quizen for alle, og ein treng ikkje tunge, politiske kunnskapar for å klare den. Då Unikum var innom blei det verken observert jubel eller gråt. Som det kom fram på valsendinga vist fram på dei to filmlerreta, hadde alle stortingspartia eit eller anna å glede seg over. Det einaste av dei som enda opp under sperregrensa var nykomaren Miljøpartiet Dei Grøne, som av historiske grunnar ikkje hadde noko å klage over. Ut frå tilfeldige samtaler fekk Unikum inntrykk av at det var tilnærma jamn fordeling mellom venstre- og høgresida i salen på Alibiet, men kanskje ei lita forskyving mot venstre.

Mest å glede seg over fekk likevel dei som held seg til den politiske høgresida. Velkomen til Noreg i grønt, gult og blått, studentar!

Tekst: Targeir Attestog targeir.attestog@unikumnett.no

Foto: Thomas Hegna red@unikumnett.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*