Noreg – eit land med pengar, olje og moglegheiter

I studieåret 2012/13 var Mario Klohn på utveksling til UiA Grimstad. Han gjekk på eit studieprogram som kombinerer økonomi med ingeniørvitskap og kom frå studiestaden Stralsund Fachhochschule i nordaustlege Tyskland. Rett før heimreisa, sendte han følgjande oppsummering av sitt norske studentliv til Unikum.

Mario Klohn var på utveklsing frå Fachhochschule Stralsund til UiA Grimstad i studieåret 2012/13.
Mario Klohn var på utveklsing frå Fachhochschule Stralsund til UiA Grimstad i studieåret 2012/13.

 

Først og fremst vil eg seie at eg har studert i Grimstad og ikkje i Kristiansand. Begge avdelingane høyrer til det same universitetet, men i Grimstad studerer ingeniørar, sjukesystrer og framtidige grunnskule- og førskulelærarar, mens det i Kristiansand er bedriftsøkonomi, litteratur og alle andre studentar. Derfor er talet på studentar i Kristiansand rundt 6500 studentar, som er betydeleg meir enn dei rundt 2500 i Grimstad.

Planlegginga mi har som for alle andre begynt med påmeldinga til, og godkjenninga av, IWI-programmet (IWI = Internationales Wirtschaftsingenieurwesen, internasjonalt studieprogram for økonomi og ingeniørvitskap). Derifrå blei vi så sakte, men sikkert førebudd på utanlandsopphaldet vårt gjennom eit ekstra engelskkurs, som eg bare kan anbefale. Av alle land eg kunne velje mellom ville eg absolutt til Norden, der det første målet mitt var Finland, men sidan finnane etter min smak har gitt ut for lite informasjon på engelsk spurde eg på IWI-kontoret etter alternativ. Etter eit kort søk kom ein eldre avtale frå Noreg opp i dagen. Då slo eg slo til med ein gong, for Noreg er kjent for tyskarar som arbeider der, gode engelskkunnskapar og eit særs godt budsjett for utdanning og skular. At Noreg har eit vedunderleg flott landskap, like flotte som menneska er, nemner eg bare fordi det burde vere kjent frå før.

Flott norsk landskap i Grimstad-området, som artikkelforfattaren skryt av. Biletet er tatt på ein tur med friluftsstudentforeininga Fjell og Fjære (Foto: Mario Klohn)
Flott norsk landskap i Grimstad-området, som artikkelforfattaren skryt av. Biletet er tatt på ein tur med friluftsstudentforeininga Fjell og Fjære (Foto: Mario Klohn)

Å søke seg til universitetet gjekk heilt utan problem. Ofte var det svært godt skildra kva som blei tatt opp i eit fag eller ikkje, om det var gruppearbeid eller innlevering, og om forelesingane blei haldne på engelsk eller norsk. Likevel finst det i Noreg litt eldre professorar som riktig nok kan engelsk, men som ikkje har brukt det på fleire år og derfor ikkje heller ikkje prøver å tale det. Eg hadde eit slikt tilfelle for ei gruppeinnlevering. Mine norske gruppemedlemer hadde ingen problem med å skrive innleveringa på engelsk og professoren godkjente den også like fint. Det nemnte kurset gav 5 studiepoeng. Det er den minste poengsummen eit kurs kan ha. Slik var det ingen problem for meg å få 30 studiepoeng. Det er bare kolliderande forelesingstimar når ein også tar eit masterkurs som vanlegvis blir halde på engelsk.

Etter å ha vald faga, lært engelsk og tatt kontakt med eit par tyskarar på universitetet, bar det av garde. Reisa skjedde utan problem med tog og ferje, bortsett frå at reisa var lang. Frå Schwerin til Hirtshals etter 13 til 17 timar, ferje på 4 timar og så håpe at ein ikkje kjem i land etter midnatt, for etter det går det ikkje fleire bussar frå Kristiansand til Grimstad. Den bussturen tar 45 minutt. Eg har for det meste forsøkt enten å ha ei lengre togreise slik at eg kjem med ferja ved middag, eller å spørje venner og kjenningar om å køyre å bli køyrt eller å få sove hos dei. Det er alltid utvekslingsstudentar som kan tilby soveplass hos seg i ein slik situasjon. Facebook kan verkeleg vere nyttig. Til nød kan ein alltid lokke med litt øl eller sigarettar.

Då eg kom til Grimstad, bar det først til rettleiaren for utvekslingsstudentane. Frå han fekk ein nøkkel, romnummer, studentkort og andre nyttige saker. Romma blei bestilt på ein lettvinn måte via Internett på førehand. Ein sender enkelt og greitt søknad, får kontrakt, skriv ut, skriv under og sender tilbake. For internasjonale studentar blir det alltid reservert hyblar. Alt etter kor ein søkjer, har ein ein veg på fem eller tjue minutt. Hyblane rett ved universitetet er flotte og ser ikkje gamle ut, altså absolutt tilfredsstillande. Inventaret inkluderer ei til to senger, ei ekstra kostnadspliktig internettilkopling via kabel, stol og bord og så vidare, men ikkje noko sengetøy. Det er som i dei fleste herberge i Noreg bare ein madrass og ei sengeramme å finne! Bare på grunn av dette anbefaler eg å reise hit med tog. Naturlegvis kan ein kjøpe sengetøy og/eller sovepose her til ein rimeleg pris.

Fadderar reklamerer for Pubræs ved studiestart 2012. Artikkelforfattaren er ikkje heilt fornøgd med norske alkoholprisar. (Foto: Mario Klohn)
Fadderar reklamerer for Pubræs ved studiestart 2012. Artikkelforfattaren er ikkje heilt fornøgd med norske alkoholprisar. (Foto: Mario Klohn)

 

Sidan vaskekonene på universitetet tener minst 30 euro (240 kroner) i timen, er livskostnadene samsvarande høgare enn i Tyskland. Generelt kan ein rekne med tre eller fire gongar det tyske nivået.
Ei lita opplisting:

– Bustad = ca. 500 € / 4000 kr
– 10 sigarettar = minst 7 € / 56 kr
– 1 liter billig øl som smaker vatn = 6 € / 48 kr

Ved innkjøp av mat kan ein med god merksemd på supermarknaden finne røvarkjøp som for eksempel 1 kg spagetti for ca. 1,50 € (12 kr). Totalkostnadene for ein månad blir gjerne over 1000 € (8000 kr). På BAföG-utvekslingsstipend kan ein håpe, men det det burde ein ikkje, for den maksimale satsen ligg på rundt 600 € (i alle fall var det slik i 2012), og sjølv om ein får det, varte det bare for meg i 4-5 månader før det tok slutt. Ein klarer seg ikkje, eller veldig dårleg, utan hjelp frå foreldre.

Livet på universitet i tillegg til tilbod på fritidsaktivitetar er meir fleirsidig i Kristiansand enn i Grimstad. Likevel kan ein ikkje klage over at det er keisamt. Det er mange sportsforeiningar som ein kan melde seg inn i. Ein kan vandre rundt i landskapet, der det det alltid er noko å sjå på med undring. Når det verkeleg ikkje er noko å gjere, besøker ein nye venner, som enten gleder seg over at du blir med på det dei driv på med, eller dei gjer noko i hop med deg, og det kan vere noko så enkelt som å drikke te saman. Ved eit slikt høve kan ein også forsøke å lære seg litt norsk, for sidan det generelt sett samsvarer ei blanding av engelsk og tysk, er det veldig lett å lære. Sjølv utan førehandskunnskapar kan ein forstå ein samtale eller i det minste tenkje seg fram til meininga, så lenge det ikkje er ein av dei mange uforståelege dialektane.

 

Sjølv om undervisningsspråket er engelsk i mange masterfag på UiA, og dei norske studentane er generelt gode i det fremmendspråket, er det ikkje alle som kan det flytande, ifølgje Mario Klohn. Det blir lett ei blanding av tysk og engelsk når han samarbeider med dei, fordi enkelte norske ord ligg nærmare omsetjinga på tysk enn engelsk. (Illustrastrasjon: Alexander Våregg, logo: UiA)

 

Undervisninga er uvanleg avslappa samanlikna med tyske ingeniørforhold. Det måtte eg personleg venne meg til. Det same gjeld for presentasjonar, føredrag og praktisk utdanning. Eg vurderer nivået på utdanningsmåla til å vere lågare enn i Tyskland. Det einaste problemet eg hadde, var bacheloroppgåva mi. Ein god ting er at det blir gitt ut ein katalog der ein gir prioritetar for oppgåver ein ønskjer med tilhøyrande firma. Deretter får ein tildelt eit av dei prosjekta, som bare kan bli utført gruppevis, sidan nordmenn meiner at eit av desse prosjekta er for mykje for ein person.

Praksisen som meir eller mindre høyrer til eit studium, slik ein kjenner han i Tyskland, finst ikkje. Dette er det siste semesteret der norske studentar presenterer prosjektet i eit miniprosjekt for eit kurs, der dei også har ei skriftleg prøve. Derfor søkte eg heilt utan vidare på ein praksisplass i eit laboratorium på universitetet. Det er også mogleg å gjere det i ei bedrift, men sidan prosjekta generelt blir framstilte på universitet og ikkje i eit firma, kunne eg ikkje variere tida mi så fleksibelt. Dessutan kostar ein bussbillett til Kristiansand 20 € (160 kr).

Den som kan finne fram nok pengar, burde definitivt vurdere Noreg som ein mogleg plass å studere. Å studere, ta praksis eller gjere noko liknande i utlandet anbefaler eg definitivt, fordi det er ei oppleving utan samanlikning som ein aldri kjem til å gløyme.

Ein må ikkje gløyme at nordmenn ikkje taler flytande engelsk, og at ein støyter på veldig mange tyskarar der. Dermed har ein ikkje den same perfekte engelsken som om ein var i England. Likevel lærer ein det så bra at ein etterpå kan gjere seg forstått utan problem. Det at ein treffer mange tyskarar, er for organisatoriske grunnar veldig praktisk.

Tysk originaltekst: Mario Klohn
Norsk omsetjing: Targeir Attestog (targeir.attestog@unikumnett.no)
Foto: Fachhochschule Stralsund, UiA Grimstad, Mario Klohn
Illustrasjon: Alexander Våregg (red@unikumnett.no)

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *