Engelsk eller døden i akademia

I heile Europa blir fleire og fleire masterutdanningar tilbydde med engelsk som undervisningsspråk. Noreg ligg høgt oppe på lista over talet på mastergradar tilbode på engelsk, trass i likskapane med nabospråka våre. Truar engelsk, som vår tids lingua franca, dei andre europeiske språka innan akademia?

Engelsk eller døden i akademia (2) - liten

Bologna, 1999

Undervisningsministrane frå 29 europeiske land fullbyrdar Sorbonne-erklæringa og vidareutviklar ho til Bologna-erklæringa, som skal revolusjonere høgare utdanning i Europa. European Credit Transfer and Accumulation System (ECTS) blir fødd, bachelor og master er ikkje lenger berre titlar for unge menn. Dei 29 underskrivande landa får frist til 2010 med å innføre alle punkta i erklæringa. Europa skal samlast, óg på undervisningsfronten.

Kristiansand og Grimstad, 2013

Kvalitetsreforma, som er implementeringa av Bologna-erklæringa i Noreg, er innført. Ved UiA vert 8 av 35 mastergradar tilbode på engelsk. Internasjonal avdeling reklamerer med slagordet „just do it“, òg på engelsk. Norsk er det største undervisningsspråket, med engelsk på andreplass. Det er berre på institutt for framandspråk og omsetjing det blir undervist på spansk, fransk og tysk.

I snitt blir det tilbode fleire masterprogram på engelsk i dei store europeiske landa, men det er fordi det totale mastergradstilbodet er større. Prosenten av engelskspråklege masterprogram er høgare i små land, til dømes dei skandinaviske. Unntaket er Nederland, som ligg på europatoppen i tal på mastergradar tilbode på engelsk. Det er ikkje berre Bologna-erklæringa som er skuld i dette. Aukande internasjonalisering i arbeidsmarknaden har store ringverknadar i dei akademiske miljøa. Men er det utelukkande positivt?

Berlin, september 2011

Fleire hundre ERASMUS-studentar er samla i det største auditoriet i Unter den Linden 6, hovudbygget til Humboldt-Universität zu Berlin. Dei skal gjennomføre ei 20 minutts språkprøve der dei skal fylle inn manglande ord og endingar i tyske setningar. For å i det heile få studere ved HU må dei ha minst 50 % rett på prøva. Dei som har søkt om plass på Philosophische Fakultät II, som er fakultetet for tysk språk og litteratur, må ha 60 % rett. Nytt av året er òg at det ikkje er noen skilnad i krava til tyske studentar og utvekslingsstudentar. Etter språkprøva må alle delta på eit fire vekers intensivt språkkurs for å lære endå meir tysk. Kurset kostar 400 €, og er blitt informert om på førehand. Blant studentane på tysk-nivå A1 og A2 (begynnarnivå) er frustrasjonen til å ta og føle på. „All the courses I’m taking are in English, and I have to pay 400 € to learn a language I only use when I’m going shopping or in a bar!“ bryt ei italiensk studine ut mens ho står utanfor undervisningslokala i ein av pausane. „Then why did you apply for a German university?“ spør ei av dei ukrainske jentene i klassen min.

Humboldt-universitetet i Berlin (Foto: hu-berlin.de)
Humboldt-universitetet i Berlin (Foto: hu-berlin.de)

 

Den korte diskusjonen mellom dei to jentene er beskrivande for debatten som har gått sidan Bologna og Sorbonne på slutten av 90-talet. På den eine sida har ein dei som ønskjer engelsk velkomen som fagspråk, og som klart ser flest fordelar med internasjonaliseringa. På den andre sida har ein dei meir proteksjonistiske, som ser sitt eige morsmål falle frå som akademisk språk, og som ønskjer eit språkleg mangfald innan akademia.

Lost in translation

Det kan verke som om dei fleste skeptikarane held til innan språkfaga. På Humboldt-Universitetets Philosophische Fakultät II blei alle studentane fôra med haldningar om at å undervise om tysk litteratur eller tysk språk på noko anna enn tysk var like lite nyttig som å gje ein fisk ein sykkel. Når språket er ein så viktig del av faget, er det utelukkande det språket faget handlar om som det er verdt å undervise på. Det same gjaldt på instituttet for skandinavistikk (nordisk), der det blei undervist på norsk, dansk, svensk eller finsk omtrent frå dag ein i første semester.

Førsteamanuensis i tysk Ole Letnes på institutt for framandspråk og omsetjing ved UiA, deler til ein viss grad skepsisen til kollegane sine i Berlin.

– Det er typisk at studentar som ikkje har engelsk som morsmål manglar ei rekkje nyansar innan språket når dei begynner på høgare utdanning og plutseleg skal skrive alle oppgåvene sine på engelsk. Det er mogleg det gjeld spesielt for studentar som ikkje driv med språkfag. Ein av konsekvensane av stadig meir utbreidd engelsk er at norsk fagterminologi går i glømmeboka, avsluttar Letnes før han forsvinn vidare i kantina.

Kvifor akkurat engelsk?

I eit intervju med Forskerforum seier professor Ulrich Ammon ved Universität Duisburg-Essen at tysk mista status som akademisk språk allereie etter andre verdskrigen. Han peiker på ein politisk samanheng til at dette har skjedd, men òg at tyske forskingsmiljø ikkje kunne konkurrere med engelskspråklege. Ein skal ikkje sjå bort frå at samarbeidet mellom nordamerikanske og europeiske universitet òg har hatt stor innverknad på valet av engelsk som undervisningsspråk. Når engelsk i tillegg er eit språk ein får inn i tidleg alder på grunn av det høge konsumet av engelskspråkleg kultur, fall det seg òg særs naturleg å bruke engelsk som vår tids lingua franca.

Forvirrande tospråklegheit

Sjølv om det berre er åtte masterprogram som blir tilbydd på engelsk på UiA, er det mange studieretningar der enkeltemnar eller delar av emnar blir gjennomførde på engelsk. I nokre emne er pensumlitteraturen på engelsk, mens forelesingane blir halde på norsk. Vekslinga av språk kan vere forvirrande for studentane, særleg når fagterminologien er forskjellig på dei ulike språka. Enkelte studentar påpeiker at det hadde vore enklare for dei om dei emna som blir undervist på fleire språk hadde vore på berre engelsk. For mange av dei er det engelsk som kjem til å vere arbeidsspråket etter avslutta studiar, og forelesingar halde på norsk blir ein omveg for dei.

Kor skal det ende?

Tendensen er klart at engelsk tar meir og meir over den akademiske verda, men motstanden mot anglifiseringa er klart til stade i landa med ei stolt språk- og vitskapstradisjon, som Frankrike og Tyskland. Å blande saman engelsk og forelesarane sine morsmål er nok heller ikkje det beste kompromisset. Og for alt vi veit i dag kjem ikkje engelsk til å vere lingua franca for alltid.

Tekst: Tale Haukbjørk Østrådal

Foto: Desirée Skalle, HU Berlin

Kjelder:

forskerforum.no/wip4/engelsk-eller-doeden/d.epl?id=2153504
fakultaeten.hu-berlin.de/philfak2/international

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *