UiA-student vann i «The Voice»

Musikkstudent Knut Marius Djupvik (25) var den som til stakk av med sigeren i finalen i «The Voice» på TV2 fredag kveld.

Knut Marius Djupvik

I finalen var det fire menn som deltok, to av dei musikkstudentar ved UiA. Pål Rake (24), tidlegare redaktør i Unikum, blei slått av medstudenten Knut Marius Djupvik i direktesendt songkonkurranse på TV2. Djupvik var ordknapp og full av gledestårer då det var klart at han hadde fått flest stemmar frå sjåarane. Sigerslåta var «Run», som Snow Patrol står bak.

– Eg vil takke familien min, kjærasten min og alle som har stemt. Det betyr så utruleg mykje, seier gullstemma til TV2.

Mentoren hans, Lene Nystrøm, var også særs glad, og rosar han for å ha vore så sterk og tolmodig at han klarte å gjennomføre dagen då det gjaldt. Ho meiner at Djupvik sitt talent mosar dei andre deltakarane. Sigerherren sjølv var ikkje så sikker før det var over, for det musikalske nivået på finalistane skal ha vore høgt.

Pål Rake

– Det er så mange ting som må prosesserast no. Eg var så innstilt på at det var store sjansar for at det ikkje kunne gå vegen, for det er så sterke konkurrentar. Men så gjekk det heilt inn til mål, fortel den glade songaren, som skal feire med venner, familie og dei andre deltakarane.

Den andre UiA-songaren i finalen, Pål Rake, som song si eiga låt «Vil du, vil du», tek tapet med godt humør og fortel til TV2 at det følest fint og gøy for han, omtrent som når han speler kort og taper i det.

 

Tekst: Targeir Attestog

Foto: TV2

Kjelde: http://www.tv2.no/2013/12/13/underholdning/vinner/the-voice/finalister/5154879#.Uq9Q-eKzmo9

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*