Helg med spelskaping på UiA i Grimstad

Bilete frå IMPRO Jam i Grimstad i fjor.

Siste helga i januar (24.-26. januar) blir det fjerde gong Grimstad får vere ein av dei mange vertsbyane verda rundt for Global Game Jam, der målet er å lage nye spel basert på eit felles tema i løpet av bare to døgn.

Bilete frå IMPRO Jam i Grimstad i fjor.
Frå innspurten i IMPRO Jam i Grimstad i fjor.

I Grimstad er det stiftelsen IMPRO Jam som står bak det lokale arrangementet som har fått same namn. Alle dei tre første gongane har staden vore den døgnopne avdelinga på UiA, rett ved Bluebox. No skal det heile bli flytta til Uglandsstua, som ligg rett ved kantina. Global Game Jam skal også finne stad i Bergen og på Hamar.

Tilstellinga er ope for alle som vil, og det er ikkje nødvendig å vere ekspert på programmering. Det er også behov for folk som kan teikne i 2D eller modellere i 3D. Folk som kan skrive spelmanus og komponere musikk er absolutt sterkt ønska. Ein treng ikkje heller lage dataspel gjennom helga. Ein kan lage tradisjonelle kort- eller brettspel i staden, men til no har ingen gjort det i IMPRO Jam i Grimstad. Til og med rollespel skal ein kunne velje å lage.

Kvar deltakar skal betale 50 kroner i inngangspengar gjennom PayPal. Det går med til å dekke matservering med pizza når folk blir svoltne under spelutviklinga. Lokale bedrifter og datalinjeforeininga BETA stiller opp som sponsorar for å dekke resten av kostnadene.

IMPRO Jam 2014

Det blir lagt opp til koseleg stemning, der det heile ikkje skal bli teke alt for seriøst. Det er jo grenser for kor omfattande spel ein kan lage i løpet av ei helg. Eit godt råd frå arrangøren er at ein ikkje må vere for ambisiøs med kva ein kan oppnå i løpet av den korte tida, men heller lage eit enkelt og morosamt konsept.

Når sjølve spelskapinga er over på søndagen, og dei ferdige produkta har blitt levert inn til den internasjonale arrangøren, skal kvar gruppe med deltakarar få presentere sitt ferdige produkt.
Ein lokal jury med representantar frå UiA og sponsorane skal vurdere dei og dele ut prisar for best gjennomførte, beste visuelle og mest nyskapande spel. Vinnarane får diplom og kanskje blir det nokre morosame premiar.

Aktuelle nettstader:
improjam.no
facebook.com/improjamgrimstad
globalgamejam.org/2014/jam-sites/impro-jam

Tekst: Targeir Attestog
Foto: IMPRO Jam

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*