Disaster in the Universe-konsert på Bluebox

Siste kvelden med UGA var sett av til konsert med Disaster in the Universe, eit norsk band, som blir omtalt som multikulturelt og alternativt. Dei klarte å skape sommarstemning på Bluebox, mens vêret elles er ganske kjølig i Grimstad.

Det er midnatt når sjølve strandfesten med det fargerikt sminka bandet kjem inn på scenen. Ein god del av publikum kom seint, slik at konserten måtte bli utsett med ein time. Under showet var det mellom 20 og 30 tilskodarar i salen. Det var litt synd at så få kom, for denne musikken var absolutt noko som fleire burde ha fått med seg. Bandet heiter «Disaster in the Universe», men det var ingen katastrofe på konserten. Blandinga av elektronika, rock, dub og psykedelia hadde ein ganske avslappande effekt, som gjorde den ekstra ventetida verdt det. Tekstane var på engelsk, fransk, spansk og ronga. Eg er blant dei som har problem med å skilje ord på andre lydar i musikk, så eg oppdaga ikkje språkmangfaldet før eg las om det etter konserten. Andre språk enn engelsk er etter mi meining meir enn velkomne til den norske musikkmarknaden for å skape variasjon. Mesteparten av teksten var nok ikkje overraskande på engelsk (slik eg oppfatta), som er heilt greitt, sidan det fyrst og fremst er samspelet mellom lydane i musikken som er interessant og fengande.

På scenen var to menn med gitar (Dosser og Jacques) og ein til høgre med slagverk (Jonathan). Gitaristen i midten song (Jacques). Jonatan med slagverk skal visst også ha styrt med den elektroniske delen av musikken. Dei hadde på seg sommarklede, som er naturleg med strandfesttemaet. På scenen var det kulissar som for meg såg ut som små palmetre. Artistane og publikum hadde smurd seg inn med stripar av sjølvlysande sminke i fjeset, på armane og på beina. Viss eg observerte riktig, så var det i alle fall ein av bandmedlemmane som gjekk rundt og sminka folk før konserten. Det sette ein vakker og festleg stil på konserten. Musikken var perfekt for å drøyme seg vekk frå ein travel kvardag. Ein kunne sjå at publikum svinga med på tonene. Den blei ikkje spelt alt for høgt, slik eg har opplevd den på mange gongar på diverse akustiske konsertar. Lydvolumet var perfekt. Bandet oppfattar seg sjølv som alternativt, altså annleis enn annan musikk som blir spelt for tida. Det kan dei med rette påstå. Ein som bare passivt høyrer på musikk på radio eller nettstrøyming og tek som sjølvsagt at  norsk musikk skal følgje bestemte reglar, vil vakne opp når vedkomande høyrer Disaster of the Universe. Ein vil slite med å forstå at dette er norsk musikk. Det er jo multikulturelt, men laga av tre personar busette i Noreg.

Bandet har gjeve ut fire singlar, og 14. mars gav dei ut det fyrste albumet sitt. Mot slutten av konserten var det ein heldig tilskodar som som fekk eit eksemplar. I avslutninga kasta vokalist Jaques bananar i salen, som blei tekne godt imot, i alle fall figurleg, sidan dei blei ete opp. Rop av «ein gong til» førte ikkje bare til eit ekstranummer, men to. UGA blei avslutta med varme og stil denne kalde søndagsnatta i mars.

 Tekst og foto: Targeir Attestog – red@unikumnett.no

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *