Lacrosse-NM i Grimstad – kanadisk spenning og action i vårkulda

Fredag og laurdag spelte fem herrelag og fire kvinnelag frå Sør-Noreg i gruppespel i lacrosse-NM i Grimstad. Spenninga var på topp og grimstadværingar stakk innom for å sjå på mens det var opphaldsvêr. Her følgjer observasjonane og tankane eg har om denne kanadiske sporten som eg ikkje kjenner så godt frå før.

Deltakarane i dette gruppespelet var herrelaget Oslo Legends, kvinnelaget BI Cheetahs frå Bergen, herrelaget Lions og kvinnelaget Lionesses frå BI i Oslo, herrelaget UiA Studs og kvinnelaget KSI Cherokees frå UiA Kristiansand og herrelaget GSI Grizzlies og kvinnelaget GSI Grizzly Cubs frå UiA Grimstad.

Som reporter kom eg til Levermyr stadion på seint laurdag formiddag. Det var mot slutten av slutten av kampen mellom lillafarga Kristiansand-studentar i Studs og Oslo-folka i Legends. Eg såg unge menn gå rundt med lett vernedrakt på overkroppen og hjelm. Dei heldt på på kvar sin stav med ei lita korg på helden og stort sett alltid var det ein som hadde ein liten, tung «tennisball» i korga si mens dei andre sprang etter han. Kvar av målvaktene hadde ein større håv på staven sin for å stoppe forsøk på scoring. Eg fekk med tre kampar denne kalde vårlaurdagen.

Brøl frå Grizzlies

 

Bryderi med for lang snor

Eg undra meg fyrst over alle brølelydane frå mennene, som fekk meg til å undre over om dei parodierte nordamerikanske collegesportfilmar. Eg forstod veldig lite av det som blei ropt i starten, men kommentarane var tydelegvis av strategisk og oppmuntrande art. Etter kvart forstod eg at Legends kommuniserte noko på engelsk, men likevel forstod eg ikkje alt. Måla minna meg om handballmål, men dei var noko mindre. Dei var kvadratiske med sidekantar på rundt 1,80 meter. Mennene støytte litt bort og taklar i kvarandre av og til, men det var svært sjeldan, sidan dei ofte klarte å springe frå kvarandre. Ballen blei stort sett blir tatt med slag på kølle eller underarm til motstandar.

Svært få tilskodarar utanom medlemmar av GSI var til stades på formiddagen, men lokale innbyggjarar i Grimstad tok turen innom etterkvart, slik at 30-40 tilstodarar var å sjå på sidelinja. Eg fekk ikkje telt dei så nøye, men det kalde, vindige vêret, og det at lacrosse er lite kjent, hadde nok skulda i eit ikkje alt for stort oppmøte.

Heilt på slutten av kampen skjedde noko heilt uforståeleg for meg: Oslo Legends hadde nettopp utlikna til 3-3. Dommaren annullerte ei stund målet, fordi korga på staven brukt til målscoringa ikkje var heilt lovleg. Den hadde ei snor knytta på nettinga til korga. Den skulle naturlegvis vere der for å halde ballen på plass. Det som var feil, var at den delen av den snora som hang laus, var alt for lang, og kunne potensielt smikke til og skade motspelar, også gjennom hjelmen. Dette burde naturlegvis ha blitt sjekka på førehand, men det hadde visst blitt gløymt i dette tilfelle, og det førte til at UiA Studs vann kampen.

Jubel hos Studs!

 

Bjørnungane mot løvinnene

Eg hadde høyrt at kvinne-lacrosse skulle vere fredelegare enn den for menn, og teknisk sett stemmer det, men ikkje la deg som tilskodar lure: Kvinner kan også rope høgt! Eg følte til og med at dei skreik meir enn det mennene gjorde. Utanom målvaktene hadde kvinnene ikkje på seg anna verneutstyr enn tannvern og kanskje nettingbriller. I lacrosse går kvinner med skjørt og vest som som for utrent auge kan forvekslast med cheerleaderdrakt. I det kalde vêret på laurdag hadde dei fleste av dei av naturlege grunnar på seg tights og tynn jakke under skjørtedrakta. Kampen eg såg på var mellom Grizzly Cubs i svart og Lionesses i blått. Måten dei spelte på minna mykje om innebandy. Ingen kroppskontakt, men naturlegvis kunne ein forsøke å slå ballen ut av kølla. Grizzly Cubs klart å score mål etter bare eit minutt, men deretter klarte Lionesses og ta heile fire mål til pause. Grizzly Cubs klarte å kome tilbake offensivt etter pause og utlikna til 5-5 nokre få minutt før slutt. Rett før tida var ute, klarte grimstadjentene å få eit mål til, og jubelen stod høgt blant tilskodarane.

Ballkamp!

 

Bjørnane mot hingstane

Eg merka meg at det blei færre mål då karane spelte. Tydelegvis gjorde reglane det lettare å stoppe motstandaren i å kome over for å score mål. Ein kan nemne slå på underarmen til motstandaren viss han berer ballen, og det er lov med litt kroppskontakt. Det som kom no var lokaloppgjeret mellom Studs og Grizzlies. Etter kampstart gjekk det kort tid før Kristiansand-laget scora. Omtrent under heile kampen var ballen på på sida til GSI, som blei nøydde til å spele defensivt.  Det stoppa likevel ikkje Grizzlies frå å utlikne i midten av kampen, og dei hadde mange gode målforsøk. Det såg lenge ut til at det skulle bli uavgjort, men heilt på tampen klarte Studs å slenge inn eit vellykka skot, slik at dei vann.

Under kampen gjekk gjekk ein av jentene frå Grizzly Cubs rundt i bjørnekostume som maskot. Sjølv om det er så typisk nordamerikansk kultur at det er flaut for enkelte, synest eg det var sjarmerande, og gir klubben ein koseleg og småhumoristisk stil.

Rett etter at eg reiste frå stadioen, begynte det å regne. Stakkars dei som spelte kamp då.

Lokaloppgjer mellom Grizzlies og Studs – blir det mål her?

 

Publikumsidretten for framtida?

Lacrosse-kampar blir spelt i to omgangar på 20 minutt, men veldig kort pause imellom. Spelarane blir ofte bytta ut etter kvart som dei blir slitne, og det var minst like mange i reserve som det var ute på banen heile tida. Denne sporten frå Canada byr på mykje spenning og action, men er samtidig ikkje like valdeleg som amerikansk fotball og rugby. Lacrosse er ein skikkeleg publikumsvennleg sport som absolutt passar for dei som er lei av å sjå på fotball, handball og andre idrettar som ein ser på fjernsyn heile tida. Det var gruppespel i NM denne helga, men med heile fire universitetslag på UiA, kan vi absolutt håp om at NM-sluttspel (finalar) kan kome til Agder ein gong i framtida.

 Tekst og foto: Targeir Attestog – red@unikumnett.no

3 Comments

  1. Heisann, topp med god dekning av NM. Bare for å utfylle og rette litt så var UiS Redhawks ikke med denne helga, det er UiA Lacrosse (og ikke KSI) ,og det er ingen som prøver å parodiere noe fra collegefilmer.

    Setter uansett pris på artikkelen, stå på !

    • Tusen takk for kommentar! Eg har retta feilane som du nemnte. Eg fann nemleg UiS Redhawks i ei deltakarliste på Internett, så derfor gjorde eg den feilen.

      Ifølgje det eg finn på nett, heiter lacrosselaga i Kristiansand UiA Studs og KSI Cherookees. Herrelaget i Kristiansand ser ut til å vere ei sjølvstendig studentforeining, som ikkje er ein del av KSI. Har eg forstått det rett no?

      Det med at brøling på banen er parodi på collegefilm var bare meint som uskuldig humor frå mi side. Dette er nemleg ein kommentar og ikkje ein rein rapport.

      Mvh.
      Targeir Attestog

  2. Heisann, topp med god dekning av NM. Bare for å utfylle og rette litt så var UiS Redhawks ikke med denne helga, det er UiA Lacrosse (og ikke KSI) ,og det er ingen som prøver å parodiere noe fra collegefilmer.

    Setter uansett pris på artikkelen, stå på !

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*