Stand-up med Henrik Thodesen på Bluebox

Den nest sist kvelden med UGA var via til stand-up-komikar Henrik Thodesen, som hadde show på Bluebox også i fjor. Han er nok for mange kjent frå P3morgen og Torsdag kveld fra Nydalen, og skal framføre showet «Hjemme hos Henrik Thodesen» på Edderkoppen teater i Oslo. Framføringa i Grimstad på fredag hadde også det namnet.

Det er full sal på Bluebox. Etter ei stund med venting startar ein mystisk, mørk herrestemme å prate om kor fælt Thodesen skal ha det heime fram til hovudpersonen avbryter det. Han går over til det eigentlege showet sitt med å fortelje om alle naboane kan høyre gjennom veggane og golvet til leiligheten sin, og han gjer ein fantastisk jobb med å imiterande summing som ein høyrt av prat og krangel gjennom veggane, og om gleda han har av å høyre folk som har samleie.

Han kjem også innom det å gå på IKEA både aleine og i hop med kone/sambuar. Det skal visst vere veldig bra å gå aleine for å slippe krangel som alltid oppstår under slike besøk. Sjølv om eg som lyttar til dette, aldri har vore inne på IKEA, er det umogleg å unngå å humre av dei hysteriske parodiane Thodesen har av typiske karaktertrekk hos heilt vanlege folk. Han får til og med noko så kjedeleg som eit mikrofonstativ til å vere morosamt bare ved å samanlikne det med ei kvinne han har møtt.

Ikkje alle vitsane hans er morosame for alle. Det er noko barnsleg tisse-bæsjehumor blanda med porno. For dei aller fleste blir det morosamt sjølv om ein ikkje har noko forhold til porno. Han viser til og med nokre smågrove bilete «ved uhell» i ein parodi av ein PowerPoint-presentasjon.

Pornovitsane hans får faktisk ein teknologi-entusiast som meg til å tenkje over utviklinga i informasjonsteknogi. Thodesen fortel at då han gjekk i slutten av barneskulen, var pornoblad noko ein fann i skogen og delte med venneflokken sin, mens i dag er det noko ein ser i overflod på diverse fildelingsnettstader utan å eigentleg bry seg. Ein bryr seg bare om den ferskaste episoden av favorittserien sin som ein skal laste ned derifrå.

I PowerPoint-presentasjonen sin viste Thodesen bilete frå Mysen, der han påstod at han eigentleg skulle ha vore i dag. Ikkje særleg truverdig vits eigentleg, sidan det har vore lenge klart at han skulle ha dette showet på Bluebox. Det som var meir gøyalt, var at det tilfeldigvis var ein kar frå Mysen i salen, som retta Thodesen med at biletet som blei vist, ikkje var av kulturhuset, men av rådhuset. Annan morosam tilfeldighet skjedde då Thodesen fortalde om opplevingane sine på Farrisbadet, og ei larvikjente, som høyrtest litt berusa ut i ropinga og fnisinga si, absolutt måtte seie at ho hadde vore der. Meir morosamt var likevel «Siv Jensen»-parodien til Thodesen om kvinner som stressar med å slappe av på spa når dei har fått fri frå familie den ein helga i året.

Eg skal ikkje avsløre akkurat korleis det skjer, men slutten på showet kjem veldig brått på etter den siste vitsen. Alle andre komikarar som eg har sett live, har vore flinkare til å kome ei god og naturleg avrunding, men alt i alt er dette er eit godt og morosamt show for dei aller fleste, og for lesarane våre som gjekk glipp av dette, men tilfeldigvis er i Oslo i april, er det absolutt verdt å sjå showet til Henrik Thodesen på Edderkoppen.

Tekst og foto: Targeir Attestog – red@unikumnett.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*