UGA – ti dagars studentveke i Grimstad snart i gong

I ei lang veke frå 13. til 22. mars finn UGA, studentveka i Grimstad, stad igjen etter suksessen med nyoppstarten i fjor. I år er programmet endå meir variert og rettar seg mot vanlege borgarar i Grimstad i tillegg til studentar.

Leiar i UGA-styret, Tina Haugland, fortel at formålet med UGA er lage litt liv for studentane. Ho seier vidare at styret har betra ting på programmet der det var nødvendig, og køyrer vidare på det som fungerte i fjor. Heile opplegget blei dratt i gong av styret i Bluebox studentkulturhus, og i fjor var det også styret for UGA. I år har UGA eige styre, som bare tilfeldigvis består av frivillige på Bluebox.

Mykje å gjere for folk i Grimstad

Sponsoransvarleg Tarik Mustedanagic fortel at det i år blir lagt meir vekt på at det skal vere for alle i Grimstad, ikkje bare for studentane. Mykje forskjellig skal skje, og det er framleis ting som ikkje kan røpast i skrivande stund, men litt kan leiaren nemne. PR-ansvarleg Henriette Nygård og to andre skal syte for at folk får vite om dei når det passar.

– Vi hadde ølsmaking som var veldig populær, så den skal vi køyre igjen, seier ho om samarbeidsarrangementet med foreininga «Øl, viser og dram».

Haugland fortel at det også gjeld for vinterleikane i samarbeid med LiFE (Linjeforeningen for Fornybar Energi). Billettane til Afterski-festen kvelden etter leikane på Bluebox blei nemleg utselde i fjor.

Noko som måtte endrast på var samarbeidet med kinoen i Grimstad.

– I fjor var det ein dag med éin filmpremiere som studentane fekk for ein spesiell pris. I år prøver vi med at ein får studentpris under heile UGA og at ein får fleire filmar å velje mellom, fortel styreleiaren. Då skal det treffe filmsmaken til fleire, og kvar og ein kan velje dagen det passar å sjå.

Matkurset med Hesnes Gartneri & Kjøkken skal bli flytta til ein plass i Grimstad sentrum, sidan få studentar kunne ta turen til Hesnes i fjor, sidan ein var avhengig av bil for å kome dit.

Styret til UGA. Frå venstre programansvarleg Halvard Berge, leiar Tina Haugland, økonomiansvarleg Tora Karoline Rundhovde, PR-ansvarleg Henriette Nygård og sponsoransvarleg Tarik Mustedanagic.

Variasjon

Noko nytt i år er at datalinjeforeininga BETA legg den halvårlege retrospelkvelden sin til UGA, og at det blir gratiskonsert i samband med «Fin på vin», som Sørbok Kulturfond støttar. Tåkebingo er ein gjengangar på Bluebox, og blir også med i UGA.

I tillegg kjem kurs i improvisasjonsteater på UiA med Therese Strupstad Hagen og bedriftspresentasjon med Norsk Petroleumsforbund på Bluebox. Christian Aas, regionleiar i Reef Subsea, som har blitt kåra til årets unge leiar, skal halde denne presentasjonen om det å vere ung leiar og vegen han hadde til den stillinga.

Den lange UGA blir avslutta med Beachparty på Bluebox. UGA-styreleiaren fortel at det skal bli pynta med palmar og omtrent alt strandrelatert utanom sand. Disaster in the Universe skal halde konsert der akkurat då i samband med debutplata si.

UGA i fjor: DJ Broiler

Med tanke på studentøkonomi

Som sponsorar kunne UGA presentere dei store firmaa Logitech og Activision, som stiller opp med premiar til konkurransar. Campus-eigaren J. B. Ugland gir dessutan økonomisk støtte.

– Det er målet vårt at studentane ikkje skal bli ruinert økonomisk av å vere med på UGA, seier programansvarleg Halvard Berge, for det skal løne seg for alle partar. Økonomiansvarleg Tora Rundhovde fortel at UGA sjølv skal gå i null økonomisk sett.

UGA i fjor: Casa Murilo

Inspirasjon til storbyen

Studentveka Sørlys i Kristiansand skal i år finne stad på same tid som UGA. Haugland seier at UGA har nok vore til inspirasjon, men det einaste dei samarbeider om i år er Skambankt, som har konsert i begge studentbyane på Agder i studentveka. At det er studentveke i kvar av byane samtidig gjer det lett å få tak i artistar med felles booking ifølgje Berge. Styret i UGA ser ingen problem med at ein i Kristiansand har starta med eiga studentveka sidan dei kvar si målgruppe i kvar sin by.

Mustedanagic oppmodar til slutt alle i Grimstad om å glede seg til UGA, for då skjer det noko heile tid: på dagtid, kveldstid og utover natta.

– Det kjem til å vere veldig kult og sjukt bra stemning!

Oppdatert informasjon og program for UGA:
uga.no
facebook.com/StudentukaIGrimstad

Oppdatert informasjon og program for Sørlys i Kristiansand:
facebook.com/sorlys

Tekst og foto: Targeir Attestog – red@unikumnett.no

Foto: @studentuga (Instagram)

Illustrasjon: UGA

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*