Spillanmeldelse: The Stanley Parable

Kva er eigentleg eit spel? Kva slags val har ein i eit spel. Om ikkje The Stanley Parable gir direkte spel på det, er det i alle fall mykje moro og humor rundt desse spørsmåla.

Stanley sit på eit lite kontor og trykker glad og lykkeleg på dei knappane på tastaturet som meldingar på skjermen fortel at han skal trykke på. Ein dag oppdagar han at ikkje alt er som før: Dei andre kontora er heilt tomme. Han bestemmer for å gå til møterommet for å sjå om kollegaene hans er der, eller gjer han det? Kanskje tar han ein omveg gjennom pauserommet?

stanley-2013-10-28-23-45-02-45

Dette er det første blant mange val som du som spelar må ta i løpet av spelet. Det er ein forteljarstemme som fortel kor du skal gå, men du kan velje å gå i ei anna retning. Ei gjennomspeling kan bli fullført på rundt 5 minutt. Det finst faktisk ein Steam-prestasjon for å klare det på mindre enn 4 minutt og 22 sekund. Heilt ferdig er ein derimot ikkje på den tida: Etter bare ei gjennomspeling, har ein bare fått med seg ein liten del av spelet. Sjølv har eg spelt i til saman 2 timar. Det meste har eg nok fått med meg, men det er nok eit par småting eg ikkje har kome innom. Det finst nemleg nokre skjermbilete frå spelet på Internett som tyder på nettopp det.

Spelet gjer ein god parodi på det å arbeide med einsformige oppgåver på kontor, og trekker samtidig parallellar til ganske mange dataspel, i alle fall dei med lineær historie. I mange slike spel blir spelaren bede om å bruke bestemte knappar på eit tastatur, eller ein spelkontrollar for å klare seg best muleg gjennom spelet med å bruke riktig kombinasjon av akkurat desse knappane.

“The Stanley Parable” byr på mange overraskingar. Forteljarstemmen går av og til ut av rolla si som referent og talar direkte til deg som spelar. På eit tidspunkt skuldar han for å øydeleggje forteljinga si når du går til ein annan plass enn det som var meint.

stanley-2013-10-28-23-55-38-73

Dette er nok meir ei morosam oppleving enn eit utfordrande spel. Sjølv om det er ein vits om det ein stad, er det eigentleg ingen skikkeleg måte å vinne i “The Stanley Parable”. Du kan kome til slutten av ei forteljing, men dei fleste gongane startar spelet på nytt av seg sjølv når det skjer. Ver merksam på at det er ein slutt der du må starte spelet på nytt manuelt. Spelet både sluttar og held fram i det uendelege.

Eg anbefaler alle å prøve ut dette sjølv, men hugs at det er grenser for kor mange gongar du kan spele på nytt. Det finst ein prestasjon på Steam for å IKKJE spele dette spelet på fem år, som eg ser for meg at enkelte kjem til å oppnå i 2020.

Karakter: B (A er best, F er stryk)

Plattformar: Windows, Mac

Utviklar: Galactic Café

Språk: Engelsk tale, underteksting på dansk og dei større europeiske språka

Tilgjengeleg for nedlasting frå Steam (steampowered.com)

 

Tekst: Targeir Attestognett@unikumnett.no

Bilete: Gamer.no / Galactic Cafenett@unikumnett.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *