Bluebox blir 180 kvadratmeter større

2015-10-13-16.39.16På fellesrådsmøte i Grimstad tysdag 13. oktober fekk studentforeiningane gladmeldinga om at studentkulturhuset Bluebox skal utvida.

Aanon Grimnes, driftsdirektør på UiA, kommenterte først på møtet at det er imponerande at det er så mange studentforeiningar på Campus Grimstad, heile 20 av dei. Han viser fram nokre skisser av Bluebox frå planleggingsfasen for 10 år. Det kjem fram frå av ein av dei, at Bluebox opphavleg skulle bere namnet Luftslottet, akkurat som det gamle studenthuset på tidlegare UiA/HiA i Grooseveien. Grimnes fortalte at opphavleg var det sett av 400 kvadratmeter til studentaktivitetar, men det blei fort til dei 1100 kvadratmetra som er på Bluebox i dag. Sidan opninga av nye Campus Grimstad og Bluebox i 2010, har det blitt stadig fleire studentar der, og dermed også større behov for fleire studentaktivitetar.

Ny lagerplass

I kjellaren på Bluebox er det laga fire klubbrom, men eitt av dei blir brukt til lager.  No skal første og andre etasje på Bluebox (over bakken) bli utvida med 90 kvadratmeter på kvar etasje i retning av den døgnopne avdelinga ved biblioteket på UiA. Det aller meste av dette nye arealet skal bli brukt til lagerplass, slik at noverande areal på Bluebox kan bli frigjort til lokale for studentaktivitetar. I andre etasje skal noko av det nye arealet bli brukt til garderobe for dei som opptrer på scena, og toalett i same etasje som scene-artistar bruker i dag, skal no studentar og andre ordinære besøkande på Bluebox få bruke.

Ferdig til hausten 2016

Søknad skal ifølgje Grimnes bli sendt straks til Grimstad kommune, og behandlingstida er forventa å ta to-tre månader. Han reknar med at bygginga startar alt i mars, og at Bluebox står ferdig i sin nye storleik ved studiestart same året. Dette blir altså om bare 10 månader frå i dag.

Nyheita blei teke godt imot av dei frammøtte representantane frå studentforeiningane. Nokre med om kva som kunne framleis brukast som lagerplass inne på sjølve UiA neste år, og om sjansen til å få plass på ny UiA-bygning som står ferdig i 2017. Dette var ting som driftsdirektøren ikkje heilt kunne kome med svar på no, men som han var heilt sikker på at ein ville finne løysingar no.

Tekst: Targeir AttestogSend mail

Illustrasjon: Universitetet i Agder (avfotografert av Targeir Attestog)Send mail

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*