Nett-tv-kanal lansert hos UiA

03_300_cmykVed studiestart lanserte Universitetet i Agder ein døgnopen nett-tv-kanal med namnet UiA TV. Der blir UiA-opptak av allmenn interesse vist i rundgang.

Mediesenteret på UiA driv kanalen i tillegg til det frå før eksisterande videoteket (uia.no/video). Til UiA TV bruker senteret same teknologi som VGTV til å automatisere video-opptakskarussellen som blir vist 24 timar i døgnet på Internett og på informasjonsskjermar på begge campusane.

Offentleg utstillingsvindauge

Slik Unikum ser det, viser UiA TV ei no for tida ei blanding av forskingspromotering, førelesingar, førelesarsamtalar, føredrag og studiestarttalar. Kanalen er meint for formidling av forsking og utdanning. I strategiplanen til UiA står det at digitale medium stadig meir skal bli brukt til studium, forsking og formidling i tillegg til samhandling med omverda. Det står også at opne kanalar skal bli brukt for forskingspublisering. Kanalen skal sende alt som er av interesse for studentar og tilsette på UiA, men mesteparten av innhaldet skal vere interessant og forståeleg for folk utanfor universitetet. Den ansvarlege for kanalen, overingeniør Åsmund Rodvig Somdal ved Mediesenteret, meiner og håpar at kanalen kan bli vist på rådhus, bibliotek og andre eigna stader for å vise fram kva som kjem ut av den offentlege støtta til UiA.

Meir direkte

I framtida ønskjer UiA TV å vise direktesendingar og opptak av konferansar og andre arrangement. Det vil kunne skje når produksjonsapparatet er godt nok etablert. Tett samarbeid mellom medieutdanningane i Kristiansand og Grimstad er det som skal til, ifølgje Somdal. Han nemnar konsertar og teaterframføringar frå Fakultet for kunstfag som eksempel på slike direktesendingar. Det vil bli opna for innhald produsert av mediestudentane.

logo_300_cmyk
Trykk på linken så kommer du til UiATV

Framhald i lang medietradisjon på akademiske Agder

Nettstadarkivet Wayback Machine viser første spor av nettstaden til den gong Høgskolen i Agder, hia.no, ved starten av 1997, som er to og eit halvt år etter samanslåinga av alle dei offentlege høgskulane på Agder. Uia.no har vore hovudadressa sidan forvandlinga til universitet ti år seinare. På same tid kom forskingsmagasinet Teft, som enno kjem ut i dag.

Studentane sjølve har også  Studentavisen Unikum har blitt publisert sidan 2001, og etterfølgde Sørvisa som var i drift frå 1987 til 2000. Dagens eldste studentmedium på Agder, Studentradioen i Kristiansand (opphavleg kalla RadiOtra) starta FM-sendingane i 1989, og gjekk bare for nokre år sidan år sidan over til å bli rein nettradio. I det siste har sendingane der vore av typen kultur, underhaldning og prat om studentkvardag. I desse dagar planlegg dei å legge ut sendingar som podkast i løpet av den nærmaste tida. Desember 2012 starta Kristiansand Student-TV (KRS-TV) opp sendingane sine på Internett, men bare som samling med videoklipp som brukaren sjølv speler av, ikkje som døgnkontinuerleg videostraum som UiA TV. Til no har mesteparten av innhaldet på nettstaden deira vore av typen humor og anna underhalding.

Hos oss i Unikum har ein så smått begynt å tenkje på journalistisk videoproduksjon, og sendingar hos UiA TV er derfor ein naturleg kanal for det, meiner underteikna, som er nyheitsredaktør i Unikum.

– Et samarbeid med Unikum om nyhets-/aktueltsendinger og lignende vil absolutt være et ønske, men forutsette god teknisk kompetanse og kvalitet, kommenterer kanalsjef Somdal til det.

Leiaren av Mediesenteret i IT-avdelinga, Mauricio Cifuentes, gler seg over kanalopninga.

– Dette er noe vi har jobbet lenge med, og som vi er veldig spente på å se hvordan kommer til å utvikle seg. Vi tror at når folk får se hvor bra dette blir vil flere ta kontakt med oss for å få produsert videoinnhold, og det ønsker vi velkommen, fortel Cifuentes til uia.no.

logo_300_cmyk
Trykk på linken så kommer du til UiATV

Denne saken kan du lese i septembermagasinet av Unikum

Tekst: Targeir AttestogSend mail

Foto: UiA TV

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*