På fornavn med – Irene

Irene320-åra

– 20-åra er jo ofte den tida man flytter heimanfrå og skal finne seg sjølv som det så fint heiter. Eg budde i England, studerte, fant meg sjølv, fekk verdas beste venner og studerte mange forskjellige ting. Som mange andres 20-år var mine fulle av spørsmål om kva man skal bli, gjør, tru på og kva slags menneske man vil vær. Eg hadde ein plan om studiar, livet, ekteskap og barn, helst før 30, for det er sånn det skal vær for alle er det ikkje? Så gjekk planen i vasken i ein alder av 23 og eg møtte motstand. Planen måtte revurderas, resultatet blei at eg bestemte meg for å ikkje ha ein plan, hehe. Dei 10 åra var fine, lærerike, vonde, slitsame, tøffe, morosame og fullt av flotte opplevelsar.

Bøker

– Å snakka om bøker er som å snakka om ei livslang kjærleik, så pompøst det en kan høyrast ut. Eg har hatt bøker som ein følgesvenn sidan eg lærte å lesa i ung alder. Det var heilt magisk som barn å bli med Pippi Langstrømpe på eventyr, knekka armen med Madikken, møta Riddar Kato på lag med Mio, jakta på tjuvar med Mesterdektiven Blomkvist og Hardy-gutane og bli lika forelska i Jørgen som Anne. Eg har heldigvis foreldre så leste masse til meg som barn, så oppmuntra meg og brødrene mine til å lesa og som aldri snakka om «jente» – eller «gutte»- bøker, for det fines jo ikkje.

– Lesegleda har eg tatt med meg inn i vaksenlivet, det er få ting som gjer meg meir glad enn ein god leseopplevelse. Å forsvinna inn i ein anna verden for ein time eller to er supert.  Når eg les forsvinn alt anna, alle dagligdagse ting og saker glømmes og eg fer av garde til ei verd der alt mulig kan skje. For ikkje å snakka om bøker med godt språk, når setningane svingar seg rundt og gir deg gåsehud. Lykke!

– Eg les eigentleg det alle mesta og synes det er vanskelig å bli spurt om kva som er min favorittbok. Korleis skal ein velga det eigentleg? Alle bøker er gode på sin måte, men favorittsjangeren er nok krim, fantasy, historiske romanar og filosofi. Når det er sagt så må det vel nemnas at det er få ting som er så vakkert som dikt på nynorsk. Alle burde lesa dikt på nynorsk synes eg, det er jo poesi på sitt aller aller besta. Alle burde lesa er vel eigentleg mantraet mitt, hehe J Det gjer deg bedte ordforråd, gjer deg kunnskap, ein venn for livet(har du Pippi med deg heila livet går alt bra) og alltid noko å snakka om.

Irene2Lykke

– Det er ingen som er lykkelig kvar dag, men eg trur mange hadde vært lykkeligare om dei senka krava sine til alt, alle og seg sjølv. Om man ikkje forventar så mykje blir ting enklare tenker eg. I dag er det så mange som postar bildar frå sine «lykkelige» live på sosial media, men er dei eigentleg lykkelige eller er det kun det beste sida ein viser? Fleire undersøkelsar viser at mange er ensomme, mange er lei seg og mange har ingen å vær med. Då hjelp det nok heller ikkje å sjå alle dessa såkalla «lykke»-bildane overalt. Kanskje alle burde bli flinkare å visa fram sanninga heller?

– Lykke for meg er det små tinga i livet og eg er enkel å gleda.  Å sykla på jobb med ny bruktsykkel frå finn.no i sol. Folk som ler. Nieser som fortell vitsar om ingenting, men som er løgne fordi dei fortel den. Heimlaga smykke frå niesa. Vennskap. Å ha gode venner som er med deg uansett, er jo toppen av lykke. God mat, god vin og godt selskap. Ei god bok. Ein god film. Ein fin sms. Eit smil frå nokon du likar. Kakao. Latter. Ei hand å holda i. Fine folk. Den gode samtalen. Fine brødre. Familie.

Livsfilosofi

– Me har eit liv tenker eg, og bør gjør det beste ut av det. Hovedkjerna i min livsfilosofi kan nok summeras opp i detta sitatet frå Dale Carnegie (ja, eg elskar sitat, hihi) : «It isn`t what you have or who you are or where you are or what you are doing that makes you happy or unhappy. It is what you think about it. Om man samanliknar seg sjølv med alle andre heile tiden blir det feil uansett. Man skal leva sitt liv som man ønsker det tenker eg, så får andre ordna med sitt liv. Er du glad i deg sjølv, liker deg sjølv og respekterer deg sjølv, står du fjellstøtt uansett kva livet sleng mot deg. Eg leste en gong eit intervju med ein sykepleiar så hadde spurt eldre på sjukeheim kva dei angra på i livet sitt. Overraskande nok handla ikkje svara om gods og gull, men om å tilbringa meir tid med barna sine, venner, le meir, jobba mindre og slike ting. Tankevekkande intervju eigentleg og kanskje noko for alle å tenka på. Man treng faktisk ikkje gifta seg fordi alle andre gjer det, eller få barn om man ikkje vil sjølv. Man treng heller ikkje reisa til syden eller ha hytta på fjellet om man ikkje vil det sjølv. I kjent stil kan eg  gjerna avslutta med eit sitat også: “When someone is nasty or treats you poorly, don’t take it personally. It says nothing about you, but a lot about them.”

IreneSørlandet

– Eg har budd her i 11 år og skulle som mange andre kun ta ein bachelorgrad før eg reiste heim igjen. Så tok livet ein av sine berømte svingar og så gjekk det 11 år. Sørlandet snik litt inn på deg eigentleg, plutseleg er det under huden på deg og du føle deg heima når du kjem på togstasjonen. Det er kort veg til alt, masse butikkar, sjø, fjell og turløyper. Det er hyggeleg her og lett å komma seg rundt. Eg slit fortsatt litt med nokre dialektord (kva skjer eigentleg med den apekatten?), og tenker vel av og til at alt ikkje treng å vær så greit, men alt i alt stortrives eg.  Men eg savne dog Rogalands-fjella og har hatt mange diskusjonar med venner her om tema. Som Rogalending synes eg fjella heima er finare, større og meir forblåste. Me er blitt einige om å vera ueinige.

Ord til studentane

– Eg hadde ei super studietid på daverande HiA og litt på UiA, eg håper du også du har det J Eg håper du trives og har fått deg venner. Eg håper du studerer noko du vil og får til, ellers skal du ikkje vera redd for å bytta studie. Eg håper du bruker studietida di til å studera, men også til å væra spontan. Nokon gangar treng man å la pensum væra pensum og vær med på kino. Reis på utveksling, diskuter med forelesaren din, sei hei til folk på studiet ditt og spør om han/ho så alltid sitt aleine vil vær med på lunsj. Utfordre deg sjølv, gjer noko du alltid har hatt lyst til, men ikkje tørt.  Kva er det verste så kan skje? Engasjer deg og still til val. I STA er det alltid eit val me treng folk til og man treng ikkje å ha masse erfaring. Bli med i ein studentaktivitet, STA har rundt 60 stykk som medlem og dei er alltid på leit etter nye medlemmer.  Med andre ord er det noko for ein kva smak J Studietida di blir faktisk det du gjer den til sjølv, så kast ankeret og hiv deg avgårde!

Praktisk informasjon:
Irene Bredal
37 år
Singel
Organisasjonssekretær hos STA

Tekst: Erika ErdösSend mail

Foto: Camilla Giulia FortunatoSend mail

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*