Studentradioen i Grimstad tilbake på prøve

Poster,-Studentradio-på-UiA-GrimstadMåndag 26. oktober klokka 11:30 er det prøvesending på studentradio i Grimstad. Innspelinga vil skje i kantina på UiA Grimstad, og publikum er velkomne til å sjå på.

Etter 5 års pause er Studentradioen i Grimstad tilbake, i alle for ein dag med halvtimelag prøvesending ved lunsjtid i kantina. Sendinga vil bli spelt av direkte på høgtalarar midt under innspelinga og det vil vere muleg å sjå på.

For dei som ikkje kan vere til stades, kan dei lytte til direktesendinga på følgjande nettadresse: mixlr.com/studentradioen_i_grimstad

Opptak av sendinga vil vere tilgjengeleg her: mixlr.com/studentradioen_i_grimstad/showreel

Radiosendinga er eit resultat av prosjekt i faget Prosjektledelse og -planlegging (IND416) i masterstudiet industriell økonomi og teknologiledelse (populært kalla indøk). Radiovert er Targeir Attestog, forfattaren av denne artikkelen. Han er også nyheitsredaktør i Unikum. Det tekniske er det Ahmad Alaassar og Rabin Osuma som står for. Alaassar er prosjektleiar.

Matematikk, fotball og karriere
På programmet står siste nytt frå UiA Grimstad og presentasjon av arrangement på Bluebox utover i november. Det skal vere tre intervju. Det første er med universitetslektor Morten Brekke frå MatRiC, senteret for innovasjon, forsking og koordinering i matematikkundervisning. Han skal prate om kva MatRIC og om lekse- og opplæringshjelpa som det tilbyr på UiA.

Det andre intervjuet er med Fredrik Lomeland Magelssen og Karan Man Hussain i Team6 Events, som er ei prosjektgruppe frå same klasse som radio-gruppa. Team6 skal arrangere FIFA-turnering den 14. november. Fristen for å melde seg på er 1. november, så du får sjansen til å lytte til radiosendinga for å få vite meir før det.

Det siste intervjuet er med Eirik Skaiå Wiehe, leiar i styret for karrieredagen i Grimstad 10. februar 2016. Han og ein annan frå styret skal fortelje om nokre av planane for karrieredagen og korleis studentar bør gjere seg klare for den.

Det skal naturlegvis også vere eit par musikkpausar.

Framtida til studentradioen
Prosjektgruppa vil gjerne ha tilbakemeldinga for sendinga. Lyttarar blir derfor oppmoda til å svare på spørjeundersøkinga bak følgjande link når sendinga er over:

Sist gong Studentradioen i Grimstad (SiG) var aktiv, var i perioden 2008-2010. Den blei då lagt ned på grunn av manglande nyrekruttering. Indøk-prosjektet vil danne grunnlag om muleg nyoppretting av Grimstad-studentradioen i 2016. Folk som ønskjer å vere med på oppstart av slik radio, kan sende e-post til forfattaren av denne artikkelen.

Side for direktesending: mixlr.com/studentradioen_i_grimstad/showreel

Side for opptak: mixlr.com/studentradioen_i_grimstad/showreel

Facebook-hending: facebook.com/events/897719956977750

Oppdatering:
No er prøvesendinga med Studentradioen i Grimstad over. Prosjektgruppa bak sendinga vil gjerne ha svar frå dei som har lytta til sendinga om kva dei meiner om den. Her er skjema for det:
https://docs.google.com/forms/d/1pQcmWmSxT7olJ94-o4-Vf6ipkiTYicHU-xmVDedZa88/viewform?usp=send_form

Tekst: Targeir AttestogSend mail
Illustrasjon:
Rabin Osuma (plakatdesign), Steinar Hovland (logo til gamle SiG)Send mail

 

1 Trackback / Pingback

  1. FIFA16-turnering på Bluebox | Unikum

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*