Desember-utgaven av Unikum er her!

02Forside-UnikDesUnikum finner du i magasinformat rundt om på Campus Kristiansand og Campus Grimstad i tillegg til utvalgte steder. God lesning fra oss i redaksjonen!

Les desember-utgaven her!

– Men først er par ord fra redaktøren –

Desember har både ei mørk og ei lys side for mange studentar. Opptil 18 av dagane i advent sit dei med eksamenar: skriftlege, munnlege, heime og i klasserom. Det er då lett for dei å kome i eksistensielle tankar som «Korfor valde eg dette studiet» og «Har eg valt riktig studium?». Føler du det slik? Då kan du trøyste deg med at du ikkje er aleine. Eg og fleire eg kjenner har merka at det har vore mykje å gjere med prosjektarbeid, innleveringar, heime-eksamenar og munnlege eksamenar, altså mykje å gjere før desember også. I tillegg er det kanskje nokre kameratar som har siste eksamen alt i november? Eg kan trøyste deg om at vennane dine sannsynlegvis hadde det travlare enn du fram til den siste eksamenen sin. Den lyse sida av desember kjem etter siste eksamen med juleferie og -feiring.

Trass i alle utfordringane med studie-arbeid og eksamenar, håpar eg at du kan finne avkopling og oppmuntring med denne advents-utgåva av Unikum.

Kan det vere arbeidspresset som hindrar mange studentar i å engasjere seg for si eiga velferd? I oktober var det studentval på UiA. 82,2 % av studentane stemte IKKJE. 17,8 % valde altså å stemme, enten av fri vilje og godt gjennomtenkt avkryssing av namn etter å ha lese om kandidatane på sitt fakultet eller freista av vaffellukt på STA sin valbod som førte til tilfeldig avkryssing. Eg tviler ikkje på at intensjonen til STA er god, men er ei tilfeldig stemmegiving like mykje verdt som ei gjennomtenkt ei? Noko som er derimot er tvilsamt, er om arbeidspress er grunnen til lite engasjement. Viss ein er engasjert for noko, vil ein alltid kunne finne tid til det. Ei valavis er rask å lese, men kanskje andre verkemiddel engasjerer meir?

Les desember-utgaven her!

Kva med å få til debattar mellom kandidatane, slik at veljarane får sjå dei i levande live, og ikkje bare på trykk i valavisa? Kva med å sende debattinnlegg til Unikum? Eg har bare funne eit døme på sistnemnte: Under studentvalet i 2014 sendte kandidat til Studentparlamentet, Anders Hurum, inn debattinnlegget «Vaffelvalget» til Unikum. Han kravde då urne og listeval, for at kandidatane skulle framstå som truverdige. Han meinte at veljarane måtte ha tru på og tillit til kandidatane for å kunne stemme på dei.

Unikum ønskjer hermed alle medlemmar av og framtidige kandidatar for Studentparlamentet og fakultetsråda velkomne til å sende inn kommentarar til Unikum.

Er det noko med studiet ditt eller studieforhold dine som du ikkje liker, kontakt din tillitsvalde i klassen din. Kontakt gjerne også representanten din i fakultetsråd og studentparlament.

Viss du ikkje stemte i studentvalet i år eller stemte tilfeldig for å få gratis vaffel, blir du tilgitt for det. Du får ny sjanse til å stemme gjennomtenkt neste haust.

Les desember-utgaven her!

Targeir Attestog
Vikarierande ansvarleg redaktør – Send mail

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*