2001 – ein avisodyssé

UnikumDenne månaden er det 15 år sidan Unikum nummer 0 kom ut. Det var temanummeret «Mellom brakker og berg», som handla om utbygginga av Høgskolen i Agder (HiA) sin nye campus på Gimlemoen. Det blei laga i eit prosjekt med studentar i mediekunnskap. Unikum-redaksjonen gav ut sitt første ordinære papirmagasin i februar 2001.

Sørvisa gjekk konkurs i 2000, kort tid etter at 14. årgang hadde starta. Hausten same året fekk SiA-leiaren og ein sivilarbeidar starta opp ei ny avis frå grunnen saman med nye journalistar og nokre frå Sørvisa. Norskstudenten Torgeir Moen tok oppdraget med å vere redaktør for dei tre første nummera av Unikum som kom ut våren 2001.

Hausten 2000 var Torgeir Moen i Studentparlamentet og representerte Avdeling for humanistiske fag. Han fortel at 90-talet hadde vore ei glanstid for studentaktivitetar generelt i Kristiansand. Klubbane på Stiften, Sørvisa og Studentradioen levde høgt. Studentkulturhuset Vaskeriet hadde gode tider. Rett før årtusenskiftet gjekk derimot rekruttering til studentaktivitetane ned. Moen har høyrt at Sørvisa hadde for høgt driftsnivå og inga god økonomistyring, og det gjekk derfor galt. Det skal også ha vore slik for Vaskeriet og andre studentaktivitetar.

– SiA prøvde vel å kontre alt dette med å legge opp til meir stringent økonomistyring, fortel Moen. Dei skal ha begynt å blande seg meir inn i korleis løyvingane til aktivitetane skulle vere.

– SiA som hadde ansvaret for dette her, meinte at det var for galt at dei ikkje hadde studentavis, for dei var opptekne av at HiA skulle satse og vekse, og bli universitet også.

Moen fortel at han møtte dåverande SiA-leiar Tor Erik Grimsli i Studentparlamentet, og oppfatta han som ein optimistisk, blid type. Han skal ha hatt ein finger med i det aller meste på den tida, og han var bestemt på at det var nødvendig med å starte med blanke ark, sidan Sørvisa var insolvent. Då han hadde fått økonomisk støtte frå HiA, spurde han Moen i oktober/november om han ville vere redaktør for den nye avisa. Grimsli hadde med nokre folk frå Sørvisa, men ville også ha med nokre heilt nye utanfrå. Moen var usikker, for han skulle til på hovudoppgåva, men Grimsli tok ikkje nei for eit svar, og lova at Moen skulle få all mogleg støtte. På seinhausten tok planlegginga til i bygget på Gimlemoen som i dag er kjent som STA-bygget. Eksredaktøren fortel at då han var i militæret, sov han faktisk i same rommet som der Unikum har kontor.

Ifølgje Moen var Grimsli oppteken av at namnet skulle signalisere noko eineståande og flott. Unikum er rett og slett latin for at noko er eineståande eller unikt. – Han ønskte eit namn med schwung over, som han kunne imponere rektor og SiA med.
I Tyskland eksisterte det frå før ei studentavis med namnet Unicum, men lite tyder på at det var inspirasjonskjelda.
DSC02078Ujamlege møte
Moen innrømmer at Unikum hadde ujamlege møte, og mest oppmøte rett før publisering. For kvar avis var det eit planleggingsmøte om det folk ville skrive om. For det meste var det slik at folk kom på kontoret og gjekk gjennom artiklane dei hadde skrive med redaktøren.

– Eg var jo veldig ambisiøs når det gjaldt språket, så eg var vel litt for hard med dei til å redigere, seier Moen som deretter siterer ein journalist som sa at folk ikkje blir inspirert til å skrive når redaktøren rettar alt saman. Datamaskiner (av typen Mac) blei brukt i 2001, akkurat som i dag. Sivilarbeidaren Tom Arne Skretteberg skal ha teke på seg ansvaret for produksjonen av avisa og var fungerande redaktør. Det var ingen andre redaktørar enn Moen og Skretteberg.

– Det var eigentleg ein flat struktur med meg på toppen og Tom Arne som eigentleg ville styre alt, seier Moen til det. Det var ingen dagar som passa for alle å møte opp på, og det kjentest av og til for Moen nesten som om han og Skretteberg dreiv heile avisa, for dei hadde ikkje overskot til lagbygging.

Sture Vareide tok bilete. Moen tok seg av det skriftlege og lagra det på ein server. Ifølgje Moen brakk Skretteberg, Vareide og ein som heiter Simen Narjord om avisa, som betyr at dei sette ho i hop og lagde den grafiske utforminga. Eksredaktøren hugsar at han var med på å godkjenne designen. Spesielt godt hugsar han pila under den første Unikum-logoen.

Alle gode ting er tre
Under dette intervjuet i 2013 arbeidde Torgeir Moen som hovudtillitsvald for lærarane i Aust-Agder med kontor hos Utdanningsforbundet i Arendal. No er han avdelingsleiar for filosofiske fag ved Sam Eyde videregående skole i same byen. Han såg med glede tilbake til Unikum-tida då han bladde i 2001-utgåvene. Spesielt stolt er han av Unikum nummer tre. Der var det også med saker frå høgskuleavdelingane i Grimstad og Arendal. Det var dessverre nokre problem med distribusjonen i Arendal fordi sivilarbeidaren ikkje fann fram til sjukepleiarskulen. På den tida var det nemleg ikkje vanleg med GPS. Det skal ha gått betre med å spreie rundt aviser i Grimstad. Moen fortel at dei la ut så mange blad på bord på høgskulen at dei enda opp på golvet. – Nummer tre var hjartenummeret mitt, for eg jobba heile våren med ei sak om vaskeriet. Den jobba eg veldig mykje med.

Unikum tjuvstarta eigentleg i januar 2001 med eit temanummer om den nye campusen på Gimlemoen som den gong var under bygging. Det var sett i hop av studentar frå mediekunnskap, og Unikum-redaksjonen var ikkje innblanda. Første eigentlege Unikum kom i februar og hadde utskriftskvoter som hovudsak. Utskrifter skulle no begynne å koste pengar over ei bestemt kvote, mens bruk av kopimaskin skulle vere gratis.

Nummer to er smalare enn dei andre blada den våren. Grunnen var at Moen skulle levere hovudoppgåva si samtidig som deadline. – Heldigvis blei vi redda av to jenter som hadde vore i Peru på utanlandsstudium med feltarbeid. Dei hadde skrive lesarbrev på 50 sider. Vi sat og kutta ned og kutta ned. Den utgjer halvparten av nummeret eller noko sånt. Det var altså eit venstrehandsnummer.

Moen var nervøs før kvart einaste nummer, og det var utfordrande å kontakte folk, for mobiltelefonen var enno ikkje allemannseige blant studentar. Epost skal ha fungert betre enn telefonsamtale og SMS på den tida.– Eg føler mest at eg var ein fagleg gjennomføringsperson. Tom Arne skal ha æra for den grafiske utsjånaden, og Tom Erik Grimsli var heilt klart arkitekten og generalen bak alt dette, summerer Moen opp og legg til at Grimsli ordna med pengar, trykkeri og annonsar, og at Grimsli er faren til Unikum viss nokon skal ha den tittelen. Etter at Moen slutta som redaktør, blei det førebels pause på eit år for Unikum før det kom eit nummer i april 2002. Etter det har Unikum med få unntak kome ut kvar studiemånad (september til desember og februar til mai) med utskiftande redaksjonar.

På slutten nemner den første Unikum-redaktøren ei overrasking han fekk i posten som var eigentleg meint frå Sørvisa. Det var ei 20 kilos kasse med vin. Med det låg det eit kort der leverandøren håpa på å få positiv omtale i avisa. Det tredje nummeret blei feira med å drikke dette opp. Moen seier tydeleg at Unikum ikkje hadde vinspalte då, og han trur ikkje Sørvisa hadde det heller, men pakkesendinga verka ganske rutinemessig. Han seier sjølv at redaksjonen ikkje høyrte noko meir frå dette vinabonnementet, noko som tyder på at det må ha gått over av seg sjølv. I dag er det kanskje endå større grunn til å feire Unikum, for den studentavisa har no fullført ein årgang meir enn Sørvisa klarte.

Tekst og foto: Targeir AttestogSend mail

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*