Kronikk: Det norske hus

960xNår det blæs og regnar i vintermørkret, er det ekstra enkelt å bli glad i huset. Midtvinters, når kvelden er mørk og vinden streng, liker eg å sløkkje lyset og la naturen prøve seg medan huset held meg trygg og varm.

– Ein kvar idiot kan byggje eit hus, sa bygningsmannen. Samstundes sa han at ein gjerne treng å bygge minst to-tre hus for å få alt til å stemme. Eg veit ikkje om eg er heilt samd med det første. Når eg kiker på husbransjen, ser eg at det er ganske vanskeleg og krevjande. Og at det er ein del idiotar. Det kan Forbrukarrådet stadfeste. For der er mykje som vert gjort dårleg og gale når der skal byggjast.

Når eg sit stille i mørkret, tenkjer eg på kor tungt det er, alt som er over meg. Ein einebustad med grunnmur veg ofte langt over hundre tonn. Materialane skal halde saman, med stor vekt, over tid, og motstå regn og sterke vindar. Det er slett ikkje sjølvsagt at det skal gå bra.

Då far gjekk i banken
Av og til trur folk at eg har greitt med pengar. Då seier eg at det er berre å bli med i banken, så forklarer dei klårt og tydeleg kor absolutt veik økonomi eg har, og at huskjøp slett ikkje er noko for meg.

Men pengar må til skal det bli hus. Eller «finansiering» som bankane og meklarane seier. For når «marknaden» stig, er det i røyndomen gjelda som stig. Ta eit tenkt, men røyndomsnært eksempel: Son (25) skal inn på bustadmarknaden. Sjølvsagt skal han ha ein stad å bu, medan det nærast sikre løftet om prisstiging lurer i bakhovudet. Tenk år 2000: Akkurat som meg, får heller ikkje son (25) noko bustadlån i banken etter å ha surra rundt med studium og deltidsjobbar. Difor må far (59) kome med sitt nesten nedbetalte hus og stille som trygd, så blir der husvære i arbeidarblokka frå sekstitalet for son (25), som får gjeld på prisen på husværet, ein blank million. Med tida blir året 2015, og son (25) er no 40 år gamal. 15 år har gått, og han skal selje. Lukkeleg for han har prisen stige til 2,49 millionar, det blir 1,5 millionar i gevinst! Husværet blir selt. Den nye kjøparen har spart i banken i mange år, fått litt pengar av mor, og arbeider støtt og stiller med ein halv million i sparekapital, så lånet blir på berre 80% av takst. Altså har gjelda på husværet dobla seg frå ein til to millionar i «vekstperioden».

Nordmenn gleder seg over å ta ut pengar som andre skriv opp i gjeld! Kranglete økonomar ynskjer også å få med rentefrådrag på skatten og inflasjonsjusteringar, og sosiologen ser ein verdi i at son (25) har levd i 15 år, men slikt tek ikkje gjeldsberget omsut til, det berre veks.

Då eg gjekk i kjellaren
For noko tid sidan skulle eg montere kvitevarer i eit kjellarhusvære. Tusenlappane gjekk, men eg såg berre småpengar samanlikna med bustadgjelda. Derimot fekk eg augo opp for handverkaren. Ein god handverkar er avgjerande for at sjølve huset og innreiing og monterte apparat skal vere trygge, haldbare og pålitelege. Ein god handverkar ser ofte at brukte husvære som er på marknaden til høge prisar, er i dårleg stand.

Eg gler meg over livsvisdomen eg fekk med meg frå handverkaren: Når noko ser vanskeleg og krevjande ut, så er det ikkje noko spørsmål om ein skal gjennomføre. Det er berre eit spørsmål om kor mykje styr og strabasar det medfører å få gjennomført prosjektet.

Ved sjølvsyn fann eg ut kor kritisk det er at maskiner og det meste i hushaldet står heilt i vater, og dessutan er montert skikkeleg fast. Eg fann ut at ein elektrikar og ein røyrleggjar alltid finn noko som ikkje er bra i eit halvgammalt hus. Men det verste med å lære å montere ei oppvaskmaskin ordentleg er at no ser eg knapt nokon andre som er installert på rette måten når eg kiker i hus!

Saga syng. På polsk!
I byggjebransjen har det blitt store omveltingar dei siste åra. Blant dei gode handverkarane finn vi diverre heile salaten av elende også: Dårleg utført arbeid av fagfolk som slett ikkje er fagfolk, elendige løner og utbytting av folk, juksing med skatt, moms og våtromsnormer for ikkje å snakke om at ein norsk lærling på yrkesskulen risikerer å bli einaste nordmannen i arbeidsgjengen der han bur! Ein handverkar, ein tømrar og ein ingeniør har sært viktige jobbar: Dei skal sørge for at huset ikkje fell saman og arbeide slik at huseigaren gjer ei trygg investering.

Talet på klager på bustadbygging har stige i fleire omgangar hos Forbrukarrådet, noko som peikar på dårleg informasjon frå byggjebransjen og låg kunnskap hos bustadkjøparar. Eg har lyst å tru på at husbyggjarane ordnar alt, men diverre er det oftast berre å gå i gang med vedlikehaldet, eventuelt klagene, nesten straks etter at husværet er innflytta. For det er uhyre komplisert å få til ein einebustad ordentleg, og slett ikkje noko ein kvar idiot klarer!

Tenk berre på veggane: Dei skal tole vind og regn. Dei skal isolere, både ved å halde varmen frå omnen inne og steiken frå sola ute. Dei skal stå støtt og bere taket, ikkje berre dersom orkanen kjem. Dei må puste slik at treverk og måling ikkje får fuktskader. Derimot skal dei ikkje sleppe inn mus og andre gjester som gjerne vil på vinteropphald. Og dette gjeld dei enkle treveggane. Murveggane er kanskje endå verre: Dei skal halde mykje større vekt, og stå støtt utan å  få sprekkar. I kjellarvegg må dei også halde rennande vatn ute og stø opp om eventuell jordbakke bak. I tillegg skal det vere røyr for varmt og kaldt vatn inni veggen, pluss straumkablar. Noko gode handverkarar får til medan andre produserer reparasjonstingingar. Men sjølv den beste tek feil stundom: Røyrleggjaren i huset hos meg bytte om på plasseringa av varmt og kaldt vatn!

Alt er annleis i Amerika
Noreg har glimrande tradisjonar for at folk flest skal få høve til å oppføre sine eigne hus. Typehus med Husbankfinansiering er ein av dei vanlege malane.
Huset eg vaks opp i derimot, følgde langt ifrå nokon vanleg mal. Til det var her for mange amerikanske bøker! Der finst bilete av veggar som ikkje vart bygde opp, men snekra ferdig liggande, og så reist opp i store modular, akkurat som dei gjer i Amerika. Eg har vakse opp med sentralstøvsugar, sjølvsagt ein amerikansk modell som vart spesialimportert før mange nordmenn visst kva det eingong var. Og ein hammar for meg kan aldri vere noko anna enn amerikanske Estwing. Det blir ikkje god spikring med noko anna.

Sjølvsagt er eg svært stolt av norske hus og norske byggjematerialar. Eg tykkjer at nordmannen skal nytte høvet til å ha lokalproduserte vindauge i huset sitt. Og så trur eg det er varmtvasstankar som framleis blir laga i Noreg. Men elles må nok nordmannen sjå at verda har kome til Noreg. På 1970-talet var det sjølvsagt med  leselys frå Osram-lyspærer laga i Drammen og husfred framfor Tandberg fjernsyn, laga i Oslo, i huset bygd av naboen som var snikkar. No er både byggjematerialane, interiørvarene og ikkje minst bygningsfolket importerte. Men bustadgjelda, den får nordmannen sitje med i Noreg.

Eg må få bu
For meg har ein ryddig hybel på 15 kvadratmeter gjeve nok funksjon og buglede. Det er skilnad på kva ein treng og kva ein ynskjer. «Ein skal jo bu» var det ein kar som sa, då det var snakk om lønsbetalingar og privatøkonomi. «Ein skal jo bu» tenkte eg då eg såg bilete av slottet i Versailles og høyrde historier om solkongen.

Om ein tenkjer globalt og bærekraftig er det absurd med norske einebustader. Så lite som ein person kan bu ein stad som krev over hundre tonn byggjematerialar for å bli oppført. Større bustader krev meir oppvarming, tek opp store areal som kunne vore brukt til gras sog fotosyntese, og inneheld mengder av giftig måling, plast og kjemikaliar. For naturmiljøet si skuld er det truleg best at menneska bur i små einingar i høge blokkhusvære, med trikkeskinner utanfor døra. For bumiljøet si skuld derimot, er grå betongkolossar ikkje bra. Med mindre dei utgjer første etasje av velplasserte einebustader.

Eg liker å bu. Det er eit poeng å ha avstand til naboen. Det er eit poeng å ha alt ein treng inni huset. På 1950-talet måtte ein ut av huset for å vaske klede, ut for å hente noko i bygdefrysaren og ut for å handle avisa.

Det gjev meg glede å bu. Eg liker at regnet prøver seg medan golvet inne, som ligg under bakkeplan, er tørt. Eg liker at vinden held seg ute. Og eg gler meg over at taket held seg oppe. Faktisk tenkjer eg meir på korleis målinga kjem til å klare å halde seg på veggen enn på utviklinga i bustadmarknaden. For huset gjer seg langt betre som ein boks i regnet enn som ein boks i banken.

Tekst: Alexander KempSend mail

Foto: www.dagbladet.no

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*