2002 – Unikum reloaded

Untitled-1Denne månaden er det nøyaktig 15 år sidan første ordinære Unikum-nummer kom ut, men siste Unikum i 2001 kom ut i april. For 14 år sidan var Helle Ingeborg Andersen (i dag Mellingen) og vennegjengen hennes i gong med å starte Unikum opp igjen.

Raske fakta om Helle:
Namn: Helle Ingeborg Mellingen (født Andersen)
Ansvarleg redaktør for Unikum mars–oktober 2002
Bachelorgrad hos HiA frå 2004 om fagomsetjing av fransk
Mastergrad hos UiA frå 2007 om nordisk språk og litteratur
Doktorgrad hos UiA frå 2013 om kjønn, seksualitet og religiøs identitet.
Jobb i dag: Rådgjevar for likestilling, inkludering og mangfald hos fylkeskommunane i Vest- og Aust-Agder
Sivil status: Gift

– Det hadde ikkje vore nokon studentavis på eitt års tid. Vi fann ikkje ut av kva som hadde skjedd, men vi ønska oss ei avis. Vi forstod at det hadde vore eit eller anna med Studentorganisasjonen som ikkje hadde vore heilt greitt, utan at vi grov i det. Men vi var ein god gjeng som sakna avis, og fann ut at då fekk vi starte ei sjølv. Og mi rolle var vel så mykje å ta ansvar for det organisatoriske: Få på plass eit styre, få på plass budsjett og få avtale med trykkeri brukte vi tid på. Trur nok at eg selde nokre annonsar sjølv i starten.

Helle og Unikum-gjengen hennes møtte aldri på den første Unikum-redaksjonen, men dei fekk til eit møte med Tom Erik Grimslid, som var styreleiar i STA og Unikum våren 2001. Det skal ha vore litt vanskeleg for STA med den dobbeltrolla, men Helle veit ikkje detaljane med det. Ho fortel at STA-styret blei bytta ut hausten 2001. Om vinteren kom ønsket deira om nyoppstart av Unikum. 6. mars 2002 hadde ho fått registrert studentforeininga i Einingsregisteret, og dagen etter blei ho valt til redaktør.

For å rekruttere, hengte dei opp plakatar rundt på høgskulen.

– Det kom ein artig gjeng med forskjellige folk som ikkje kjente kvarandre og studerte heilt ulike ting. Alle hadde lyst til å vere med. Det er sikkert veldig mange som eg ikkje hadde blitt kjent med elles.

Helle er glad for hjelpa ho fekk frå Mari Helland, Svein Frøysnes og dei andre som kom med frå Mediehøgskolen på Gimlekollen. Engasjement var ikkje nok; ein måtte vite korleis sidene burde designast. Mari hjelpte til med å få ei god breidde med store og små saker.

Kva slags utfordringar var det med å få i gong ei studentavis?
– Det var veldig mykje organisatorisk som måtte på plass, og så var det noko med Sørvisa, som hadde vore før Unikum igjen, hadde gått med dundrande underskot og gjort veldig mykje feil. Så det var også det å gjenopprette tilliten, men eg hugsar også at universitetsleiinga var glad for at nokre studentar ville ta fatt, så vi fekk bare godvilje frå alt frå Ernst Håkon Jahr, som var rektor då, til Studentsamskipnaden, og vi fekk veldig mykje hjelp og støtte undervegs. Men det gjekk jo på tid og kompetanse. Eg er veldig glad for at Mari og Svein meldte seg til teneste, for eg kunne ingen ting om det journalistiske. Vi visste bare at dette ville vi få til, og så måtte vi bare brette opp erma og kome i gong.

Unikum nummer 1 i 2002 kom ut i april, med eit nærbilete av ein garasjeport på framsida. Den porten var på garasjen for anleggsmaskinene for HiA-utbygginga. Det var meininga at drift skulle parkere der seinare, men Helle fortel at Unikum og STA pressa på for å få til samlingsstad der for studentar på Campus Gimlemoen på kveldstid.  HiA var då rask med å oppfylle ønsket til studentane, og mars 2003 fortalde Unikums framside at Østsia var ferdig.

2nd_editor_in_chiefHelle studerte fagomsetjing i fransk, og det var på grunn av utveksling i Genève frå oktober 2002 og ut våren etter at ho slutta fort i Unikum. Ho fortel at ho kunne sitje og arbeide mykje med Unikum i dei to første månadene av haustsemesteret. Då var skjelettet til Unikum bygd opp. Redaksjonen var stabil med skrivelystne folk, og ein hadde rekneskapsførande økonomistudent og trykkeriavtale på plass. Ein marknadssjef hadde då jobben med å selje annonsar. Unikum hadde då eit styre med representantar frå seg sjølv, UiA, SiA og STA. Ho fortel at det å ha STA i styret var litt ambivalent forhold, for Unikum skulle jo vere kritisk til dei.

– Vi var veldig tydelege på det. Vi skulle ikkje vere den forlenga kommunikasjonsarmen til STA. Vi skulle vere uavhengige. Eg hugsar at noko av det første vi gjorde var å gå litt hardt ut. Det var noko med at dei i STA på den eine sida snakka om å få opp engasjementet med at dei ville ha rettferdig kaffi, og så stod dei samtidig og delte ut Nescafé i termokoppar på stand ved studiestart. Dei dumma seg litt ut, meinte jo vi. Så då hadde vi ein kritisk artikkel om STA og dobbelkommunikasjon, hugsar eg.

STA blei glad for at Unikum reagerte på dette, og forholdet blei veldig godt. SiA hjelpte godt til i starten, og var glad for at nokon ville starte studentavisa på nytt. STA og SiA var opptekne av at det var studentane som skulle drive avisa. Helle nemner at finansiering måtte på plass og at dei fekk hjelp av SiA i starten.

Korleis var det med distribusjonen av Unikum i 2002?
– Vi køyrte jo mykje rundt. Vi fekk lov til å setje dei ut på kinoen og vi fekk avtalar med nokre kaféar i byen. Sjølvsagt var det viktigast å få dei ut på campus. Alt var jo dugnad, og alle måtte vere med på alt. Som redaktør gjorde ein ikkje mindre av slike ting, tvert imot.

Redaksjonen diskuterte om ein skulle få med studentar frå campusane i Grimstad og Arendal, og om ein skulle dele ut avisa der. Helle meiner å hugse at dei forsøkte å få til avtale om å få avisa over dit også, men kan ikkje heilt hugse korleis det gjekk. Redaksjonen var bevisst om det, og Unikum hadde nokre Grimstad-relaterte artiklar på den tida. Blant utdanningane som Unikum-medlemmane hadde, var fagomsetjing, IT, journalisme og økonomi, alle studentar i Kristiansand. Det tok lenger tid å reise til Grimstad på den tida. Det var lite kommunikasjon med e-post, og ein var avhengig av å møte opp for å samarbeide.

I dag klagar ein over at studentar ikkje engasjerer seg. Korleis var det på di tid?
– Det var vel eitt av hovudpoenga med å starte avis. Den første leiaren handla om at vi klaga mykje i kantina og drakk kaffi, men kanskje ikkje var kanskje ikkje så flinke til å engasjere oss utover det.

STA arbeidde også den gong med å få opp engasjementet. Helle synest at det er gøy at Unikum i desember 2015 brukte vaffel i karikatur av studentparlamentsvalet, for i 2002 steikte STA også mykje vaffel for å få folk til å stemme. Det er same problemstilling den gong som no, og nettopp det å få ut informasjon og få opp engasjementet var motivasjonen for Unikums oppstart.

Helle er både glad for å ha vore med i Unikum og for å ha sete i Studentparlamentet, studentstyret og til slutt høgskule-/universitetsstyret. Det har gitt henne mykje læring, vel så mykje som studia.

– Desse mulegheitene burde fleire gripe og slåss om å få, seier ho bestemt.

Bachelor i fransk fagomsetjing og master i nordisk språk og litteraturen var ikkje nok. August 2012 disputerte Helle på UiA for ein doktorgrad om ny ekteskapslov med rett for likekjønna par å gifte seg.

– Etter det fekk eg fekk jobb i fylkeskommunen som prosjektleiar knytt til likestilling i Agder-regionen. Der var eg først prosjektleiar i tre år, og no er eg fast tilsett rådgjevar på det feltet.

Kva slags nytte har du fått av Unikum-stillinga i den seinare karrieren din?
– Unikum i seg sjølv, veit eg ikkje heilt, men det å engasjere seg har betydd mykje. Det å sjå lenger enn si eiga utdanning og vere interessert i studentmiljøet og høgskulen eller universitetet, det har eg fått mykje ut av. Hadde det ikkje vore for Unikum, hadde eg nok ikkje fortsatt med alt det andre engasjementet.

Tekst: Targeir AttestogSend mail
Foto: Kristian Tyse Nygård, Unikums arkiv – Send mail

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*