På fornavn med: Targeir

03_targeir_cmyk_300«På fornavn med» er en av Unikums faste spalter i magasinet. I januar-utgaven har vi intervjuet Unikumveteran Targeir Attestog.

Raske fakta:
Alder: 26
Yrke: Data-ingeniør
Studium: Master i industriell økonomi
Fullført utdanning: Bachelor i datateknikk, årsstudium i tysk, master i IKT
Studentaktivitetar: Nyheitsredaktør i Unikum, PR-ansvarleg i Indøk Sør
Hobby: Dataspel, romanar, filmar, TV-seriar, rulleskøyter, innebandy, ski
Sivilstatus: Singel

Studentliv og jobb
Eg blei student for første gong i 2008. Den gong låg UiA sin campus i Grimstad ved Grooseveien. Dagens campus opna i 2010. Eg var heldig å få venner ganske fort. Det var til og med eit par av dei som kom bort og helste på meg alt den første dagen. Eg var lite med på sosiale arrangement. I 2009 blei eg med i AnimeNord, ein filmklubb for japansk animasjon, og blei kjent med filmar som eg elles ikkje ville ha funne meg fram til. Eg har mange gode minne derifrå.

I tillegg til data, har eg nesten alltid hatt ei interesse for språk, så eg bestemte meg derfor for å ta heile årsstudiet i tysk samtidig som siste året med bachelor i data. 1/3 av tysken blei samfunnsfag i bacheloren. På våren i 2011 møtte eg dåverande nyheitsredaktør i Unikum på brettspel med Studentmållaget i Kristiansand. Eg fekk lyst til å vere med i Unikum då eg fekk vite av henne at ein kunne skrive på nynorsk der.

Med bacheloroppgåve og tysk årsstudium på same tid, hadde eg ikkje tid til Unikum enno. På hausten var eg med på rekrutteringsmøte i Grimstad. Det har alltid vore utfordrande å rekruttere Unikum-medlemmar på denne tekniske campusen, og det var bare eg og to kvinner som møtte opp. Eg fekk mange nye venner i redaksjonen i Kristiansand. Eg skreiv blant anna om dataspelkurs på UiA og samanlikna Facebook med det nye Google+. Hausten 2012 blei eg debattansvarleg. Samtidig dreiv eg på med master i IKT og deltidsjobb som sikkerheitsanalytikar.

Mot slutten av våren 2013 viste det seg at Unikum var på randen av konkurs. Det hadde kome inn ei stor purring på moms. Kort fortalt hadde den 50 % lønna daglege leiaren gløymt å betale moms og ikkje skaffa nok annonsar. Verken opplag på 3000 eller sidetal på 40 hadde blitt redusert. Eg overtok dermed stillinga i september. Sidan eg hadde fulltidsjobb som programmerar i eit oljefirma no, blei ansvar for medlemsoversikt og distribusjon flytta over til ansvarleg redaktør, slik at vi hadde 25 % stilling kvar.

Vi hadde ei 24 siders augustutgåve, som fekk stort overskot med 7,25 annonsesider. For den like vellykka septemberutgåva hadde eg som debattansvarleg kontakta ulike ungdomspolitikarar om å skrive innlegg. Enkelte parti heldt faktisk fram med å sende inn innlegg med jamne mellomrom dei neste to åra. Opplaget blei redusert til 2000 og resten av semesteret heldt vi oss til maks 28 sider. Det blei færre annonsørar utover semesteret, men Unikum klarte seg med liten margin. Vi kunne feire og ta oss råd til pizza-julebord i desember.

Etter at eg slutta i februar, har det aldri vore alvorleg mangel på pengar hos Unikum. Eg blei mindre og mindre med som skribent, for eg var jo ikkje student lenger. Då eg blei arbeidslaus i slutten av 2014 på grunn av uventa låg oljepris, skreiv eg litt igjen i Unikum mellom jobbsøknadene mine. Då eg ikkje fekk jobb, søkte eg på master i industriell økonomi på UiA og kom inn på det. Eg fekk faktisk interesse for økonomi av den betalte jobben eg hadde hatt hos Unikum, noko som eg ikkje hadde brydd meg særleg om på mange år.

Nyheitsredaktøren i Unikum slutta, og eg meldte meg frivillig til å ta over den stillinga. Hadde eg visst at studiet mitt ville bli så travelt som det blei, med mange prosjekt og i tillegg sidevis med teori, ville eg kanskje heller ha valt å vere bare journalist, men det har likevel vore artig med denne utfordringa. I tillegg er eg no PR-ansvarleg for Indøk Sør, linjeforeininga for indøk-studiet. I haust har eg mest vore referent på styremøta der og styremedlem med mange innspel. No til våren blir det meir promotering av oss.

Sørlandet
I Bygland i Setesdal, der eg er ifrå, bruker vi heller namnet Agder om regionen, sidan Sørlandet blir mest brukt om kystområda. Eg liker meg godt både på kysten og i Setesdal. Etter å ha flytta frå Lauvdal for å studere i 2008, har eg for det meste budd i utkanten av Grimstad sin bykjerne, men har budd eit halvt år i Kristiansand og eitt år på Fevik. Spesielt på Fevik synest eg at det er lett å finne fine turområde rett ved kysten. Viss eg har heimlengsel, er det bare å ta ein joggetur på Dømmesmoen og Fjæreheia nær Grimstad for å føle at eg er i innlandet igjen. Ein fordel med Sørlandet er at det bare er ein dag med ferje og tog frå Tyskland. Eg har planar om utvekslingsstudium i München i haust, som blir to dagars reise med tog.

Bøker, film og spel
Det som er rart med meg, er at dei fleste skjønnlitterære bøkene som eg har lese, faktisk er på tysk. Mange av dei bøkene finst det faktisk ikkje ein gong engelsk omsetjing av. For dei som kan tysk, kan eg anbefale «Das Licht der Sterne» og «Genusya in Gefahr». Den første er filosofisk science fiction inspirert av «Sofies verden» og «Doctor Who». Den andre er fantasy som kritiserer bruk av religion som maktmiddel. Det er noko som er fascinerande med å lese bøker som nesten ingen andre i Noreg har lese. Eg liker også mainstream, amerikansk kultur, som superheltar og «Star Wars». Eg har også blitt spesielt glad i den polske western-aktige fantasy-dataspelserien «The Witcher» (med engelsk tale) og har nettopp begynt på bøkene bak (på tysk).

Barndomsminne
Eg var ikkje i barnehagen, så gome (bestemor) og gofa (bestefar) i nabohuset passa på meg. Det var alltid like artig kvar gong gome mi, Tore, ropte på Targeir, for det var også namnet til gofaen min også. Eg drøymte meg elles mykje vekk med teiknefilmar på TV og VHS. Eg kunne lage mine eigne fatasiverder, og ein kan sjå noko av det i skulestilane mine heilt opp i ungdomsskulen. Til ein julefest skreiv eg faktisk, med innspel frå andre i klassen min, manuskript til ein episode av TV2-komiserien «Karl & Co». Det blei framført, og eg hadde rolla som perfeksjonistdiktaren Ulf. Den feite kona hans Magda, som ein aldri fekk sjå i TV-serien, dukka opp i form av ei to-tre meter høg dokke.

Framtida
Eg er optimistisk for framtida, men er usikker på korleis ho vil bli. Eg trudde ikkje i 2013 at eg kom til å bli student igjen, og no er i gong med den andre mastergraden min. Eg er usikker på om eg endar opp som systemutviklar eller prosjektleiar. Kanskje blir det begge delar.

Det hadde vore moro å starte ei bedrift for å lage dataspel heime i Setesdal eller annan plass på Agder. Det hadde også vore artig å bli «groß in Deutschland» som romanforfattar, mens folk heime undra seg over kva eg tente pengar på. Bare fantasien (og økonomien) set grensar.

Tekst: Erika R. ErdösSend mail
Foto: Sandra Larsson

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*