2003 – Atter ein redaktør

2003_red_300_cyk_color_corrected

Frå oktober 2002 til oktober 2003 var Mari Helland Frøysnes ansvarleg redaktør i Unikum. Ho hadde vore med sidan nyoppstarten vinteren 2002, og studerte då til å bli siviløkonom på Høgskolen i Agder. Mari tok over som redaktør fordi forgjengaren Helle reiste på utveksling.

Fakta om Mari:
Namn: Mari Helland Frøysnes
Ansvarleg redaktør for Unikum oktober 2002–oktober 2003
2-årig avisjournalistikkutdanning hos Mediehøgskolen Gimlekollen frå 2001
4-årig siviløkonomutdanning hos HiA frå 2005
Jobb i dag: Konsulent i eige firma, Ymse AS
Sivilstatus: Gift

Det kom i Unikum godt med at ho hadde journalistutdanning frå Mediehøgskolen Gimlekollen frå 1999 til 2001. Me blar i nokre magasin frå redaktør-årgangen hennes.

– Eg var litt opptatt av at me skulle ha nyheiter. Me hadde relativt ferske nyheiter, og i tillegg mjukt stoff og kultur, for variasjon og for å ha mange lesarinngangar. Det var aldri noko problem å få folk til å gå på konsertar. Det å få lov til å gå på konsert var freistande i forhold til det å skrive om at Samskipnaden bygde for dyre hyblar.

Ho fortel vidare at mange artiklar var skrivne på nynorsk på den tida, for det var med fleire nynorskskribentar. Så nemner ho at dei arbeidde mykje med annonsesal og økonomi, for avisa måtte bli berekraftig i drift. Sørvisa hadde jo gått med kraftig underskot ved nedlegging i 2000.

Korleis gjekk annonsesalet på den tida?
– Eg hadde jo ansvaret for det òg, overordna, men me fekk inn andre siviløkonomstudentar å jobbe med oss.

Ho fortel om venner av seg som gjorde god jobb med annonsesal og rekneskap. Etter kvart gjekk alle utgåvene med overskot.

– Me var ganske sparsame, for me hadde lyst til å kjøpe digitalkamera og nytt utstyr. Me måtte ha råd til å gjere det, så då måtte me spare til det.

Unikum brukte då framleis kamera med film. Filmane blei framkalla hos annonsøren Fotomiljø i sentrum. Deretter blei dei skanna med negativskannar. I 2003 kunne Unikum kjøpe seg to digitalkamera, men nokre medlemmar fotograferte framleis med sine eigne filmkamera etter det.

Mari fortel at dei hadde greitt nok utstyr frå starten, og fornya maskinparken ganske kraftig i 2003. Dei hadde eit overskot i 2003 på 127338,38 kroner og selde annonsar for 267605 kroner. Inntektene brukte dei til å investere i nytt teknisk utstyr.

– Me hadde åtte ordinære utgåver og ei spesialutgåve i 2003. Sistnemnte handla om Studentda’ane, som var ein slags versjon av UGA. Det var i februar og lenge til me skulle gi ut neste nummer, så då kopierte me opp ei fire siders spesialutgåve i staden for å trykke den, for å kunne gi den ut der og då.

Ei viktig sak på di tid var opprettinga av Østsia. Kva kan du fortelje om det?
– Mange studentar ønskte eit studentsamfunn, og me ville bidra til å setje fokus på det, så den saka følgde me ganske tett. Biletet på førstesida som annonserer opninga av Østsia, er faktisk tatt av dekor der inne.

Ser at de hadde mange enquetar.
– Det handlar jo om å ha fleire lesarinngangar og gjere meir folk synlege i spaltene. Det er mange plassar der du kan bli dratt inn i teksten.

Mari var også grafisk ansvarleg gjennom studieåret 2002/2003. Ho fortel at dei hadde ganske mykje stoff og at dei alltid sat siste natta og designa før fristen. Dei prøvde å vere tidleg ute, men brekke-arbeidet kom alltid dei siste dagane uansett. Innleveringsfrist var måndag formiddag. Då la dei CD med trykkeklar PDF-fil med avisa i postkassa.

– Det blir så sein start, for det er noko med å sjå heilskapen i kva stoff ein har. Det er jo gjerne noko som skjer i siste liten, og så er det nokon som leverer litt seint.

Korleis var distribusjonen?
– I Kristiansand fordelte me når avisa kom, og så hadde me ofte pizza når me var ferdige. I starten betalte me pizzaen sjølv, for Unikum hadde ikkje råd til nokon ting. Det var bare akkurat nok til å betale trykkeriet. Men etter kvart kunne Unikum ta seg råd til å dekke pizzaen.

I Grimstad delte studentar ut på campus. I Arendal la bodet magasina ut på ein fast plass. I Kristiansand delte me ut på campus, Musikkonservatoriet, Spicheren, BI, Gimlekollen og på nokre kaféar.

Korleis var det med sosiale arrangement?
– Me møttest jo kvar veke til redaksjonsmøte. Det var jo viktig i planlegging av neste nummer, og så var det sosialt i tillegg. Det var jo mange forskjellige folk som var med. Det var veldig gøy, for det er jo ikkje nødvendigvis dei du møter til vanleg på studiet. Du blei kjent med folk på tvers av studieretningar. Det var jo ganske sosialt. Når du sit saman ei helg i månaden og produserer avis gjennom heile natta, så blir du jo meir kjent enn du blir i kantina på dagtid.

Me hadde jo litt sånne sosiale happenings. Eg har bilete frå då me hadde sommaravslutning på våren i solsteiken på benkane utanfor STA-bygget.

Korleis var forholdet med Studentradioen?
– Studentradioen hadde jo sendingar rett som det var då me var der. Me sat saman og prata og tøysa på pauserommet. Me delte jo pauserom. Dei hadde jo bare jo studio rett ved, på andre sida. Nokre folk bidrog begge plassar. Me hadde godt forhold med Studentradioen.

Korleis var det med studentengasjement på di tid?
– Eg veit ikkje om det har endra seg så veldig mykje: dei som engasjerer seg, gjer det veldig mykje, og resten bryr seg ikkje så veldig. Me hadde saker om studentval og oppmoding om å bruke stemmeretten, men det var ikkje slåande respons på akkurat dei områda. Me utfordra folk til å skrive debattinnlegg, for å få starta ting.

I ei av avisene finn ho lesarinnlegg om religionsfri kantine. Ho fortel at det sikkert var ein religiøs stand som ikkje alle likte. Alle la flygeblad på bord i kantina, så det var lett å dele bodskap med studentane.

Kva slags nytte har du hatt av å vere i Unikum i karrieren etterpå?
– Eg trur ikkje nokon jobb eg har hatt, har først og fremst falt på engasjementet mitt i Unikum. Men for min eigen del var det ein plass å få skrive-erfaring, parallelt med anna nyheitsjobbing i Fædrelandsvennen om sommaren. Og så var det spennande å sjå kva ein kunne skape av engasjement rundt saker der og då. Det å ha vore med i Unikum og studentlivet i heile tatt, seier noko om at ein er ein person som bryr seg og har kapasitet til å bry seg utover studia. Det betyr nok noko for tilsetjing, sjølv om ein som jobbsøkar ikkje veit i kva grad det tel.

Mari er stolt av å ha vore med på å gi ut studentavis med økonomisk overskot og velfungerande redaksjon. Ho fortel at folk visste kva Unikum var og begynte å tipse om saker avisa kunne skrive om. Ho var aktiv medlem i Unikum fram til midten av 2004.

Då Mari avslutta siviløkonomstudiet i 2005, blei ho med i Trainee Sør, der ho arbeidde hos Agder Energi, Kristiansand kommune og Fædrelandsvennen. Etter dette fekk ho jobb i Fædrelandsvennen med forretningsutvikling. Mari tok sluttpakke der i fjor, og hadde då tittelen utviklingssjef. Ho jobbar no for seg sjølv som konsulent med å gjere ulike verksemder betre i effektivitet og kommunikasjon.

Mari er gift med Svein Frøysnes, som var fotograf og teknisk ansvarleg i Unikum då ho var der

Tekst: Targeir Attestog: Send mail
Foto: Kristian Tyse Nygård: Send mail

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*