Stress meg vekk!

2-2002_sm

Kom igjen, slapp av no! Eg ser den svære klokka der dei svarte visarane tikkar og slær framover umåteleg fort mot den kvite urskiva, langt der oppe på strieveggen. Dama strever med å handsame tappeapparatet medan eg allereie er for sein. Eg skulle ha vore attende på arbeidet. Men papira mine frå journalen er borte vekk. Blodtrykksmålaren arbeider under press. Telefonane ringjer i lomma mi. For eg hadde med to denne dagen. Eit fredeleg avbrekk på benken, med besøk på blodbanken, blei plutseleg eit jag og eit krevjande stykkje der eg fekk syne kor dårleg eg er til å slappe av på kommando.

Nye ord for same stoda
På 80-talet heitte det oftast stress. På 2000-talet blir det gjerne kalla tidsklemme. Travelt har det alltid vore. For røyndomen er at det var minst like gale tidlegare. I gode oldemorstider trur eg det var endå verre. Mor på garden, som truleg ville reagere dersom du prøvde å bruke noko mildare ord enn gardskjerring og bondekone for å skildre henne, starta dagen i gryotta. Det var så tidleg at det kravdest ein matbit som kjem lenge før frukosten, nemleg åbiten. Bondekona var oppe og gjekk i fjøsen for å mjølke kyrne, stelle hønene, og sjå til at grisen og hesten fekk eitkvart. Deretter bar det inn for å setje i stand frukost til folket, gjerne i fleire generasjonar, pluss slektningar på vitjing om sommaren. Og maten vart laga heilt frå grunnen av: bake brød, skrelle og koke poteter, ta oppvasken, passe borna, vaske kleda. Og delta i arbeidet på markene. Eg trur stress og tidsklemmer berre er andre ord på den heilt vanlege norske bondetilstanden, nemleg å ha mykje å gjere.

Hovudet treng ro
Eit av mine favorittar frå lesesalen på universitetet er oppslaget som ber folk om å ikkje bruke mobiltelefon: «Ikke bruk mobilen, den forstyrrer oss! (Og nei, det nytter ikke å ha den på lydløs, for vi hører fremdeles at du trykker i vei!)». Nydeleg! Hovudet treng verkeleg fred for å tenkje! Likevel lurer eg på korleis ein skal ta studium som ei førebuing til arbeidslivet, der det ofte er ringing, masing, timeplanar ein heng langt etter med, og gjeremål som tårnar seg opp sjølv om ein står på og er effektiv.

Det er stundom vanskeleg å halde seg alvorleg når somme skildrar arbeidsstaden sin: Ein telefon på kvart øyre og begge hendene på tastaturet. Og beskjed om at vedkomande ikkje må uroast på arbeidet! Somme arbeidsstadar er jo ein karikatur på den stressa arbeidstakaren. «Eg må avslutte denne telefonen, for neste samtale ringjer allereie!» Folk som vil prate på arbeidet er ei upraktisk plage. Den beste delen av arbeidstelefonsamtalen er «ha det, hei».

Når ein er vaksen og travel, syner det seg at nokre av dei beste tidene er når born kjem og seier at dei kjeder seg. Eg seier då at dei må ta vare på stunda, for no er noko av den beste tida, når ein berre kan sitje der og ikkje ha oppdrag som ventar, ingen timeplan som kjem og null gjeremål som må utførast.

Arbeidet krev fred
Dramatikaren Jon Fosse sa i eit intervju for nokre år sidan at han treng ro når han skriv. Han skildra korleis han treng å kutte ut reiser og avtalar, og la ein tom timeplan vere grunn for å skape nye tekstar. Akkurat, tankane treng tid og rom for å fungere. I vaken tilstand må vitet arbeide seg gjennom tankerekkjer og resonnement, heile vegen. Ein treng tid til å tenkje og arbeide utan at det er noko som venter. Utan uroande lydar og avbrytande beskjedar.

«Mykje å gjere» er eit blad med to eggjer. Eit viktig faktum er at den som er oppteken, oftast får mykje gjort, og bruker lite tid på å lure, gruble og vente. Plaga er gjerne at oppgåvene som blir gjennomførde er dei som krev mest, så tinga som må gjerast, et opp tida frå dei ein har lyst til å gjere.

Lær av proffane
For meg er det slik at arbeid, ærend og ein del andre oppgåver utførast. Og desse tek tid. Tida det er lettast å ta av, er «fritid».

Dette med at tankane treng tid for å fullførast, syner seg særs godt medan ein søv. For meg synest det mest kvar dag å vere slik at vekkjarklokka set i gong medan eg er midt i ein viktig draum. Biologisk sett treng hovudet rikeleg tid til å sove og få dei kjemiske prosessane i balanse. Praktisk sett er det full skjering mellom leggetid og skjermtid på kvelden.

Det er berre å rekne ut: «Prime time TV» er etter tradisjonell amerikansk mal frå åtte-ni-tida på kvelden og fram til elleve. Det kan gjerne diskuterast kor mykje søvn folk treng, men eit enkelt anslag på sju til ni timar syner kjapt at det ikkje let seg gjere å ha både fritid/tv-tid til såkalla normale tider på kvelden, sove nok, ha god tid til dusj og frukost og så reise til arbeidet og vere godt utkvild og klar morgon klokka sju.

Søvnekspertisen seier dessutan at lys om kvelden, spesielt frå skjermar, er eit særs dårleg utgangspunkt for god søvn. Og treng ein verkeleg anna prov på at folk søv for lite enn å sjå den massive bruken av vekkjarklokker og alarmar om morgonen?
Eg trur det rett og slett er lurt å skjere igjennom og kutte ut ein del ting for å få timeplanen til å fungere i den forstand at han inneheld nok kvile. Det kan vere gagn i å seie til ein del gjeremål at vi ikkje har kapasitet. Å vere utkvild er glimrande førebuing.

«Eg kjeder meg»
For nokre herlege ord! Diverre har eg ikkje hatt høve til å nytte dei på mange, mange år. Tanken på å vere frigjort frå gjeremål i tilstrekkeleg grad til å finne livet kjedeleg er ein luksus som eg tenkjer kunne gjere meg godt. Dagar utan oppgåver, utan avtaler, og utan vekking høyrest svært freistande ut.

Den stygge ironien er at folk med mykje ledig tid, tid til fred og ro, tid til å stresse ned, oftast diverre ikkje har godt av det. For eksempel menneske som er uføretrygda, sjukmelde og har elles gode årsaker til å vere melde seg av travle kvardagar, kan få tid til å gruble på vonde tankar, tid til å konstruere røyndomar som ikkje treng å vere så veldig sanne, tid til å sjå på tida som eit vonde og ikkje eit knapt gode.
Den tida arbeidsfolk hikar og tørstar etter, tid til film, litteratur, frisk luft og kvile kan vere ein mare for dei som har henne. Å setje seg i sofastolen etter ein tolv timar lang arbeidsdag er ei frelse. Å setje seg i sofastolen på trettande timen etter tolv timar der med dårlege tankar er ei ulukke.

For einskildmennesket er det sjølvsagt sunnare om vi deler arbeid og fritid jamnare. Litt arbeid og mykje fritid høyrest flott ut for meg. Men røyndomen er ikkje slik. Same samfunnet inneheld både folk som arbeider mykje og er særs opptekne og stressa, samstundes som mange ikkje kjem seg inn i det same arbeidslivet, det som tyngjer somme med gjeremål. Fleire arbeidsgjevarar vil heller ha to personar som dei vel sjølv til å arbeide 120% stilling kvar, heller enn å ha tre tilsette som arbeider 100% stilling, der den eine er ein dårleg arbeidstakar. Innimellom talane om «inkluderande arbeidsliv» veit eg også at det rett og slett er meir effektivt å la produktive personar arbeide meir og la ein del vere utanfor arbeidslivet. Sanninga er ei frykteleg skildring av eit menneske: «Det svarar seg ikkje å ha deg i arbeid».

Ta meg med
Endringar gjer ofte godt. Kan hende er det sunt å kutte i kvardagen slik at der berre er tid til arbeid, mat, vasking, frisk luft og søvn. Søvnklinikken er garantert samd i at fjernsynet og småskjermane toler mange kveldar åleine. Morgonmennesket er garantert interessert i at kveldsmannen klarer å kome seg under dyna på eit mørkt soverom ein tidleg kveld. Å finne søvn og kvile tidsnok, og å gjere nattefreden til ein større rekreasjon kvar einaste dag, trur eg er det akutt-tiltaket som monnar mest for både folkehelsa og trivselen.

Eg tykkjer det er komisk at sjølv eg skal vere så oppteken, tidvis stressa, og ha mykje å gjere. Det var aldri planen å bli ein travel vaksen. Eg har ikkje gard, eg har ikkje born, eg har ikkje billån, og eg har ikkje huslån. Likevel er eg bunden til arbeidslivet tidsmessig og økonomisk.

Stresset derimot, det er det ingen som legg på meg med vilje. For meg er det viktig å klare å velje og å velje vekk. Eg treng å flytte hovudet til ein rolegare stad, medan kroppen held seg på same staden. Faktisk er det ikkje berre snakk om å finne mindre stress, men å gjere lange, travle dagar til endå meir positive opplevingar. Då veit eg at eg klarer å finne ein endå betre stad her eg er. Og då kan eg måle blodtrykket på ny.

Tekst: Alexander KempSend mail
Foto: Svein Frøysnes (Unikum mai 2002)

 

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*