Film: Løvekvinnen

Eit skandinavisk meisterverk levert av Vibeke Idsøe med eit strålande persongalleri

 

Filmen

Heilt i starten vil eg byrje med å varsle dykk – ikkje sjå denne filmen om du er redd for å bli treft i hjarta og felle ei tåre (men også le ein ektefylt latter som ei slags letting over at det gjekk bra til slutt). «Løvekvinnen» er ein opprørande, engasjerande og medrivande film som tek barns oppvekstvilkår på alvor, for å byrje ein plass. Den er ein flengande samfunnskritikk mot menneske sitt behov for underhaldning for ein kvar pris. Skaparane bak «Løvekvinnen» har verkeleg nytta seg av moglegheita filmmediet gir med tanke på å levera ein tydeleg bodskap ved å treffe folk kjenslemessig.

 

Løvekvinnen
Løvekvinnen (Foto: Filmweb)

 

Regissør

«Løvekvinnen» er ein adapsjon laga av regissør Vibeke Idsøe, som også har skrive manuset av Erik Fosnes Hansens roman med same namn. Idsøes debutfilm var «Jakten på Nyresteinen» i 1996, og i 2006 hadde ho stor suksess med «37 1/2».

 

Handling

«Løvekvinnen» handlar om manglande etikk og moral i den medisinske forskingas historie. Den handlar djupast sett om eit kvart menneske sin ibuande integritet og autonomi. På tross av dei opprørande mellommenneskelege scenene, så syner den likevel kjærleiken og omtanken som finst mellom menneske. Den handlar om dei djupe kjenslemessige banda som blir knytt mellom menneske. Den handlar om det farlegaste oppdraget kvinner kan utsetjast for – nemleg ein fødsel. Den handlar om livets sirkel – eit menneske blir født, medan eit menneske døyr. Den handlar likevel først og fremst om eit løvetannsbarn – eit menneske som klarar seg i livet mot absolutt alle odds. Jordmora forbarmar seg over spedbarnet, og sørgjer for stell og mat inntil ho blir avløyst av ei 17 år gamal jente, Hanna, som sjølv nyleg har mista sitt born. Hanna (òg jordmora) steller og hjelper Eva – frå ho er eit spedborn til ho forlèt oppvekstheimen med den einsame og steile faren, stasjonssjefen. Legen og faren prøver å trosse lovene, og halda Eva tilbake frå å gå på skulen. Når ho endeleg kjem til skulen, blir ho utsett for fysisk og psykisk vald frå sine medelevar, i tillegg blir ho også utsett for psykisk vald og fridomsfrårøving av faren.

 

Lyd og bilete

Kameraføringa er nærgåande i dei augeblikka då karakterane er sterkt kjenslemessig til stades. Elles er kameraføringa meir tilbakehalden. Kostyma og rekvisittane er alle tidtypisk perioden filmen handlar om. Dette medverkar til at ein lever seg godt inn i filmen, og lar seg røra, engasjera og grina.

 

Karakterane

Rolf Lassgård storspeler som stasjonssjefen. Likså gjer Rolf Kristian Larsen som ‘Gnisten. Og Lisa Loven Kongsli som amma, barnepassar og kokka «Hanna». Aurora Lindseth-Løkka, Mathilde T. H. Storm og Ida Ursin-Holm, er alle imponerande som «Eva» i de forskjellige livsperiodane av livet hennar frå spedbarn, barn til vaksen kvinne.

 

Konklusjon

Eg vil på det sterkaste anbefale «Løvekvinnen» for alle. Dette er ein film som set seg i hjarta og ryggmargen. Eit skandinavisk meisterverk levert av Idsøe med fleire.

 

Karakter: 6

 

Tekst: Rigmor Solnes
Foto: Filmweb

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *