Unikum opnar PDF-arkivet

Unikum fyller 15 år. I samband med det offentleggjer avisa alle utgåvene sine som finst på PDF.

 

alle-logoar-620px

Les PDF-ar av gamle Unikum-blad her!

Under leiting i lokala våre har vi i Unikum klart å finne CD-ar med utgåver frå 2001–2003 (og baksidene frå 2004) og ein harddisk med utgåver frå 2007–2009. Dessutan var alt frå 2009 til i dag lagra på vår filserver. No ønskjer vi å dele dei ferdige blada i PDF-utgåve med alle på Internett, så alle kan få eit lite innblikk i korleis studentar i Kristiansand, Grimstad og Arendal hadde det nokre år tilbake. Ja, du las riktig. Arendal hadde æra av å vere universitetsby i tre år før sjukepleiarstudentane der flytta til Grimstad i 2010,  etter mange år med høgskuleavdeling.

 

Unikum september 2002
Unikum september 2002

Viss du trur at studentar ikkje engasjerer seg i Studentparlamentsvalet, må du sjå på valet i 2002. STA sleit då med å finne kandidatar, og valdeltakinga var mykje lågare enn i dag. Internett var nemleg ikkje så godt eigna velbrukt som informasjonskanal som i dag. Unikum-magasina på den tida hadde mange notisar om studentnytt frå siste månaden, omtrent som nyleg innførte «En håndfull studentnytt» i dagens Unikum.

I magasina frå tida 2009-2013 kan du lese nettopp om strida om denne flyttinga frå Arendal, og om opninga av nye Campus Grimstad. Vi får også vite om Studentradioen i Kristiansand som slutta å sende på FM og gjekk over til bare nettradio omkring 2011. Elles får du same gamle historiene om høge prisar i kantina og andre problem som studentar slit med i kvardagen. Du får også innblikk i nokre av arrangementa til studentane, som sannsynlegvis minnar mykje om dei som du har vore med på sjølv, men også nokre overraskingar.

 

Unikum september 2010
Unikum september 2010

Det som manglar av digitale utgåver er magasina frå desember 2003 til oktober 2007 i tillegg til prøvenummeret Hialogen frå desember 2000 og spesialutgåva om utbygginga av Gimlemoen frå januar 2001. Viss nokon der ute har liggande nokre Unikum-PDF-ar frå desse tidene på harddisk, ver snill å ta kontakt med oss. Vi har alt på papir, og håper på skann blir muleg å få til om ikkje altfor lenger. Alle Unikum-magasin er offentleg tilgjengelege på Universitetsbiblioteket i Agder.

Kos dykk med gamle magasin!. Sjå gjerne om det kan vere intervju der med vennar og kjenningar som studerte på HiA/UiA, Mediehøgskolen Gimlekollen, BI Kristiansand eller Ansgar teologiske høgskole. Eg er usikker på om det er tidlegare reportasjar frå Noroff, men det får du uansett i intervju i hovudsaka i septemberutgåva 2016, som kjem ut i morgon. Gled dykk til den og alle andre Unikum-magasin i framtida!

 

Les PDF-ar av gamle Unikum-blad her!

 

Tekst: Targeir Attestog – nett@unikumnett.no

Framsider: Unikums digitale arkiv
Illustrasjon: Pia Lehtinen

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*