Kvardagstankar om kjærleikens kraft

strek

Kjærleik er utan tvil ein viktig del av oss menneske. Opplevinga av å elske, og kjensla av å vere elska. Kjærleiken er drivkrafta i liva våre. Dei aller fleste filmane me ser omhandlar eit kjærleiksforhold, likesom romanane me les. Også moderne musikk og songtekstar er gjennomsyra av romanse og begjær. Me sluker kjærleik. Det rører oss. Det bevegar oss. Gjennom menneskas historie har diktarar, kunstnarar og musikarar prøvd å framstille kjærleikens essens. Hemmelegheiter og mirakel, som
aldri går av moten. Forbode kjærleik. Kjærleikssorg. Og kjærleik som ei altomfattande kraft i den verda me lever i.
Men kva er denne kjensla, denne krafta? Og korleis fungerer kjærleik som objekt i eit avisinnlegg?

Kjærleik som fenomen er vanskeleg å definere presist og objektivt, kanskje fordi kjærleiken ikkje er presis og ei heller objektiv. Likevel har veldig mange flinke menneske prøvd å beskrive kva kjærleik er. Wikipedia er ambisiøse som alltid og går fort fram med ei uunnverleg sanning: «Kjærlighet er en menneskelig følelse, vanligvis rettet mot et annet menneske.» Det pleier ikkje å vere lett å arrestere Wikipedia på presisjon. Likevel finn eg ordet «menneskelig» nokså overflødig. For kjærleik til andre, særleg til eigne born og til make, er ikkje berre tildelt menneska. Eg såg ein gong eit naturprogram om ein paddefar som redda sine sædcelleliknande småtassar frå ein drukningsulukke. Det er kjærleik! Ja, kjærleik må da vere noko meir enn ei menneskeleg kjensle? Hjå store diktarar visar kjærleiken seg ofte som noko meir. Hamsun skreiv at kjærleiken vart verdas opphav og verdafranz_rose_cmyk_300s herskar, E. E. Cummings skreiv at kjærleiken var før sola og meir evigvarande enn alle stjerner, eit håp utan motstykke i frykt. Og kanskje den største av alle filosofer, Idol-finalist Gaute Ormåsen, summerer det heile opp med den djuptgripande aforismen: «Kjærlighet er mer enn forelskelse.»

Eg har ein gong høyrt at kjærleiken er det eine motiv som styrer alle handlingar. At det er kjærleiken som får oss til å stå opp om morgonen. At det er kjærleiken som driv oss inn på dunkande nattklubbar i helgene. Og da er det er vel kjærleik som får nokre menneske til å tisse i offentlege dusjar, eller drikke av kollektivets juice rett frå kartongen? Ja, me elskar alle oss sjølv. Og me fortener kanskje ei lita sjølvløn i dette endelause tilværet av plikter og omtanke. Så er det vel med kjærleik i sinnet at parkeringsvakta overser alt som heiter skjønn og tvingar meg til å bøte for min syndige fem minuttars feilberekning? Joda, kanskje han elskar sin kvardag og sin funksjon i samfunnsmaskineriet. MEN! Kan nokon, i kjærleikens namn, styre eit fly over eit
framandt land, sleppe ned eit nyutvikla masseøydeleggingsvåpen, drepe titusenvis av sivile menneske og leggje storbyar i ruinar? Jada, det kan nokon. Kanskje det var for noko større. Kanskje det var for fred og harmoni. Kanskje det var for å ryste eit system som systematisk trua pilotens eige fedreland og alt det gode som kunne ha vore. Kanskje det var for kjærleiken.

Så kanskje er kjærleiken, i overført tyding, verdas herskar. Men herskaren er ikkje suveren. Likesom vår eigen monark, er kjærleiken ein passiv fyrste. Eit symbol på alt det som foreinar oss og held oss saman. For skulen har jo lært oss at det er me, folket, som sit med makta. Åleine som individ, og saman som gruppe. For uansett om kjærleiken herskar eller ikkje, så er det me som må utøve denne veldige krafta. Og korleis gjer me det?

Nyheiter. Underhalding. Treningssenter. Asfalt. Pengar. Reklame. Politikk. Mobiltelefon. Utdanning. Kvar er kjærleiken i det? Nyheitene pumper jo berre ut elende. Elende og drit. Filma, avbilda og drøfta frå ulike vinklar og perspektiv. Aldri noko vakkert. Aldri noko hyggeleg. Aldri kjærleik. Asfalt er ikkje kjærleik, reklame er ikkje kjærleik. Heller ikkje Tinder, treningssenter, bilar eller fotballsko. Alle desse tinga som omgjev oss. Dei er berre til, dei er fornuft og dei er verda me lev i, men dei er sjeldan fulle av kjærleik. Kva så med krig, valdtekter, svindel og drap? Det må vere noko anna. Me kallar det vondskap, heslegheit, eller hat. Hat er sterkt. Sjølve motpolen til fenomenet som eg allereie har nemnt 34 gonger i dette ambisiøse avisinnlegget. Men kva om hat berre er mangel på kjærleik? Slik som kulde berre er mangel på varme. Kulde har ikkje nokon kjelde. Kulde er berre er eit utgangspunkt. Realistane meiner at 273,15 minusgrader må vere det absolutte nullpunkt. Ingen varme. Finnes det eit slikt nullpunkt for kjærleik også? Eit absolutt hatpunkt? Om det er tilfelle, så er min single sjel 50 gradar og lunken. Ein mor som held sitt barn for fyrste gong må vere rykande varm og 90 gradar. Ein one night stand kan ikkje vere meir enn 37 gradar. Bombinga av Hiroshima gav ein heil verd frysingar med 30 minusgradar. Og eg tør ikkje eingong tenkje på korleis dette absolutte hatpunkt hadde vist seg i ei menneskeleg handling. Viktigare er det vel at ei ungdomsforelsking kunne ha smelta jern med 1500 gradar.
Korleis pratar me om kjærleik? Me pratar vel sjeldan om kjærleik til menneske me ikkje kjenner. Og kanskje ikkje så altfor ofte med folk me kjenner heller. Eg spør iallfall sjeldan kameraten min om kjærleiken han føler for sin kjæraste. Og eg spør ikkje min far om korleis han vil definere kjærleik. Me pratar med venar om sex og sladder og felles interesser, og me pratar med fedrar om utdanning og nyheiter, eventuelt pengar. Men me følger også venane våre gjennom berg-og-dal-banar av kjensler. Sjalusi, romantiske sydenturar og konfliktar. Og me kan diskutere musikk med kvarandre. «Veit du kvifor eg elskar dette albumet?» Me kan sitje på nachspiel og kanskje nærme oss 80 grader på kjærleikskalaen, berre for eit musikkalbum! Eg er også sikker på at nokon kan føle eit sterkare kjærleiksband til ein engelsk fotballklubb, enn til sin eigen kjæraste. Så innhaldet i nære samtaler grensar nesten utelukkande mot kjærleik. Me brenner for ting. Enten det er parforhold eller songtekster det går i. Me brukar berre ikkje ordet kjærleik, det er følsamt lada. Det er klissete og upassande.

Ja, følsamt er det. Og klissete? Kanskje ved 37 grader. Men upassande kan det da ikkje vere? Kjærleiken omringar oss. Me er vorte til av kjærleiken. Og kjærleiken driv oss framover. Det er vår alles felles interesse. I større eller mindre grad. Me er jo kjærleik. Av og til brennheite. Av og til kalde og lukka. Kjærleiken er mangesidig. Den viser seg i det konkrete, i tinga og i kvardagen. Den er det universelle og kosmiske. Og sjølv om den er umogeleg å begripe, så kan den definerast, beskrivast, skildrast, drøftast og dyrkast. Til og med i et avisinnlegg. Det
er vakkert. Det er kjærleik.

strek

Tekst: Franz Rose Bengtson

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*