Innlegg: Velferdstingets prioriteringar

Dei som bestemmer over pengane til studentaktivitetane har ikkje noko problem med å tildele pennar for 5.400 kroner til seg sjølv, eller forandre sin eiga søknad lenge etter tidsfristen. Så priviligerte er ikkje dei andre aktivitetane.

Mitt namn er Egil Tveit og eg har ein hjartesak: Mannskoret Quantum!

Eg er leder i mannskoret for andre år på rad og trivast supergodt. Nå har det seg slik at eg òg sitt i studentparlamentet, LU-styret og som vara i Velferdstinget eller VT om du vil.

Les Velferdstingets svar her.

Det er ingenting eg brenn meir for enn engasjement bortsett frå Quantum, men det er ikkje det dette innlegget skal handle om.

Det dette handlar om er nettopp VT. Kva slags prioriteringar dei tar når det gjelder utdelinga av studentsosiale middel. Det har seg nemleg slik at fordelingsutvalet, eller FU, et underlagt styre i VT, legg fram vedtak for tildeling av middel, men det er VT som gjer det endelege vedtaket.

I år søkte Quantum om investeringsmiddel til 26500 kr. Blant desse skulle 20000 kr gå til innkjøp av 20 brukte iPads til 1000 kroner stykket, det er ganske billig det. Vedtatt 0 kr.

VT hadde søkt om pengar til å gå til innkjøp av ein (1) iPad til 12 000 til leiaren i VT, riktig nok inkludert trådlaust tastatur då. Dette blei ikkje innvilga, men i søknaden er det heller innvilga pengar til ein PC til 6000 kr. Noko eg personleg synast er mykje meir fornuftig og det både ytra eg og kjempa eg for i eit VT-møte der eg måtte stille som vara. Det eg dog ikkje skjøner er korleis prosessen med å endre det frå ein iPad til ein PC har skjedd. Er det slik at VT er unnateke frå sine eigne reglar om å måtte sende inn søknaden fire veker i forvegen for behandling? Er det slik at VT kan sitte på møtet og endre søknaden sin der og då? Om så er tilfelle og ein moglegheit for også andre organisasjonar som har søkt om middel så skulle eg like å ha fått den informasjon. Den har flydd meg hus forbi, liksom alle pengane mitt kor søkte om.

Berre for å forklare litt meir om prosessen rundt det å søke investeringsmiddel og driftsmiddel til sin eigen organisasjon så er det ganske tidkrevjande arbeid. Økonomisk rapport skal sendast inn. Lange skriv om kvifor din organisasjon treng ditt og kva for datt driftsmidla skal brukast på må sendast inn. Du må i tillegg kunne vise til to tilbod frå forskjellige leverandørar. Kva som er brukt av driftsmiddel tidlegare må du ha kontroll på og det må òg sendast inn.

Men litt tilbake til det Quantum og VT søkte om før eg runder av utblåsinga mi!
3000 kr skulle gå til innkjøp av pennar for å promotere og hanke fleire medlemmar til koret. Vedtatt 0 kr.

Alle som er i ein eller annan studentorganisasjon veit kor viktig det er å få nye medlemmar. Utan nye medlemmar sluttar ein studentorganisasjon å fungere. VT har vore der sjølve. I to år no har dei vore eit dødt tiltak og ein ikkje-fungerande organisasjon. Det har blitt jobba hardt for å få dei opp å gå, og no er dei endeleg der. Med det sagt har FU innvilga, til seg sjølve, den nette sum av 5400 kroner. Og til kva spør du, jo: pennar!

Og til slutt; VT sine forskrifter fortel oss at VT og STA eller (som det står i VT sine «Retningslinjer for studentsosiale midler») ‘De øvste studentdemokratiane’ er fritatt for reglane eller kriteria for søknad til driftsmiddel, men ikkje for investeringsmiddel. 

1 Trackback / Pingback

  1. VT: Derfor får noen penner og andre ikke – Unikum

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *