UiA-artist med stikk til statsministeren

Foto: Privat

Den tidligere UiA-studenten Jon Olav Sandal slapp nylig singelen «Hei Erna», hvor han kritiserer den nåværende regjeringen med glimt i øyet. Unikum tok en prat med artisten om den fengende låten.

Nå som du er ferdig på UiA – hva er planen videre?

– Blei ferdig med bacheloren min i musikk i vår. No bor eg i Oslo skal prøve lykka med musikk. I tillegg til dette så tek eg eit årsstudium i psykologi ved UiO.

Hvordan kom ideen til Hei Erna opp? Hva er tanken bak singelen?

– Ideen til Hei Erna starta enkelt og greit med dei to orda og melodien som høyrer til. Eg fann fort ut at det var ei låt som kunne bli ganske artig og at det låg mykje bak ideen. Etter det var det eigentleg berre å systematisere den og skrive eit par vers. Har ikkje så alt for lyst til å avsløre alle planane vi har, men kan seie at de kan forvente å høyre ein del frå oss det neste året!

Er det bevisst at singelen kom ut et par uker før stortingsvalget?

– Det at singelen kjem ut no rett før valget er nok ganske planlagt ja. Den hadde på ein måte ein slags naturleg deadline sidan den har det bodskapet den har. Hadde vore litt mislykka å gi den ut ein månad etter valet liksom..

Singelen og musikkvideoen har fått mye respons. Hva tenker du om det?

– Det at singelen og musikkvideoen har fått så mykje respons er heilt fantastisk artig. Då vi planla utgivelsen hadde eg for så vidt håpa på at det kunne gå bra med sleppet, men eg hadde aldri forestilt meg at 170,000 skulle sjå videoen då vi jobba med den. Så ein enorm takk til alle som har sett og delt den. Vil også framheve Martin Bremnes som har laga musikkvideoen og som fortsatt er student på UiA. Etter at vi slapp singelen og særleg videoen så har det skjedd utruleg mykje gøy og vi har blitt kontakta av mange kule mennesker. 

Forventer du at Erna hører sangen og svarer?

– Eg er bittelitt skuffa over at Erna ikkje har respondert på sangen endå. Men eg har forsåvidt forståelse for at ho ikkje vil svare. Eg likar å tenkje at ho ser på det som ein heilt reell trussel som ho helst berre vil feie under teppe. Hehe.

Tekst: Ine Rossebø Knudsen

2 Trackbacks / Pingbacks

  1. Jon Olav er vinneren av Årets Urørt - Unikum
  2. Urørt-vinner Jon Olav har enda ikke fått svar fra Erna - Unikum

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*