Nynorsk ER fint i dikt

 

Mange ser nok på oss nynorskbrukarar som ein sær og kranglete rase. Vi tek ikkje til takke med at bokmålsfolket nølande kan sei seg einige i at ”nynorsk kan jo være fint i dikt”. Alltid har vi eitt eller anna å klage på. Alltid skal vi gå til angrep på bokmålsbrukarar. Alltid vil vi ha fleire rettar. Alltid skal vi tvinge målforma vår på uskyldige sjeler. Vi blir aldri nøgde. Vi klarer ikkje gje slepp på den forelda målforma som ingen likar og ingen eigentleg brukar.

Held det ikkje at folk seier seg einige i at nynorsk er fint i dikt? Kan vi ikkje gje etter og byte om til skikkeleg norsk? Då kunne vi unngått alt maset som to målformer fører med seg, og vi hadde heller hatt moglegheit til å bruke tida på noko fornuftig. Reint språkleg ville det nok ikkje vore noko problem, ei undersøking utført ved NTNU i 2012 viste at dei som skriv nynorsk ofte, er flinkare i bokmål enn dei som skriv lite nynorsk. Så kva er eigentleg problemet med at alle byter om til bokmål? Vi er jo allereie flinke i det.

Grunnen er ganske enkel. Det handlar om identitet. Det er ikkje sånn at vi nødvendigvis har mykje imot bokmål, vi føler oss berre meir heime i nynorsken. Nettopp difor vil vi forsvare målforma vår for det den er verdt. Sjølvsagt er vi samde i at nynorsk er fint i dikt, for det er det verkeleg, men nynorsk er fint mange andre stader òg. Ei eksamensoppgåve perfekt formulert på nynorsk, for eksempel. Synd det i dei fleste tilfelle berre er ein våt draum. Litt som det å ha ein sakleg diskusjon om skriftspråk, dialekt og Ivar Aasen.

Hadde eksamenssituasjonen vore motsett, ville eksamen vore eit større mareritt enn det allereie er. Førestill deg ei verd der alle eksamenar er på nynorsk, med dårlege eller manglande omsetjing til bokmål. Der språket i enkelte tilfelle er så dårleg at heile oppgåveteksten skiftar meining. Ein kan verte søvnlaus av mindre! Likevel er dette noko mange nynorskbrukarar møter på kvar gong eit semester går mot slutten. Ein kan ikkje mentalt førebu seg på noko slikt, det einaste som hjelper er å finne underhaldningsverdien i dei triste forsøka forelesarane klarer å knote fram.

Anten det er manglande tilbod om nynorskversjon av eksamen, eller rett og slett for dårleg språk, har du rett til å klage. Universitetet i Agder er ikkje blant verstingane, men dei har litt å gå på før tilbodet er godt nok. Då er det greitt å vite at Studentmållaget i Agder er der for deg, dersom du treng hjelp til å vite kva rettar du har. Vi kan òg hjelpe deg å klage dersom du meiner du ikkje får rettane dine. Dessutan er vi her om du berre vil møte og omgåast andre likesinna som brukar mykje av tida si på å sitje inne i eit mørkt rom og tilbe Ivar Aasen-alteret sitt. I tillegg kan vi tipse om veldig mange fine nynorske dikt, fordi alle veit at nynorsk er fint i dikt.

 

Tekst: Hilde Hagen, Studentmållaget i Agder

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*