Slaget ved Spicheren

Spicheren fra en landsby nordaust i Frankrike.

Visste du at namnet Spicheren til treningssenteret ved UiA Gimlemoen stammar faktisk frå ein landsby nordaust i Frankrike, som har tidlegare vore tysk?

Namnet Spicheren, eller Spichern på tysk, kjem av latinske ordet spicarium, som betyr kornlager. Det tyske ordet speichern, som betyr å lagre, har nok same opphav. Ikkje rart at Spicheren i fylket Moselle i den franske regionen Lorraine (tysk: Lothringen) har to kornstrå i kommunevåpenet sitt, men i midten ser ein eit sverd, som fekk ligg nærmare opp til den eigentlege grunnen til at eit treningssenter på Gimle i Kristiansand har fått dette namnet.

Blodig slag ved Spicheren

6. august 1870 var det nemleg eit stort slag i den fransk-tyske krigen på Spicheren-høgda rett nord for landsbyen med same namn. Alliansen med dei tyske statane vann, men til ein veldig høg pris. Av nesten 20.000 tyske soldatar døydde 850 og rundt 4000 blei såra, og av rundt 25.000 franske soldatar døydde 320, 1660 blei såra og 2100 tatt til fange. (Til samanlikning har Spicheren i dag litt over 3200 innbyggarar.) Tyskarane kunne no utan kamp ta over den mellomstore byen Forbach i sørvest og vegen låg no ganske open for å innta Paris via Metz.

Krigshandlingane gav seg med våpenkvile i januar  1871 og resultatet blei at Frankrikes siste keisar Napoleon III gjekk av, så landet blei ein republikk, og alle tyske statar kunne samle seg til eit keisarrike med den prøyssiske kong Wilhelm som keisar.

I dag står det ein stor kross til minne om alle falne soldatane på høgda. Den blei reist i 1934, mens Spicheren igjen var fransk etter tysk nederlag i første verdskrig. Det er også mindre minnesmerke og graver der for dei som falt på begge sider.

Spicheren som område for militær trening

Det som i dag er UiA Campus Gimlemoen var tidlegare ein militærleir med militært øvingsområde og underoffiserskule, allereie på slutten av 1800-talet. Der var det eit utmarksområde som fekk namnet Spicheren då det blei brukt til militær undervisning og trening. Slaget ved Spicheren var militært pensum på den tida, og området blei brukt til å rekonstruere slaget ved Spicheren.

Spicheren på Gimle er faktisk mykje meir enn berre akkurat der treningssenteret er. Utmarksområdet mellom Oddernes kyrkje og garden Gimle er på 2–300 dekar. Kristiansand Katedralskole Gimle og Gimlehallen ligg faktisk på Spicheren.

Spicheren under andre verdskrig

Spicheren-høgda hadde også ganske stor betydning i den tyske invasjonen av Frankrike frå desember 1939 til midten av 1940. Adolf Hitler skal ha kome på julebesøk til Fronter der i 1939. Spicheren blei frigjort av amerikanske soldatar i februar 1945, og 8. mai 1997 fekk landsbyen ei stridsvogn i gåve som minnesmerke for kor grufull krig er.

Franske Spicheren i dag

Den franske landsbyen Spicheren ligg sør for og tett innmed den tyske byen Saarbrücken, som er hovudstad i den vesle delstaten Saarland. Området Goldene Bremm (fransk: Brême d’Or) på grensa er eit næringsområde, med meir vekt på detaljhandel i Frankrike og kontorbygningar og industri i Tyskland. Grenseovergangen i Goldene Bremm er ei berre rundkøyring med ein paviljong med skilt for Spicheren kommune på fransk side. Viss ein leitar seg fram med gangsti på kartet der, kjem ein lett opp til Spicheren-høgda og sjølve landsbyen Spicheren.

Mange stadnamn i Spicheren er framleis tyske, og mange der talar tysk, i alle fall som dialekt, og 30 % av innbyggarane har til og med tysk statsborgarskap, så viss du treng hjelp til å spørje om vegen, så går det nok bra med begge språka. Det er ein vakker treningstur opp dit.

Tekst og foto: Targeir Attestog

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *