Kommentar: Føkk burde

Kjære deg. Du ja. Du så sitte ti timar på lesesalen kvar dag. Du så trene seks gonger i uka fordi alle seie du burde. Du så bruke én time på sminke og kler deg opp kvar dag for å gå på universitetet. Fordi alle seie du burde. Du så er kjærast med nokon du eigentleg ikkje vil vær kjærast med, fordi alle seie at du burde ha det. Man kan jo ikkje vær singel, kan man? Du så ete sunt kvar dag og holde deg unna sjokolade, fordi det burde du. Du så sukke tungt kvar gong du ser på Instagram med alle dei perfekte folka og bildane. Så kjenne deg mislykka fordi du ikkje har eit slikt liv. Du så er ensom og trur at alle har det bedre enn deg. Det er mykje du burde eigentlig. Men kva med å gi deg sjølv eit friminutt og vær litt grei med deg sjølv. Kva med å sei føkk burde?!

Misforstå meg ikkje, det er sjølvsagt viktig å studera jevnt og trutt, skippertakmetoden er vel ikkje den beste metoden når det kjem til studering, hehe. Men betyr det at du ikkje skal gi deg sjølv ein pause i ny og ne? Ta å gå deg ein lang tur, gjør noko anna, blir med på formiddagskino eller rett og slett ta ein fridag.  Drit litt i burde.

Trening er også kjempebra, men skal du gjør det fordi alle andre gjør det, fordi Instagram seie du burde eller fordi det gir deg sjølv glede og fordi du har lyst? Gjør ting så gir deg glede, bli med på ein lagidrett, kos deg med å bevega deg. Drit litt i burde.

Gå med dei klærna du sjølv vil, smink deg så møkje eller lite du sjølv vil, men gjør det fordi DU har lyst. Ikkje gjør det fordi nokon seie du burde kle deg sånn og sånn. Ikkje gjør det fordi gruppa seie at du burde. Drit i burde.

Irene Bredal, STA

Ikkje ha kjærast fordi alle andre har det og fordi samfunnet seie at burde ha det. Kvar er den regelen? Du er ikkje mislykka sjølv om du er singel. Kos deg og nyt å vær singel, finn deg ein kjærast fordi du har lyst. Eller la vær om du har lyst til det. Drit i burde.

Mat er eit minefelt som ein skal trø varsamt i. Sjølvsagt skal ein eta sunt og ta vare på seg sjølv. Men om du et ein sjokolade eller is ein kveld er ikkje det farlig. Burde ditt og burde datt. Matråda endrar seg heile tida, så gjør det så er best for deg sjølv. Et dessert ein dag og kjøp popkorn på kinodaten. Vær glad i deg sjølv så du er, og prøv å la vær å henga deg opp i magasiner som seie at kroppen burde sjå sånn og sånn ut. Drit i burde.

Instagram og andre SoMe-kanalar fortell deg heile tida at alle er perfekte og tydeligvis lev eit superglamorøst liv. Men du. Veit du kva? Dei gjør ikkje det. Akkurat når dei legg det ut kan det sjå perfekt ut, men dei slit og med urein hud, negative tankar og dei er ensomme. Alle mennesker er ensomme, nokon ganske ofte, andre sjeldan. Men dei er det. Dei slit og med å ha trua på seg sjølv, om dei er god nok og trene nok. Alle har det sånn. Det er bare veldig sjeldan at nokon poste eit bilde på Instagram så seie akkurat det. Kanskje noko å tenka på?

Og du. Han så sitte bakerst i klassen din og aldri seie noko. Så eigentleg ser litt grei ut. Tippe han tenke på møkje av det samma så deg. Sei hei til han. Spør om han vil vær med på lunsj. Det værsta så skjer? Han seie nei. Men skal det stoppa deg? Du kan og bli med i ein studentaktivitet eller stilla til val i STA, då får du plutseleg ein heil haug så seie hei til deg og vil ha deg med på ting. Kjekt, ikkje sant?

Prøv om du får til å godta deg sjølv som du er. Me er alle forskjellige, heldigvis, men alle er gode på sin måte. Vær grei med deg sjølv. Sei noko positivt til deg sjølv kvar dag, skryt litt og klapp deg sjølv på skuldra. Prøv å tenk kva som er positivt med deg sjølv, gjør noko fint for deg sjølv og gi deg sjølv friminutt. Pyjamas, Stranger Things, is og kakao anbefales på det varmaste.

Senk skuldrene litt og et ei kaka eller to. Kos deg med middag og dessert mens du ser på film og slappe av. Det går heilt greit. Det er lov å kosa seg også. Lov å slappa av, gå med joggebuksa og håret i ein dott.

Lykke til i eksamenstida. Ikkje stress, gjør ditt besta og gløym resten. Livet er faktisk, utrolig nok, møkje meir enn eksamen.

Og du. Du er god nok. Meir enn god nok. Husk det.

Tekst: Irene Bredal, organisasjonskonsulent i STA
Illustrasjon: Camilla Rennesund

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*