Ynskjer reglar for seksuelle relasjonar mellom tilsette og studentar

Èin av hundre norske studentar har opplevd seksuell trakassering frå tilsette.

”Kvifor seier ein ikkje berre at forhold mellom studentar og tilsette ikkje skal innleiast, så lenge ein tilsett er ansvarleg for studieprogrammet studenten går på?”. Dette er eitt av fleire spørsmål Studentorganisasjonen i Agder (STA) har teke opp til diskusjon med Universitetet i Agder (UiA).

– Det er ikkje sjølvsagt at ein arbeidsgjevar kan forby tilsette og studentar å innleia forhold, meiner universitetsleiinga som er skeptiske til forslaget.

Etter ein nasjonal diskusjon om retningsliner for seksuelle relasjonar mellom tilsette og studentar, har styret i STA foreslått ein resolusjon overfor Studentparlamentet. Denne vart vedteken på eit møte i Studentparlamentet 21. februar. Dette er ein diskusjon som har vore teken opp tidlegare, men som kanskje har vorte endå meir aktuell i samband med #metoo-kampanjen det siste året.

Resolusjon som kan førebygga seksuell trakassering

STA meiner at seksuelle relasjonar mellom forelesar og student er uheldig, og at dette er noko som ikkje bør førekoma fordi det kan få konsekvensar for læringsmiljøet til studentane. Den føreslåtte resolusjonen vil sikra nettopp det gjensidige tillitsforholdet som det skal vera mellom tilsette og studentar. Kva påverknadar ein slik relasjon kan ha for den enkelte er også noko STA bekymrar seg for, og organisasjonen meiner dermed at ein resolusjon med retningslinjer om at dette ikkje bør førekoma, bidreg til eit tydeleg politisk standpunkt som er i samsvar med kva studentane meiner om denne saka. STA meiner også at slike klare retningslinjer kan vera med på å førebygga seksuell trakassering.

Rektor ved UiA, Frank Reichert, og personal- og organisasjonsdirektør, Bernt Jørgen Stray, meiner det er forventa at dei tilsette er seg bevisst den påverknadskrafta og makta dei har, men at det ikkje er gitt at ein arbeidsgjevar kan forby forhold mellom tilsette og studentar.

– Ein regel om at studentar og tilsette ikkje kan innleia eit forhold reiser både rettslege og etiske spørsmål, hevdar Stray.

– Det er holdningsendringar i akademia det egentlig dreier seg om, også mellom studenter, seier Kai Steffen Østensen.

For sterkt stillingsvern for offentlege tilsette?

UiA har retningslinjer for saksbehandling når studentar kjenner seg mobba eller trakassert, men det manglar framleis tydelege retningslinjer som regulerer seksuelle relasjonar mellom tilsette og studentar. Etter #metoo-kampanjen har det kome fram fleire saker om seksuell trakassering på landsbasis i akademia. Ei sak som har vore mykje omtalt i media, er saka om professor Nils Rune Langeland ved Universitet i Stavanger, som over fleire år har vorte skulda for å ha seksuelt trakassert studentar, men som fyrst i november 2017 vart oppsagd.

Ferske tal frå Universitetet i Agder viser at éin prosent av norske studentar har opplevd seksuell trakassering frå tilsette. Dette tilsvarar 3000 studentar på landsbasis. Trass desse tala, høyrer ein sjeldant om professorar som har vorte suspenderte eller sagt opp på grunnlag av seksuell trakassering.

– Offentlege tilsette har for sterkt stillingsvern i nokre saker, dette er blant anna i saker som handlar om trakassering av studentar. Det er heilt riktig å stilla spørsmål til om tilsette skal ha så sterkt stillingsvern som dei har, når det går på bekostning av studentar som dei jobbar tett på, seier Kai Steffen Østensen, leiar av STA.

Svakt lovverk for studentar

Universitets- og høgskulelova regulerer og bestemmer alt som skjer på universiteta og høgskulane i landet. Den seier at studentane skal ha eit fullt forsvarleg læringsmiljø, både fysisk og psykisk. Bernt Jørgen Stray meiner at denne lova, samt likestillings- og diskrimineringslova og straffelova, pålegg dei tilsette  å opptre med respekt overfor andre og å utføra oppgåvene sine og opptre utad på ein etisk forsvarleg måte.

– Det er viktig å understreka at me ikkje held til i eit rettslaust område, meiner Stray.

STA-leiar Kai Steffen Østensen meiner på den andre sida at universitets- og høgskulelova er for svakt formulert. Han meiner også at sjølv om den allmenne lova dekker studentar, slik som likestillingslova og straffelova, er det nødvendig med lover som er spesifikt retta mot studentar, som konkret tek for seg seksuell trakassering eller seksuelle relasjonar mellom tilsette og studentar.

I høve til straffelova §295 er det straffbart å skaffa seg seksuell omgang ”ved misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold”, men kvar er retningslinjene? I ein situasjon der ein student og ein tilsett innleier eit forhold, kven er det då som skal flyttast på, er det studenten som må byta emne, eller er det forelesaren som må undervisa ein anna plass?

– Me i STA meiner at det er forelesaren som må flyttast på, og at det er nettopp dette det må vera klare reglar på, reglar som er godt kommuniserte utad, og som er tydelege når ein tilset folk på universitetet, svarar Kai Steffen Østensen.

Han fortel også om eit nytt prosjekt på UiA som heiter onboarding@uia. Dette prosjektet handlar om ”onboardingprosessen”, det vil seie det å bli ein del av kollegiale, og kva reglar ein må fylgje.

– Her må prinsippa og retningslinene koma tydeleg fram. Leiarstillingar på universitetet, både instituttleiarar som er mellomleiarane og fakultetsdirektørar som er dei øvste leiarane, må ha kursing i handtering av blant anna seksuell trakassering, hevdar Østensen.

Haldningsedenringar

Rektor Frank Reichert har vorte leiar av Universitet- og høgskolerådet (UHR) si nye arbeidsgruppe mot mobbing og trakassering, og synest det er viktig å få fram at dette er ei sak universitetet tek svært seriøst. Mobbing og trakassering er nettopp hovedtema for UHR sitt representantskapsmøte i mai 2018. Universitetet jobbar også med opplæring av leiarar og tilsette i korleis dei skal førebyggja og handtera mobbing og trakassering.

– Det er bra at studentane har formeiningar om korleis retningslinene våre bør vera, seier Bernt Jørgen Stray.

– Studieavdelinga har eit godt opplegg for korleis ein systematisk skal jobba med å handtera og førebygga seksuell trakassering. Det er haldningsendringar i akademia det eigentleg dreier seg om, også mellom studenter. Det er nemleg viktig å forstå at dette ikkje er ein ”quick-fix”, men at det er noko som skjer gjennom endringar av haldningar og  verdiar ved systematisk arbeid, konkluderar STA-leiar Kai Steffen Østensen.

Tekst: Signe Seim Vestrheim
Foto: Matias Smørvik

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*