Skal rektor verta tilsett eller vald demokratisk i 2019?

Frank Reichert er noverande rektor på Universitetet i Agder. Foto: Arkiv

Noverande rektorperiode ved UiA vert avslutta 1. august 2019, noko som inneber at universitetsstyret allereie har byrja å ta stilling til om rektor framleis skal utpeikast ved val, eller tilsettast av universitetsstyret.

Avgjersla om rektor skal tilsettast eller verta vald kan seinast takast under septembermøtet, som vert halde 12. september 2018. Ei slik avgjersle vil medføra tydelege skilnader ved ansvarsfordelinga i leiinga på UiA, ettersom vald rektor og tilsett rektor har ulike fullmakter og ansvarsområder.

Styringsformene

Ein vald rektor vil seie ein rektor som er vald på premissar som studentar og tilsette kan vera med på å bestemma. Ved vald rektor sit rektor i styret, og representerer demokratiet som ein leiar, medan det vert tilsett ein administrerande direktør (universitetsdirektør) som skal vera sekretær for styret, og som i samråd med rektor kan gjeva tilråding i saker som vert lagt fram. Dette kallar ein ei todelt leiing, der rektor har fullmakt til å avgjera saker som ikkje kan utsettast til styret kan koma saman.

Når rektor er tilsett er rektor sekretær for styret, og stillinga som administrerande direktør fell bort. Ein kallar dette for ei einheitleg leiing. Leiar av styret vert utpeikt av departementet, og ein kan difor seie at rektor vert ein ekstern leiar.

Universitetet i Agder, campus Kristiansand. Foto: Arkiv

Nokre argument

Dersom rektor vert tilsett vert det også eit eksternt rekrutteringsgrunnlag, som kan vera med på å sikra eit breiare rekrutteringsgrunnlag og ein grundigare rekrutteringsprosess, samt sikra ei profesjonalisering av leiinga. Nokre bekymringar rundt ei einheitleg leiing er blant anna at rektorkandidatane må vinna ein popularitetskonkurranse for å få rektorstillinga, og at det stort sett er internt tilsette som melder seg som kandidatar. Får UiA dermed dei beste kandidatane?

På den andre sida vert lojaliteten i større grad retta mot universitetssamfunnet ved vald rektor, då universitetssamfunnet deltek i vurderinga av kandidatane. Dette er nokre av argumenta som er lyfta fram i drøftingsnotatet om styringsforma ved UiA.

Leiar av Studentorganisasjonen i Agder (STA), Benedicte Nordlie, har mange tankar om denne debatten, og meiner at eit hovudargument for å halda fram med vald rektor i staden for tilsett, er at ein ved val også kan bidra til å sikra universitetsdemokratiet.

Benedicte Nordlie, leiar i STA. Foto: Arkiv

– Me ynskjer at alle skal få ein sjølvstendig rett til å bestemma kven dei meiner er eigna til å styra universitetet vårt vidare, og kva retning universitetet skal ta, seier ho.

– Når ein går frå vald til tilsett rektor kan prinsippa om eit universitetsdemokrati verta svekka, då det ikkje lengre er opp til kvar enkelt kven dei ynskjer som sin øvste leiar. Den som sit på toppen skal ha tillit nedover i organisasjonen, og for å sikra dette meiner me at medbestemmelse til kvar enkelt er vegen å gå.

Somme uroar seg for at det fort kan koma kjensler av press og stress for ein vald rektor på å gjennomføra kjernesakene den har vorte vald for, og at desse sakene vil oftare verta prioritert enn andre viktige saker som dukkar opp. Andre meiner likevel at rektor i større grad får moglegheiter til strategisk leiing og planlegging ved ei todelt leiing, då det daglege administrative ansvaret er lagt til universitetsdirektøren.

Septembermøte

Under Eilerts salong i mai i vår vart det presentert synspunkt frå akademia og næringslivet om rektor på UiA skal tilsettast eller veljast, der dei som uttalte seg i størst grad viste tendens til at dei ynskjer vald rektor. Det er få i universitetsstyret som ynskjer å uttala seg om korleis valet ser ut til no, men seier dei er spente på den endelege avgjersla som vil takast under septembermøtet 12. september.

Me spør tre studentar:
Skal rektor verta tilsett eller vald demokratisk?

Abel Aberra (25), studerer økonomistyring på UiA.

– Eg tenkjer det må vera best å tilsetta eksternt? Studentar skal ikkje ha noko å seia for kven som er rektor. Det veit avdelinga på skulen betre enn oss. Men mogelegheita for at interne kan søkje på stillinga bør sjølvsagt vera til stades.

 

Kristian Kransvik (20), studerer rettsvitskap på UiA

– Det har eg ikkje så sterke meiningar om. Eg har ikkje så mykje peiling på kva som er ein bra rektor, det trur eg andre har betre peiling på enn meg. Eg tenkjer ikkje mykje over kven som er rektor, eigentleg.

 

Sigrun Kåsa (21), studerer grunnskulelærer på UiA

– Eg trur det er viktig at studentane har noko å seia, så eg trur det beste er å velja demokratisk med eit val. Då har me studentar ei stemme. Men eigentleg tenkjer eg så mykje over kven som er rektor, og eg har ikkje snøring på kven som er rektor på UiA no.

Tekst: Signe Seim Vestrheim og Kamilla Rudberg
Foto: Kamilla Rudberg / Arkiv

1 Trackback / Pingback

  1. Rektor skal fortsatt være valgt på UiA - Unikum

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*