Oppskrift: Julekaker på 1, 2, 3

Oppskrifta gir ca. 35 makronar.

Ingrediensar:

  • 4 eggekvitar
  • 2 dl sukker
  • 5 dl kokosmasse

Framgangsmåte:

  1. Skil kvita frå plomma.
  2. Ha eggekvitane i ein kjele og visp dei lett saman.
  3. Bland i sukkeret og kokosmassen. Sett kjelen på middels varme og rør til massen blir som ein tjukk graut. Dette kan ta 8-10 min. Brukar du sterk varme, har massen lett for å brenne seg i botnen.
  4. Dekk eit steikebrett med bakepapir, og lag topper av massen med ei teskei
  5. Steik makronane midt i omnen ved 180 grader i ca. 12 min eller til dei er lett gylne. Makronane skal vere mjuke når du tek dei ut. Avkjøl dei så på rist.

Tips: For meir smak, tilsett litt vaniljesukker inn i massen.

Tekst og foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *