Oppskrift: Fiskepinnar på 10 minutt

Sliter du med å få meir fisk inn i kosthaldet? Med desse fiskepinnane treng du verken vende deg til Findus eller til fiskebrygga for å få eit innslag av sjømat inn i vekas middagsplanar.

Ingrediensar til 1 porsjon:

  • 1-2 fiskefiletar av torsk
  • 4-5 ss sammalt kveitemjøl grov
  • 4-5 ss griljermjøl / 2 tørre brødskiver
  • 1 egg
  • ½ ts salt
  • ½ ts pepar
  • ½ ts tørket timian

Slik gjer du:

  1. Skjær fisken i passe store «pinnar» og finn fram 3 skålar.
  2. Skål 1: Bland saman sammalt kveitemjøl, salt og pepar.
    Skål 2: Pisk egget.
    Skål 3: Knus dei tørre brødskivene til smular/griljermjølet og ha dei i skålen saman med timian.
  3. Vend fisken først i skål 1, så i skål 2 og til slutt i skål 3. Legg fiskepinnane på ein steikeplate med bakepapir.
  4. Steik dei i omnen på 200 grader i ca. 10 min.

Fiskepinnane serverast her med reve gulrot og heimelaga rømmedressing, men fiskepinnar passar med nesten all slags tilbehør, så her er det berre å trikse og mikse.

Tekst & foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *