Oppskrift: Heimelaga kjøtbollar

Foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Lei av å utelukkande få kjøtbollane dine frå IKEA og frysedisken på matbutikken? Fortvil ikkje, her har du ei enkel oppskrift på korleis du lagar dine heilt eigne bollar av kjøt.

Ingrediensar:

  • 400g kyllingkjøtdeig
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 egg
  • 3-4 ss griljermjøl/strøkavring (kan sløyfast)
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts pepar

Slik gjer du:

  1. Finhakk kvitlauk og bland saman alle ingrediensane
  2. Form små bollar med ei teskei og steik dei i olje på middels varme til dei er gjennomsteikte. Når ein skal forme kjøtbollane kan det vere lurt å dyppe skeia i vatn av og til for at deigen ikkje skal henge att på skeia.Tips: Bruk denne oppskrifta som ei grunnoppskrift og bland inn forskjellige krydder og/eller grønsaker i deigen og lag dine signatur-kyllingkjøtbollar.

Tekst & foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*