Rekordmange klagar på manglande eksamen på nynorsk

Skrivar Eline Bjørke og leiar Fredrik Hope frå Norsk Målungdom. Foto: Fredrik Hope

I 2018 sendte Norsk Målungdom inn 69 klagar til 14 universitet og høgskular på vegner av nynorskstudentar som ikkje fekk eksamen på språket sitt. Det er ny rekord. No krev Norsk Målungdom at universiteta og høgskulane ryddar opp.

Dei fleste som klagar har ikkje fått oppgåvetekst på nynorsk i det heile. Nokre av studentane klagar på at kvaliteten på språket i oppgåvetekstane er for dårleg.

– Det er alvorleg og brot på lova, seier skribent i Norsk Målungdom, Eline Bjørke.

Studentane har etter mållova rett til eksamen på eige språk, og lærestadane har etter universitets- og høgskulelova ansvar for å vedlikehalde og utvikle dei norske fagspråka. Likevel er det altså mange lærestadar som ikkje tek rettane til studentane og det språklege ansvaret sitt på alvor.

– Vi ser kvart år at mange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå lærestaden sin, seier Bjørke.

EIN UIA-STUDENTS ERFARINGAR

Student Ingrid Nordvik Krossbakken irriterer seg over manglande omsyn til nynorskstudentane. Foto: Andreas Guthe

UiA-student Ingrid Nordvik Krossbakken er ein av dei som har kryssa av for nynorsk oppgåvetekst på eksamen. Ho opplever at det ikkje blir tatt omsyn til.

Kor mange eksamenar har ikkje hatt nynorsk oppgåvetekst?

– På godt over halvparten av alle eksamenane mine har eg fått oppgåvetekst med feil målform.

Har det hendt at nynorsken i oppgåveteksten har vore feil?

– Når eg først har fått oppgåvetekst på nynorsk så plagar den å vere skrive bra, har ikkje lagt merke til nokon feil i alle fall.

Kva for tankar gjer du deg om at det av og til manglar oppgåvetekst på nynorsk i din eksamen?

– Eg irriterer meg litt over det. Det er jo den målforma eg har krysse av at eg vil gjennomføre eksamen med. Så eg synes det er litt merkeleg at det ikkje blir teke omsyn til kva slags målform som eg har valt. Eg har jo faktisk rett til å få oppgåveteksten i denne målforma.

VIKTIG Å KLAGE

Bjørke trur det er viktig og klage, og er sikker på at det er store mørketal. Ho trur mange let vere å klage fordi dei ikkje kjenner rettane sine, eller kjenner seg utsette dersom dei klagar.

– Jo fleire som klagar, jo større press legg vi på universiteta og høgskulane. Dei må få klar beskjed om at studentane ikkje tykkjer det er greitt når dei språklege rettane deira ikkje blir tekne på alvor.

For å gjere det enkelt å klage når ein ikkje får eksamen på rett språk, oppretta Norsk Målungdom i 2015 ein klageportal. Der kan studentar fylle inn eit enkelt skjema, og overlate saka til Norsk Målungdom. Dei tek klaga vidare til studiestaden og Språkrådet.

Tekst: Philip Korn & Norsk Mållag

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*