Unikum prøver: Larvebrødet Mjølmums

Når eg endeleg hadde fått tak i brødet, vart eg plutseleg litt skeptisk. Skulle eg verkeleg ete larvebrød?

DETTE ER FRAMTIDAS MAT!

I starten av mars var eg inne på Dagbladet for å sjekke kva som var nytt ute i verda. Der kom eg over ein artikkel der det sto at Meny hadde lansert eit nytt grovbrød, Mjølmums, som dei hadde putta larver i. Den fyrste tanken som slo meg var at dette brødet aldri i verda kunne smake noko godt, det er jo larver i det!

BERRE I UTVALDE BUTIKKAR

Då eg var ferdig med å lese artikkelen, vart eg jo også ganske nysgjerrig på dette «brødet frå framtida» som Meny så fint kalla det. Så då var det berre ein ting å gjere, smake på det. Men det skulle bli enklare sagt enn gjort. For brødet var berre ute for sal i ein prøveperiode i mars, der det berre var nokon utvalde butikkar på Østlandet som selde dei. Dette førte til ein spontantur til Oslo.

Grovbrødet Mjølmums inneheld ca. 100
malte melbillelarver, ifølgje MENY.
LITT SKEPTISK

Når eg endeleg hadde fått tak i brødet, vart eg plutselig litt skeptisk. Skulle eg verkeleg ete larvebrød? Det høyrast jo ikkje særleg delikat ut. Så då vart brødet liggande to dagar på kjøkkenbenken før eg for fyrste gong smaka på det. Brødet var saftig og smaka nesten skuffande likt eit vanleg, godt grovbrød. Sjølv om det var larvar i brødet, så var desse malt til mjøl fyrst og ein kan ikkje sjå eller kjenne noko spor av dei. Etter den fyrste gongen har eg hatt brødet til både frukost og i nisteboksen og har eigentleg blitt litt glad i det.

EIN LARVE INNEHELD OPP TIL 40% PROTEIN

Så kvifor har ein nå plutseleg byrja å bake insekt inn i brød? Jo, det var då dette med miljø og berekraft. For det å dyrke fram animalsk protein frå til dømes storfe og sau er som mange veit, ikkje så bra for miljøet og fører med seg store klimagassutslepp og i tillegg mykje unødvendig bruk av energi. Ved å produsere meir protein frå til dømes mjølbillelarvar som brukast i dette brødet der ein larve inneheld opp til 40% protein, og ved mindre produksjon av storfe, kan ein minske utsleppa.

Insekt og larvar produserast på mykje mindre jordareal og det gjer dei veldig berekraftige og sett eit mindre fotavtrykk på jorda.

SMÅ ENDRINGAR KAN BETY MYKJE

Det å bytte ut alt kjøtt frå storfe, gris, og liknande med insekt er kanskje ikkje så realistisk, men det gjeng an å bytte ut litt. Og om alle bytter ut litt, har plutseleg litt blitt til mykje. Derfor vil eg absolutt anbefale alle å prøve ut «framtidas mat» med larvar i brød!

Tekst og foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Fyll inn *