Oppskrift: Sumarens bringebærlemonade

Treng du eit ferskt nytt tilskot til ditt utvalg av kalde forfriskningar i sumar? Lei av utepils og vannmelon? Prøv Ingrids fargerike og nedkjølande oppskrift på bringebærlemonade!

Gir ca. 4dl konsentrert bringebærlemonade som svarar til 12dl utblanda.

Ingrediensar:

  • 400g fryste bringebær
  • 80g sukker
  • 1,5dl pressa sitronsaft (ca. 2 store sitronar)
  • Vatn eller Farris

Slik gjer du:

  1. La fryste bringebær, sukker og sitronsaft småkoke i ca. 5 minutt i ein kjele.
  2. Bruk ein stavmiksar og køyr dette til ein puré.
  3. Hell puréen gjennom ei sil for å få ut bringebærfrøa.
  4. Hell den konsentrerte lemonaden over på ei flaske og avkjøl.
  5. Bruk blandingsforholdet 1:2, altså ein del lemonade og to delar vatn/Farris.

Serverast kald, gjerne med isbitar, fryste bringebær og frisk mynte eller sitronmelisse. Ublanda lemonade kan oppbevarast på tett flaske i kjøleskap opp til 2 veker.

Tekst og foto: Ingrid Krossbakken

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*