Filmanmeldelse: «Sommeren med Tess»: Ei innbringande forteljing frå eit barns ståstad

Originaltittel: Mijn bijzonder rare week met Tess
Sjanger: Drama
Regissør: Steven Wouterlood
Skodespelarar: Sonny van Utteren, Josephine Arendsen, 
Noregspremiere: 30. august 2019

10 år gamle Sam (Sonny van Utteren) veit at som den yngste i familien vil han truleg døy sist, og dermed bli åleine. Løysninga hans på dette er å byrje med åleinetrening medan han og familien tilbringar ei veke på øya Terschelling. Kort tid etter Sam kom til øya møter han Tess (Josephine Arendsen). Møtet mellom dei to skulle vise seg å påverke liva deira i større grad enn fyrst forventa.

Filmen introduserer berre nokre få karakterar, dermed får sjåaren betre føresetnadar for å leggje merke til, samt fylgje, utviklinga i kvar enkelt karakter. Mykje av fokuset rettast mot Sam, kanskje så mykje at Tess si utvikling verkar nedprioritert og forhasta. Framleis får ein eit godt innblikk i korleis eit barn kan bli prega av ulike utfordringar.

Visuelt framstillast Terschelling som ein idyllisk feriestad. Stemninga er lystig, men pregast av små hendingar eller tankar med ei djupn dei færraste forventar frå denne typen film. Det var interessant å sjå ei slik type forteljing frå eit barns perspektiv. Det bidrog truleg til å skape den gode framstillinga av overgangen frå å vera eit uskuldig barn til å bli ein ungdom som i aukande grad blir bevisst på omverda. 

Temaa som blir tekne opp i filmen er venskap og einsemd, samt viktigheita i å skape minner med dei ein er glad i. Dei framstillast på ein slik måte at både vaksne og barn vil kunne kjenne seg att i det som går føre seg. Ved å vise temaa frå eit barns ståstad såg eg kor mykje barn eigentleg forstår, samt korleis ulike føresetnadar vil føre til ulike handteringsmetodar i møte med eit problem. Innblikket i viktigheita av venskap var noko eg kunne kjenne att frå eigne erfaringar, som gjorde filmopplevinga noko betre.

Dersom ein ynskjer å sjå eit godt skrive drama – med innslag av både vittigheit og djupn – vil eg seie at filmen er verd prisen på kinobilletten. 

Anmeldt av: Iselin Dahlen

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*