SAIH vil avkolonisere akadamia

Foto: Johann Schweder Grimstved / SAIH

Avkolonisering dreier seg blant annet om å anerkjenne at utdanningene våre primært gjør oss kunnskapsrike innenfor en helt bestemt geografi sk og historisk kontekst.“ – SAIH, En introduksjon til avkolonisering av akademia

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) har nyleg publisert eit hjelpedokument som dei kallar “En introduksjon til avkolonisering av Akademia”, som skal hjelpa studenter og akademikarar med å avkolonisera pensum og utdanninga dei går gjennom. SAIHs mål er at studentar skal kunne få betre tilgong til å møta kunnskap frå minoritetar, og frå fleire delar av verda enn det dei har i dag. Unikum har lest gjennom dokumentet so du slipper å gjere dette, og vidare sett litt på den historiske konteksten for konseptet avkolonisering for å gjere dette forståeleg for den alminnelege lesar.

Er det norske akademiske miljøet prega av koloniserte forståelser, akademikere, lærebøker og grunnlag?

Noreg er ikkje ein stat med lang historie med kolonisering av andre land (sett bort i frå som del av koloniherredømmet Danmark-Norge). Unntaket er Noreg, Sverige og Danmark sin koloniseringen av og seinare Noreg sine fornorskingsprossessar i Sápmi. Noreg er eit land som har hatt lite direkte innblanding i andre lands kriger, kolonisering av andre kontinenter, kulturer og landmasser. På andre side har Noreg kanskje ikkje vore blant dei verste i internasjonal samanheng, men me har vore brutale mot samar, kvenar og tatarar blant andre. Det var utbredt tvangssterilisering av desse folkeslaga til utpå 80 talet, og fornorskingspolitikken og liknande politikk i nabolanda våre tok knekken på fleire samiske språk. Av 12 samiske språk i det samiske kjerneområdet i Noreg, Sverige, Finland og Russland, er 3 alt utdøydd, og 8 kritisk utrydningstruga. Den siste arbeidsleiren for tatere blei stengt i 1989.

Eksisterer Noreg som eit land i eit vakuum, eller har andre kolonistatar og imperialistiske stormakter påvirka den norske og då spesielt norsk akademias forståing av historie, filosofi, kultur, litteratur og så vidare? Og henger i so tilfelle denne påvirkinga fortsatt igjen?

Aftenposten hadde eit par reportasjer for kort tid sida, i November utgåva av Aftenposten Historie, der dei gjekk gjennom litt av norsk forhold til slavedrift og salg av slavar, samt avisutdrag frå Verdens Gang når dei rapporterte på slaget ved “Wounded Knee” som me i dag veit var ein massakre utan like der dei innfødte amerikanarane ikkje gjorde stort med motstand, men blei skutt og massakrert med kanoner, der menn, kvinner og born blei myrda hensynslaust. Verdens Gang rapporterte om “morderisk ild fra Indianerne” som “anvendte al sin medfødte List og Behædnighed til det yderste” samt “Fra hvert Smuthul regnede kuler over de ulykkelige Soldater, og i haandgemeng brugte Indianerne sine Tomahawker og Skalperingsknive med utrolig Vildhed”. Knut Hamsun var i denne perioden ein av få norske forsvarere av dei innfødte amerikanarane, også dette forsvaret var farga av sin samtid. Det var nok ingen norske augevitne tilstade ved massakren, men dette viser litt kor påvirkeleg Noreg og norske synspunkt har vore for andre kolonistatar sine perspektiv.

Refleksjonsspørsmål
DINE PRIVILEGIER
  1. Hvilke privilegier har du, for eksempel i utdanning eller yrket ditt?
  2. Har du opplevd at hudfargen din har hatt betydning for eksempel i utdanningen eller yrkeslivet ditt?
  3. Hva kan være grunnen til at du har opplevd/ikke opplevd dette?
  4. Hvilke konkrete tiltak gjør du i din daglige praksis  for å være en alliert med kollegaer eller studenter som har færre privilegier eller opplever urettferdighet?

Heftet som SAIH har publisert er bygd opp i tvo delar, ein beskrivande del som går inn i dei materielle, historiske og teoretiske grunnlaga ein treng for å forstå akademia som noko kolonisert. For nokon kan desse historiene opplevast sterke og vonde. Del tvo handlar i større grad om det praktiske du som student eller akademikar kan forete deg for å bidra i prosessen med å avkolonisera akademia.

Det er ikkje skrivi som ein fasit, men meir som eit verktøy for dei som ynskjer å ta steg for å læra meir om kva eit kolonisert akademia kan tyda og korleis ein eventuelt kan endra på dette. Teksten går i dybde på mange konsepter som kan vere nye for mange og kjend for andre, slik som rasialisering, interseksjonalitet, og privilegier. Han beskriv korleis mykje forskning og fagretningers originale grunnlag var kvite menn med problematiske forhold til kvinner, urfolk og andre koloniserte folks deltaking i Akademia.

SAIH hevder at avkolonisering ikkje kun handlar om det å trekkja koloniherrer utav kolonier. Kva er so avkolonialisering? SAIH definerer dette i heftet som: “Avkolonisering innebærer å bryte ned strukturer, lover og forestillinger som koloniseringsprosesser har skapt, og som fortsatt er virksomme i å frata koloniserte folk framtidsutsikter, menneskelighet og myndighet.”

Verktøyet gjev grunnleggjande innsikt i norsk kolonihistorie vedrørande samane, kvener, fi nner og tatarar, og korleis norsk akademia har vore med og laga eit grunnlag for å undergrava samisk sjølvråderett over eigen kulturell praksis, spesielt med tanke på reindrift. Samt ei kort historisk innføring i kolonialitet i forskning og utdanning.

Dokumentet meiner at arbeidet som må gjeres for å avkolonisera det akademiske arbeidet må utøvast interseksjonelt, altså at det legg til grunn eit perspektiv som forsøker å forstå hudfarge, seksualitet, etnisitet, klasse, funksjonsevne og meir for å få eit meir totalt overblikk over einkver situasjon og korleis dei opplevast; gitt at utfordringene opplevast forskjellig basert på gruppetilhørighet som ikkje naudsynleg alltid berre gjeld enkeltgrupper.

Ei av hovudproblemstillingene som blir framstilt er konseptet “Eurosentrisme”. SAIH skriv at i den eurosentriske forskninga bærer det preg av at ein universaliserer kunnskap som blir produsert i dei vestlege samfunna. Kunnskapen skapt i vestlege samfunn vert deretter sett på som relevant og gjeldende i alle tilfeller verda over. Dei skriv også at kunnskap skapt andre stader kan bli tolka som å ha mindre gyldigheit til konteksten han er skapt i. Det framstillast at eit viktig reiskap for å få til dette har vore det at forskningslitteraturen praktiserar det dei kallar “gudeblikk” som usynleggjer den sosiale, geografi ske og historiske konteksten for forskninga og forskarens ståstad.

I ein case som er skrivi av det Samiske Studentsamfunn i Trondheim (Saemien Studeenth Tråantesne – SST) so snakkar dei om korleis fornorskingsprosessane hadde som mål å utviska og usynleggjere det samiske. For dei handlar avkolonisering av akademia om å synleggjere og fremja det samiske. “Det er behov for både samisk kunnskap og kunnskap om det samiske” skriv case-forfattarane frå SST.

Refleksjonsspørsmål
HVORDAN PÅVIRKES VI AV POSISJONALITET OG ERFARINGER?
  1. Hvordan har de erfaringene jeg har gjort meg som menneske, på og utenfor universitetet, påvirket hvilke spørsmål jeg interesserer meg for?
  2. Hvilke problemstillinger har jeg vært nødt til å tenke på, og hvilke har jeg kunnet velge bort? (Her kan du særlig tenke på problemstillinger knyttet til utenforskap, diskriminering, sexisme og rasisme.)
  3. Hvilke rolle spiller det livet jeg lever for forskningen og undervisningen min?
  4. Hvordan er jeg påvirket av erfaringer med å være i henholdsvis minoritets- eller privilegerte posisjoner i samfunnet?
  5. I møtet med akademiske tekster kan du spørre: Hvorfor undersøker hen dette problemet? I hvilken kontekst? Med hvilke teoretiske og erfaringsbaserte kunnskaper? Hva kan påvirke hen i fremstillingen av denne saken?

I andre del av dokumentet stellast mange spørsmål, som har som formål å stimulera debatt, gjennomtenking og refleksjon over eins eigen posisjon i forhold til kolonisert forsking og forståing. Det framkjem ein rekke nye caser, samt ein del verktøy og refl eksjonsspørsmål både til bruk av lærarar og studenter, for å skapa debatt og omtanke i kommunikasjon, for å sjå på normer frå nye stader og på nye måter, og vere seg bevisst på eventuelle hersketeknikker og liknande som ein anten gjer sjølv eller som blir gjort av andre. Dette handlar om å begrensa usynleggjering, gjere klasserom og det å vere til stade i eit miljø tryggare for dei som deltek, og gi rom for fleire stemmer enn kun dei som har same bakgrunn.

Totalt sett framstillast dokumentet som eit slags manifest for dei som dokumentet er laga for. Dei som alt forstår ein del av bodskapen, eller som er villig til å tenkja utanfor det dei er vand med å læra. Det framstår som eit velbygd, velforklart dokument med klare defi nisjoner og mål, men det gjenstår nokre spørsmål. Kva er planen vidare? Skal dette dokumentet stå for seg sjølv og kun for dei som er interessert i arbeidet, eller skal SAIH ta tak i arbeidet vidare på campus etter campus?

Tekst: Kristoffer Liland

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*