Kommentar: Regjeringas (og Stortingets) dobbeltmoral

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim (H)

Som følgje av koronaviruset COVID-19 har den norske regjeringa i samarbeid med Stortinget opparbeida ein serie med krisepakker til næringsliv og arbeidsfolk. Det er mange som har fått med seg at studentar blir sett på som ei gruppe utanfor dette.

Studentar har per dags dato so og si ingen rettar i NAV-systemet. Verken økonomisk naudhjelp, sosialhjelp eller dagpengar er tilgjengelege for studentar. Unntaket er AAP for dei som er for sjuke til å arbeida eller studera fulltid der studier kan vere eit arbeidsavklaringstiltak.

I debatten i det siste har det vore snakk om dagpengar, spesifikt. Regjeringa utvida muligheten for arbeidsfolk til å kunne motta dagpenger på inntekt ned til 75000 kroner frå originalt 2G (statens grunnbeløp, 1G er 99858 kroner). Det har vore lange diskusjonar på Stortinget og i samfunnet generelt om å opne opp for at studentar som har arbeida og som no mister inntekt også skulle kunne motta dagpenger på tapt inntekt.

Dette blei det diverre ingenting av. Regjeringa valte heller å innføra eit utvida stipend og lån til dei som har tapt inntekt, på skarve 26000 kroner (som skal vere den gjennomsnittlege ekstrainntekten til studentane) der 35% av det er stipend, og 65% er nytt lån. Altså at studentar som jobbar og betalar skatt må betala tilbake endå meir lån fordi dei har fått tapt inntekt, mens arbeidsfolk får full utbetaling av lønn i 20 dagar og 62,5% av full inntekt, skattefinansiert, etter dette. Endå verre er det for dei som studerer som privatist, dei får verken dagpenger eller tilgong til det utvida stipendet. Samtidig er også deltidsstudentane utsatt då dei også er ekskludert frå NAV-systemet og har endå mindre stipend og lån å rutte med. For å strø salt i såret på studentane som ikkje får tilgong til dagpenger men må ta ekstra lån so har regjeringa valt å gjere det mogleg for permitterte arbeidsfolk som mottek dagpenger å studera.

Smak litt på den. Studentar som jobbar og blir permittert får ikkje dagpenger. Arbeidsfolk som blir permittert og får dagpenger får studera. SV og Arbeiderpartiet feira i mediene at studentane får utvida stipend.

Meir kvalmande dobbeltmoral frå våre beslutningstakere i alle politiske retninger skal me måtte sjå langt etter.

Når skal studentar også blitt sett på som arbeidsfolk?

Tekst: Kristoffer Liland

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*