Norsk studentorganisasjons (NSO) «Studentvettreglar»

Arbeidsutvalget NSO 2020/21. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

Vyrde nye student, velkomen til studiet ditt! Det er nok nokon ting du har høyrt før du starta på studiet ditt, som du vil innsjå etter kvart vert sanning.

Å kome på campus der alt er er heilt ukjend er ikkje enkelt. Å utforske campus er gøy, heilt til du skal på di fyrste førelesing, og timeplanen ber deg møte opp på rom ATR1-11. Lite veit du at det er det ellevte rommet i fyrste etasje, på høgre side. Etterkvart går det seg likevel til, og du kjenner snart campus betre enn din eigen hybel. På det tidspunktet veit du å utnytte at dei nye studentane er like rådville som du var, og har dermed sikra deg “sweetspotten” på campus. Her vil du bruke mange timar.

I laupet av semesteret, kanskje allereie fyrste veka, vil du treffe på folk på stand. Med gyv og engasjement du aldri har sett liknande til kan det bli overvelmande og litt irriterande å bli avbrutt på veg til ATR1-11. Likevel seier eigen erfaring at du plutseleg er den som står der neste år, med det same engarsjementet. Å få “plage” nye studentar på stand er noko av det som gjorde studietida mi så bra som den har vært til nå. Gjennom å seie ja til den studentforeninga, eller -organisasjonen som står på stand, og engasjere deg der, opnar det dører som vil gjere studietida di til meir enn berre lange netter med skippertak. Eg kan ikkje anbefale deg kvar du bør bli med, men eg kan garantere deg at det finnast noko for alle.

Det kanskje mest utfordrande som ventar deg er det sagnomsuste studentbudsjettet. Korleis kan ein både ha den beste tida i livet, men òg den økonomisk trangaste? Det krev førebuing. Sidan eg byrja på studiene har baguettane i kantina truleg ikkje blitt noko billegare. Eg har fleire gongar hatt ei veke med knekkebrød med eit konservativt lag tubeost for å heller kunne spandere på meg ein betre kveld med studiekameratane..

Medan leiga et opp studiestøtta di, bør du altså bli god på matpakkar og store middagar du kan fryse. I mellomtida skal me i Norsk Studentorganisjon stå på barrikadane, og gjere vårt for å ordne deg ei studiestøtte som ein kan kalle bærekraftig. Det er altså ikkje mykje å grue seg til. Studietida er til for å ta sjansar, danne nettverk, få nye interesser, og nokon vil òg meine at de er ein fordel å gjere det godt på eksamenane dine. Er du som meg, er det framleis mange spørsmål kring studiestarten din. Det beste tipset er at det alltid er folk som vil hjelpe deg. Spør fadderar, ta kontakt med studentorganisasjonen eller – demokratiet ditt, spør ein førelesar eller andre på utdanningsinstitusjonen din. I tillegg legg eg ved ni enkle punkt ein følgje etter oppskrift frå ei kjend remse med tips.

Lukke til med studiene dine, og gjer det beste ut av studietida – engasjer deg!

“Studentvettreglane”

  1. Legg ikkje ut på eksamen utan førebuing
  2. Meld frå korleis det går – hugs psyken
  3. Vis respekt for medstudentar og førelesarar
  4. Ver rusta mot skrivesperre og kalde lesesalar Ha alltid med ryggsekk og det utstyret
    studiet krev
  5. Lytt til erfarne studentar
  6. Bruk markeringstusj og notatblokk
  7. Studer ikkje åleine
  8. Bytt studie i tide – det er inga skam å snu
  9. Spar på kreftene, sjekk Netflix

 

Tekst: Norsk studentorganisasjon (NSO)

1 Trackback / Pingback

  1. 5 tips fra en avdanket student – Unikum

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*