To-retters på studentbudsjett

Foto: Ingrid Krossbakken

Ovnsbaka laks med pesto  

I følge Helsedirektoratet sine anbefalingar bør ein ete fisk til middag to til tre gonger i veka, der halvparten av fisken bør vere fet-fisk som laks, ørret eller makrell. Med utgangspunkt i anbefalingane passer denne oppskrifta perfekt inn, som både sunn, rask, enkel og billig! Middagen er ferdig på ca. 30 minutt. 

Ingrediensar:  

Laksefilet (ein filet per porsjon) 

Pesto  

Grønsaker som brokkoli, gulrøter eller andre du likar.  

1-2 ss olje  

Salt og pepper  

Slik gjer du:  

  1. Legg laksefileten på ein bakepapirdekt steikeplate eller eldfast form.
  2. Smør eit godt lag med pesto på laksen.
  3. Kutt grønsaker i biter og legg saman med laksen.
  4. Hell over litt olje over grønsakane og krydre med salt og pepper 
  5. Steik laksen og grønsakane på 200 grader i 15-20 minutt. 

Tips: kjøp fryst fisk, den er billigare og ein får ofte meir fisk for pengane. Ein treng ikkje tine laksen før ein steiker den i denne oppskrifta, berre steik den i 5 min ekstra og følg med i ovnen.  

 

Smuldrepai med skogsbær  

Seinsommaren er tida for å ta med seg bøtter og spann ut i skogen, og sanke gratis godsaker i form av bær! På denne måten får du også ein super oversikt over fine turområder nær deg eller UiA.  

Tips til plukkeområder/turområder:  

  • Baneheia er det næraste turområdet til Kristiansand sentrum, berre nokon få minutts gange nord-vest for bykjernen.  
  • Jegersberg ligg rett ved UiA campus Kristiansand, med inngang til turområdet ved f.eks Hokus Pokus barnehage.  

Ingrediensar: 

400g blåbær (plukka sjølv/kjøpt fryst i butikken) 

3 ss sukker  

1 dl havregryn  

1 dl hvetemel 

60g kaldt smør 

Slik gjer du: 

  1. Bland havregryn, hvetemel, kaldt smør og 2 ss sukker i ein bolle. Bruk gjerne hendene til å blande deigen til ein laus, grynete masse.
  2. Legg blåbæra i ein eldfast form og bland inn 1 ss sukker.
  3. Strø deigen over blåbæra.
  4. Steik paien på 200 grader i ca 25 minutt, til deigen blir litt gylden. 

Server gjerne med is eller vaniljekesam. Ein kan også bruke andre bær enn blåbær, bruk det du finn i skog og mark! 

 

Tekst: Ingrid Krossbakken 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*