Nye avfallsstasjonar på campus Kristiansand

Foto: STA

Ein grønn gladnyheit!

Forhåpentligvis har fleire av dykk allereie lagt merke til våre nye, flotte avfallsstasjonar. Dei er
utsmykka med store logoar i fargar som syner dykk kvar søppelet skal kastast. Ja, det er lov å hate litt
på at alle kvite søppeldunkar er vekke, og at du potensielt må gå litt lenger for å kaste avfallet ditt.
Men til gjengjeld er dette ditt lille bidrag til kloden vår, dermed kan du ha eit snev mindre dårlig
samvit for all den plastikken du ellers bruke. Eller at du kanskje skulle ha ete mindre kjøtt.

Men no som desse avfallsstasjonane er kome på plass, gjenstår sjølve arbeidet. Spørsmålet er om vi
studentar kan bruke dei riktig. Ja, eg stussa sjølv over kvar eg skulle hive posen eg kjøpe mine deilige
skillingsbollar i. Det gråe papiret er papir, medan det er jo plastikk på og jo…? Ja, det kjem til å vere
nokre utfordringar i starten. Eg kan tipse om at google kan vere eit fint redskap for å finne ut kvar
ting skal kastast. Eventuelt er du som student alltid velkommen for ein kaffi på STA-bygget, der vi
saman kan diskutere oss fram til ei løysing på kvar papiret skal.

Campus Grimstad har allereie hatt desse avfallsstasjonane over lengre tid, og campus Kristiansand
bør no bli like gode som nabocampuset til å sortere. Det er snakk om 80 avfallsstasjonar som er blitt
plassert ut, dermed skal du forhåpentligvis finne dei og. Avfallsstasjonen inneheld både matavfall,
restavfall, plastikk, El-avfall, glas/metall og papp.

Og med dette oppmoda eg alle studentar til å nytte våre flotte, nye avfallsstasjonar. Sorter riktig, og
spør ein medstudent om hjelp om det skulle vere tvil kor kaffikoppen skal. Eg blir glad, reinhaldarane
blir glade, kloden blir glad.

Og forresten? Er det eigentleg hensikt å kjeldesortere? JA! I følgje Sorterer.no begrense vi uttaket av
naturressursar ved å bruke råmaterialer på nytt. Dette sikrar at naturressursar som allereie er tatt ut,
får lenger levetid. Dermed kan vi hente ut mindre av kloden sine ressursar.

Skreve av: Linda-Marie Leirpoll, Nestleiar i STA.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*