Oppskrift: vegetar tikka masala

Mange kan føle at det er vanskeleg å oppfylle Helsedirektoratet sin anbefaling om 5 om dagen, altså 500 gram frukt og grønsaker om dagen. Ein god måte å få inn litt ekstra grønsaker i kosthaldet er gjennom middagen. I denne oppskrifta har ein valt å dra det heilt ut og byte ut kjøttet med litt ekstra grønt. Middagen passer derfor supert til neste gong du skal ha kjøttfri måndag, som gjer godt for både helsa og miljøet. 

Ingrediensar:  

1 blomkål 

2 gulrøter  

1 boks kikertar  

3 stk vårlauk / ½ løk 

2 fedd kvitlauk 

Olje til steiking 

1 boks hakka tomatar  

1 boks kokosmjølk (2,5dl) 

½ grønsaksbuljongterning  

Koriander (kan sløyfast) 

Krydder:  

1,5 ss garam masala  

1 ts malt koriander krydder 

1 ts spisskummen 

1 ts paprika krydder  

Salt  

Peppar  

Slik gjer du:  

  1. Skyl kikertane, del blomkålen i bukettar, kutt vårlauk og gulrøtene i skiver og finhakk kvitlauken.  
  2. Steik vårlauk, gulrøter og kvitlauk i litt olje, saman med kryddera. (tips: bruk ein kjele eller ein steikepanne med høg kant).
  3. Ha deretter i blomkål og steik eit par minutt til. 
  4. Rør så inn hakka tomatar og kokosmjølk, i tillegg til grønsaksbuljongterningen.  
  5. La det heile koke i ca. 15 min til blomkålen og gulrøtene er møre. 
  6. Rør til slutt inn kikertane og smak til med salt og peppar. (tips: buljong inneheld ofte mykje salt, det er derfor ikkje alltid nødvendig å salte ekstra). 
  7. Server retten med ris og koriander. 

Tekst: Ingrid Krossbakken 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*